Gå til innhald

Sundagen har gått

oktober 27, 2013

image

Sundagen har gått fort, slik sundagar gjerne gjer. Dagen har vore fin. Sidan natta av klokkemessige grunnar vart ein time lenger, fekk me til og med starta dagen i anstendig tid med kaffi, jus, ost og knekkebrød. Det vart sjølvsagt tilsvarande tidleg mørkt, og plutseleg kjendest det at me er inne i vinterhalvåret. I mitt hovud har me to hovudårstider, sommar og vinter, medan dei to andre er overgangane. På skulen lærer me ungane at det er fire like lange årstider med tre månadar i kvar. I følge den inndelinga, er me nå snart ved enden av dei to første haustmånadane og har ein til i vente før vinteren kjem.

Det var koseleg å tenna dei levande lysa i lysekrona og å tenna lys på middagsbordet medan mørket pakka seg rundt huset vårt. Eg har prøvd å skriva ein julesong som skal brukast til noko spesielt, men har ikkje heilt fått dreisen på det, eg får la ideane mognast litt, så får me sjå om det løsnar. Eg tenkte bare eg ville innom her med eit lite ord for kvelden, det er jo alltid spennande, i alle fall for meg, å sjå kva som er det neste i diktbokhylla mi. Det er nesten som å opna ei luke i ein veldig stor adventkalendar med veldig mange luker. Dagens lyrikar heiter Jo Eggen, og for dei som måtte hugsa så langt tilbake at dei har slike referansar, så er han ikkje skiløpartvillingen til Gjermund Eggen. Så vidt eg veit er han ikkje ein nær slekting av Torgrim Eggen heller, men på det området kan eg ta feil.  Boka som ligg ved sida av meg her på skrivebordet heiter «Eksildikt: idyller», og er komen ut på Gyldendal i 1990- Eg vil med dette servera idyll nr 14.

Ikke katedralens
gull og kalk
Men den allminnelige appelsinen
Bak det oransje skallet
gjømmer den en verden
som tilfredsstiller tørsten
Men skallet har også
ei hvit bakside

Jo Eggen

Eg har endeleg fått lagt over alle nummera mine til den nye telefonen, det tok meg lang tid, for eg håpa å finna ein snarveg. Til slutt vart eg lei av å ikkje ha kontaktane mine på plass, og la dei inn eit og eit. Som så mykje anna var det eit større arbeid i tankane på førehand enn det viste seg å vera å faktisk gjera det… Slik er det med mange ting.

Heidi

image

From → haust, Poesi, vinter

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: