Gå til innhald

Livet som blei borte

oktober 27, 2013

tvillingvogn

Me har brukt denne føremiddagen og til å gjera ferdig boka vår, og nå trur eg at me sånn omtrent har lagt siste handa på verket. For å finna akkurat dei fotografia me treng har me gått gjennom store mengdar av foto me har liggjande på datamaskinen. Både det og tekstane lagar små sentimentale sår av vemod over alt som har skjedd og alt som har forsvunne. Det fekk meg til å tenkja på Kari Bremnes sin song om «Livet som blei borte.» Her er teksten.

*

Ho Rita jamra over at ho hadde mista sitt liv
Ho hengte det i garderoben
tel en cover charge som va uhyre stiv
Ho trudde det hang trygt der
skulle bare inn og se
men da ho kom tebake
etter antall tima var det borte

Kem har tatt det, sir ho Rita,
kem har gjort det?

– Her får æ tebake et heilt anna skinn
enn det æ leverte inn
og alt garderobedama kan si
e at her må vi regne med svinn
og med flekka og flenge
Men ho Rita kan ikkje forstå
at ho har vært borte så lenge

Ho Laila forsøke å hjelpe
hente alt som hentes kan
hente såpe, hente vann
hente og en leken mann
Ingen effekt
Ho Rita e minst like knekt

Peike på alle de tilpassa livan
som farte forbi og sir: SE!

Sånn va det livet æ hadde
før dette fikk skje

Da e det ho Laila får bud
om at lebestiftfargen
ho alltid har brukt e gått ut

Nu går de som to vandrersker på skift
Rita etter livet sitt,
Laila etter lebestift

Rita sir at livet va
så reint og uten flenge

sir at da ho hang det fra sæ
va ho ikkje borte lenge

Men det va ho.

Kari Bremnes

Og innimellom versa syng dei  «Ååååå, livet som blei borte». Det er sikkert fleire enn meg som høyrer det for seg, sjølv om eg ikkje fann han på youtube slik at eg kunne leggja ut heile pakken. For litt sidan såg eg eit veldig fint dokumentarprogram om Kari Bremnes, der ho mellom anna snakka ope om den alvorlege kreftsjukdomen ho fekk for ganske mange år sidan, og som framleis låg i kroppen hennar, men heldigvis i dvale. Ho er ein artist og eit menneske eg har veldig sansen for. Eg likar både stemmen hennar og dei modige tekstane.

Eit av motiva i eit av roma i boka mi, «Det store romet», går nettopp på kunsten å ikkje gløyma å leva, men samtidig å ikkje klora seg så fast til fortid og nåtid at det blir krampaktig. For meg er det eit slags ideal å roleg stå midt i livet og ta i mot tida som kjem, men av og til er det ikkje så lett som det høyrest ut som. Av og til saknar eg veldig den tida som har gått, og har nesten lyst til å slå murar om meg for at den tida som er her akkurat nå skal forsvinna den og. Det veit eg jo at ho gjer og at det er slik det må vera. Og eg veit at eg har sagt at eg ikkje skal masa meir om liv og død og om den nye boka mi. Nå gjorde eg det viss likevel. Slik er det med det ein står midt oppi, det er det som boblar fram når ein bare skriv på lyst, innfall og intuisjon slik eg gjer det her på bloggen.

Ein annan ting som eg vart usikker på om eg har skrive før, er nokre tankar eg har henta frå boka til Charles Ringma som eg les akkurat nå. Om det å søkja til det stille romet inne i ein sjølv. Hovudhensikten med å vera der er ikkje først og fremst å finna fred til eiga sjel, men å finna noko viktig der som du kan treng i møte med andre menneske og i møte med livet. Dette fordi me er mange som skal leva saman og gje kvarandre lys og oppmuntring, då treng me tilgang til kjelder der me har noko meir å tilføra andre enn det det blir ropt høgast om til ei kvar tid, og som me ikkje kan unngå å høyra om me ikkje lever i munkecelle eller går med hørselsvern.

Helge Torvund skriv i eit dikt: Gå heim og kyss din kvardag. Det skal eg nesten gjera nå. Eg skal vera i heimen og kyssa min sundag, som takka vera at sommarhalvåret forsvann, plutseleg har fått ein time meir. Eg skal koka kjøttkaker med brun saus og erterstuing til dei av barna mine som bur nære nok til å koma heim og eta. Kanskje eg skal laga den gode kaka eg fekk oppskrift på av mor til Oddvar? Eg skal tenna lys, vaska golva eg ikkje fekk vaska i går og kanskje skriva litt. Kanskje eg rekk ein tur med husvennen Oscar og? i går gjekk me ein fin hausttur eg og han. Det gjorde godt i litt stive ryggmusklar etter all skrivinga.

Ha ein velsigna sundag alle saman.

(Og dersom nokon stussar på den merkelege layouten på innlegget, så anar eg faktisk ikkje korfor det har blitt sånn… )

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: