Skip to content

Fugl

oktober 29, 2013

pelikanar Nags End

Dette pelikanbiletet teke på Nags Head ytterst på austkysten av USA i fjor sommar, er eit av bileta me har henta fram for å bruka i boka vår. Opplevinga av store pelikanflokkar som flaug rett over hovuda våre og bølgene som braut så hardt mot land at det nesten var farleg å bada, står for meg som nesten magisk. I dag var me på biblioteket på Bryne med halve første trinnet. Der las eg ei nydeleg biletbok for elevane om jenta som hadde eit sterkt ynskje om å bli ein fugl, og til slutt fekk ho ynskjer sitt oppfylt. I eit tre i hagen sit bestefaren med tårer i auga og gleder seg til våren, for då kjem ho heim saman med trekkfuglane. Boka heiter «Fugl» og er laga an Lisa Auisato N´jie Solberg, og er trist, sår, vakker og poetisk på same tid. Den same forfattaren kom for nokre år sidan ut med boka «Odd er et egg», som eg og straks fekk stor sans for. Gode biletbøker er noko av det vakraste eg veit.  Eg har eit sterkt ynskje om å laga ei ein dag. Eg fann litt meir om boka «Fugl» for dei som er meir interesserte:  http://www.barnebokkritikk.no/fri-som-fuglen/#.UnAYaiRQH9U og http://www.barnebokkritikk.no/fri-som-fuglen/#.UnAYaiRQH9U

Tysdagar er den dagen eg verkeleg får årøvd ut krefter. Først er det utedag og langdag med førsteklasse, og så er det nesten rett på den gruppa eg har i skapande skriving i kulturskulen. Det å ha ansvaret for ei gruppe med skrivande barn og ungdomar er veldig fint, men når eg kjem heim er eg av og til bortimot heilt utlada. Litt oppdatering av bloggen fekk det likevel bli, og Jo Eggen er framleis lyrikaren denne veka. I dag er mor vellukka operert for vond hofte nummer to. Det er godt det er over, og godt at smertene hennar forhåpentlegvis vil forsvinna litt etter litt nå framover. I morgon ettermiddag og kveld skal me inn på universitetet for å sjå klassen til Ingrid spela barneteater. Ho studerer drama dette halvåret og gruppa hennar har laga ein ganske eksperimentell variant av Madicken. Eg gler meg veldig til å sjå. Eg trur og at me får ein førsteversjon av bokmanuset vårt til gjennomsyn frå layoutkonsulenten. Det blir spennande det og. Nå skal Jo Eggen få ordet før det blir ein tidleg kveld.

Trammen

Det er av avgjørende betydning
å sitte på trammen
der den røde malinga biter i graset
å høre det vi hører
når midten er borte
å høre sorgen midt i sola.

Jo Eggen

valmuer

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: