Skip to content

Luke 23 -2013

desember 23, 2013

Sunniva i regn lille julafta

Her i Rogaland har me hatt regn i dag, og utpå kvelden drog det seg til med storm i tillegg. Det bles så pass at det kvein i veggene og rista i rutene. Dei som var ute og kjørde sa at vinden tok gode tak i bilen på slettene. Eg og Sunniva kom oss likevel inn til Stavanger, og fotografen min slo følge for å fotografera byen i regn på «litla julaftå». Det var eit ganske høgt tempo, og mange menneske som på same måten som oss hadde nokre » i siste-liten-ærend som det hasta med». Me hadde likevel ein koseleg føremiddag i lag. Me hadde planar om å eta lunsj på einn kafé sidan me var i byen og det var nesten jul, men det var ikkje heilt lett å finna eit ledig kafébord. Til slutt fann me likevel ein liten italiensk kafé der det var plass til oss, og me koste oss med ciabatabrød med kylling og pesto og med tomat og mozarella. Eg har tenkt i mange veker på ein song eg har lyst til å skriva «Julekveld i regn», eg har handlinga i hovudet, men har ikkje hatt tid til å skriva han endå.

jul i regn. indiska

Det var godt å koma inn i eit tørt hus, og å fyra i omnen og få opp god varme. Eg har brukt ettermiddagen til å gjera ferdig heimelaga gavar, pakka inn gavar og laga kjøttkaker. Eldsteguten har «kome heim på juleferie», det er koseleg. Arne og Hilde stakk innom i ruskeveret og drakk te saman med oss. Dei andre har spelt trivial pursuit medan eg har pleia rollen som travelt damemenneske kvelden før kvelden. Eg ler litt av desse rituala me liksom må igjennom før me synest det blir jul, og i det eg skriv kjem eg på at eg gløymde å kjøpa sølvpuss. Det er sikkert like greitt, og å vaska vindu i regnver og storm ville då vera reine galskapen.

Eg var innom kyrkja og rydda med meg eit halvt flyttelass etter adventgudstenesten vår. Mellom anna fann eg ein stor pose med batteridrivne Lucialys og kvite skjorter. Eg pirka møysommeleg ut eit og eit batteri av lysa, for det hadde nokon sagt at eg måtte gjera, og eg har plassert dei på skulen. Vel heime fekk eg den smånevrotiske tanken at eg kan ha teke ein pose som ikkje er vår, som nokon hadde plassert der i anledning ein lysprosesjon på julafta. Eg grøsser ved tanken og sender ut melding til kolleger, for visst var det ein svart pose som stod i gangen nede som var vår?

Framleis må forskjellig ordnast, så eg stoppar med dette. Snart er det god jul på skikkeleg.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: