Gå til innhald

Orrestranda i januar

januar 19, 2014

bølge i vind

Me pakkar oss inn i fleire lag med ull og vindtette klede, og reiser ned til stranda i håp om å få nokre fine stormbilete. Stormen har løya, og det mest dramatiske er stranda mest ikkje er til å kjenna att. Alt av laus sand er blese vekk, og stranda er hardpakka, til dels frosen, våt sand med stubbar av siv og marehalm stikkande opp. Linja ved sanddynene er delvis som skoren med kniv, sjøen har tydelegvis gått heilt opp til sanddynene. Framleis går sjøen lengre opp enn vanleg, og stranda som vanlegvis er brei, mjuk og sandete er nå smal, hardpakka og heilt plan. Det kjennest nesten som å gå på havbotnen, og ein ventar nesten på at ei stor bølgje skal skylja inn over oss som er modige nok til å gå der. Det er frålandsvind slik at bølgjene som slår mot land møter vinden og nesten blir slått litt tilbake. Havet er stort, kaldt og flaskegrønt, og steinane i strandkanten er delvis frosne.

is på stein

Eg blir heilt mållaus over kor fint det er her. For ein fantastisk natur me har på Jæren.

Stein i sjø

På Vig-stranda er nokon på tur med to travhestar. Kuskane er godt pakka inne, og hestemana flaksar med vinden.

hest på strand

Det skumrar og eit gullskjær på den djupblå himmelen speglar seg i vatnet frå bølgeskvulpa som har lagt seg på stranda, der ein måke finn det for godt å landa.

måke på strand

Det er mykje ver her, det skal ingen ta i frå oss, men visst har me det fint?

(Foto Leif Harboe)

Heidi

2 kommentarar
  1. Så vackra bilder!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: