Skip to content

Happy?

januar 19, 2014

image

I går såg eg og Leif ein amerikansk dokumentar som heitte «Happy», som handla om kva som viste seg å gjera folk lukkelege. Etter å ha brukt masse ressurser på å forska på kva som utløyser depresjonar, var det nokon som hadde kome på at det ville vera interessant å forska på «happiness». Kva gjer folk glade og lukkelege. Fleire hadde hive seg på bølga, og nokre universitet gav til og med timar i «happiness». Heilt som ein litt fordomsfullt kunne forventa, så gjekk veldig mange amerikanar ut i frå at det å vera lukkeleg hadde med pengar og suksess å gjera…

Dei meiner faktisk at evna til å gleda seg til ei viss grad er genetisk betinga. Forskarane meinte at heile femti prosent av våre evner til å gle oss er genetisk betinga. Det som då må vera godt nytt er at dei andre femti prosenta er det mogleg å gjera noko med. Forskning viser at det som først og gjer menneske lukkelege er ikkje at dei er rike, friske, vakre og vellukka. Det som gjer folk lukkelege er at dei har nokon å vera i lag med, eit felleskap der dei kan gje og få, og at dei har kjensla av å bidra med noko som kan gjera livet til ein betre plass for andre menneske. Det ser altså ut som om gamle Arnulf Øverland var inne på noko, sjølv om han ikkje kjende til nyare amerikansk forskning.

I dag var eg i kyrkja. Det vart snakk om at det er blitt forska på kva som får eit menneske til å velgja seg ei kristen forsamling å høyra til. Unge menneske vart spurde: «Kva er det du kan få av denne forsamlinga som gjer at du fortset å koma hit. Ein ung mann svara utypisk nok: «Det er at dei har bruk for meg her. Eg treng ei forsamling å gje meg til, ikkje ei forsamling å få noko av.

I dag las eg i boka til Charles Ringma. Han stiller følgende diagnose på moderne menighetsarbeid:

«Vi har erstattet anger og bot med velsignelse.
Vi har erstattet disippelskap med glede.
Vi har erstattet tjenersjap med makt.
Vi har erstattet sårbarhet med forutsigbarhet.
Vi har erstattet det å være søkende med det å få suksess.»

I tida me lever i har me lett for å tru at me har rett til å stilla same spørsmålet som i songen: «What`s in it for me?» Ein alternativ måte å tenkja på er å tenkja: «Kor kan eg gå hen med alt eg har av kjærleik, varme og erfaring for å gjera ein forskjell?»

Dette var nå sundagstankar som eg hadde behov for å skriva ned. Om ikkje anna, så for å minna meg sjølv på det…

Og biletet over teksten? Det er ei sjølvlaga julegåve frå Ingrid. Eit Salvador Dali- fat, laga på på Kunst og handverksavdelinga på universitetet. Er det ikkje fint, vel?

Heidi

5 kommentarar
  1. spennande om kva som gjer ein lukkeleg.

  2. … at det er spennande å filosofera over desse tinga, meiner eg 🙂

  3. Jättefint. Både texten och fatet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: