Skip to content

Ute mellom ulvar

januar 20, 2014

Rødhette

Etter ein lang fin dag som vart avslutta med fire venninner på fiskesuppe om kvelden, har eg nå rydda kjøkkenet, vaska håret og skal nå gå gjennom brødrene Grimm sin versjon av eventyret om Rødhette ein siste gong før eg legg meg. Dette er eit eventyr som går att i mange land, og eg har og lese Perrault sin franske versjon, som går for å kanskje vera meir opprinneleg. I denne varianten tek Rødhette av seg kleda og hoppar opp i senga til bestemor, som viser seg å vera ulven. I denne versjonen er det ikkje nok med at ho forundrar seg over bestemor sine store øyrer, store munn og store auge, ho blir og forskrekka over kor hårete legger bestemor har…

I den franske versjonen, som eg ikkje skal fortelja, blir Rødhette eten av ulven, og ingen jeger eller tømmerhoggar kjem forbi og bergar henne. Eventyret ender med ei moralpreike om at slik kan det gå med dumme jenter som ikkje høyrer på mor si, men som i staden let seg lokka på avvegar av ulvar og får si endelikt i forferding.

Hos brødrene Grimm går det heldigvis bra med Rødhette, og det er til og med ei lita forteljing på slutten der forteljaren fortel at ryktet seier at Rødhette ein gong seinar og møtte ein ulv, men ikkje let seg lura. I staden sette ho og bestemor fram ein stamp med vatn som bestemor hadde kokt pølser i, og ulven som stod på taket og prøvde å kome ned gjennom pipa, kjende pølselukt, strekte seg for langt ut frå kanten av taket, sklei ned og drukna i stampen.

Me har vel alle ei Rødhette i oss som ikkje alltid har nok respekt for ulvar? Eller er den tida forbi då små jenter bør advarast mot å spora av frå den beine vegen i dei store skogane? Eg elska eventyret om Rødhette då eg var lita, det høgt og utan atterhald. Det trur eg faktisk at seksåringane kjem til å gjera i morgon og.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: