Skip to content

Storm i kasta?

januar 23, 2014

image

Fatet frå Ingrid kan publiserast med ulike typar dekor, det som er litt synd er at resten av husfolket ikkje ser på det som dekor, men forsyner seg med godbitane så snart dei er på plass 😉

Eg sit nå her og tøyer tålmodet mitt, og i følge Martin Lönnebo er det ein erverdig sport å driva med. Med litt god hjelp har eg endeleg klart å få bileta frå mobilen min inn på skulen si heimeside. Det skulle ha blitt ein reportasje om hundredagarsfesten, men av ein eller annan grunn legg alle bileta seg på høgkant på heimesida same koss eg vrir og vender dei på førehand… Kanskje det er ein bagatell at lesarane må leggja hovuda sine i nittigraders vinkel kvar gong dei skal nyta eit bilete av sine søte små, i den grad me kan tillata oss å visa dei på internett, men eg vil rett og slett ikkje vera bekjent av å ha det slik… Eg finn det vel ut til slutt…

For sikkert meir enn eit halvt år sidan, fekk eg eit brev frå «Kirkesangforbundet» med invitasjon til å laga tekstar til kristne småbarnssongar i samband med ein konkurranse. Eg har hatt det i tankane heilt sidan då, men tankane kom aldri lenger. Ikkje før Anne Kristine spurde om eg hadde nokre tekstar, for ho ville gjerne laga melodiar. Ho gjorde meg samstundes merksam på at det var ei veke til innleveringsfristen. Det er noko rart med meg og deadlinar. Plutseleg kjende eg at det eg hadde lyst til her i verda var å laga slike tekstar, og i løpet av fire dagar har eg laga seks-sju små tekstar. Eg skulle sjølvsagt gjort det for lenge sidan, for nå har eg ikkje tid til å kvalitetssikra med edrueleg ettertanke, men det er faktisk framleis fire dagar til tidsfristen, så me får sjå om me to kreative damer får til eit produkt me torer å kjennast ved.

Heilt impulsivt har eg forresten meld meg på eit salmeseminar på Lysebu i mars. Eg kjende bare at det hadde eg veldig lyst til. Eg kjenner ikkje så veldig mange som er oppriktig interesserte i dette «fagfeltet», og dei to gongene eg har vore på liknande ting, synest eg at eg har fått stort utbytte av det. Sidan eg allereie skal på eit anna seminar i Oslo i mars, så får eg rett og slett reisa to helger på rad. Men som kjend er eg og NSB perlevenner, så det går sikkert fint.

I går var eg og Sunniva på Unge Spor- forestilling. Sunniva var jo med der i mange år, og sjølv om ho hadde sett forestillinga allereie, så takka ho ja til å lufta mor si litt og. Det er ei sann glede å få ha henne heime eit bonushalvår, heilt uavhengig av at ho er dotter mi, så er ho eit menneske eg set stor pris på å bruka tid i lag med. For tida er både ho og Halvard vikarar på skulen min. Det er litt surrealistisk å møta dei ved kaffimaskinen, i gangane og på personalromet, men til nå har det vore heilt problemfritt, heldigvis.

Framleis er vinden av det heftige slaget. Eg er sikker på at barn frå Jæren er meir eksponert for sterk vind i løpet av eit halvår enn mange andre barn er gjennom heile oppveksten. Eit gammalt ordtak seier at den dagen det er vindstille på Jæren bles det ikkje meir enn ei høne på sjøen. Av og til må ein setja opp band i skulegarden for å visa kor dei ikkje skal gå i tilfelle det bles takpanner av taka, og nokre gonger må me tenkja oss om om det er område der dei kan koma til å få eit rotvelta tre over seg, men stort sett så går det bra. Då eg som nittenåring flytta heimefrå sakna eg vinden. Det var liksom kjedeleg vindstille, ein skikkeleg storm røsker opp i sjela…

I min første jobb ein stad i Groruddalen vart me ein vintermorgon innkalde til morgoninformasjon på personalromet. Nokon hadde funne ut at me ikkje kunne senda ungane ut i «dette forferdelege veret,» dei måtte få leika inne i friminutta. Det komiske var at eg ikkje ein gong hadde tenkt på at det bles ute… Eg vart reint lattermild over kor dei la lista for kva ungar kunne tola av vind. Eg hugsar då eg sjølv var lita at me opna glidelåsen i jakkane, stilde oss opp der vinden fekk best tak, og haldt jakken ut som vengene på ei flaggermus for å sjå om vinden var sterk nok til at me kunne fly… Den einaste gevinsten av fysikkforsøket var skrubbsår på begge knea.

image

Framleis liker eg meg i grunnen i vinden… I alle fall dersom ein kan koma seg inn i eit varmt hus sånn litt etterkvart. Eg såg ein gong eit innslag med Bård Tufte Johansen og Harald Eia der dei lot ein kraftig støvsugar på utoverpust gjera ansikta til gamle damer glatte for å sjå om dei var «pene» då dei var unge. Kanskje noko å tenkja på…

Eg avsluttar med eit dikt skrive på hallingmål Av Anna Barbara Gamborg som handlar om nettopp vind.

Gamle-eika

Nakjin står ho no-
vyrdlaust fór vinden.
ikkji stritta ho imot:
no kan ho møte
vetrestormen
fri
og sterk.

Han veit ikkji
hu berga livet lell.

Anna Barbara Gamborg

Måtte alle tome bekymringar og all grunnlaus otte fyka vekk med vinden.

Heidi

2 kommentarar
  1. Vad gör man på ett psalmseminarium? Läser och analyserar befintliga psalmer eller skapar nya?

  2. Det kan vera ulile tema. Eg har ikkje vore med på at ein skriv nye salmar, men det ville ha vore veldig fint å prøva akkurat det ein gong. Dei seminara eg har vore med på har vore meir «historisk funderte». Denne gongen er temaet «Den dansk- norske salmetradisjonen.» Det er mange ulike foredrag knytta til temaet, og eg gler meg veldig.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: