Skip to content

Hoppande inn frå «Ingenstadifrå»

januar 24, 2014

image

Ingen dagar går så fort som fredagar. Den aller største nytinga ved ein fredag er kanksje å leggja seg torsdag kveld og vit at det ikkje er bruk for vekkarklokke neste morgon. I dag har eg jobba meir med barnesongar til «Ung kirkesang», og eg og Anne Kristine har samarbeida via mail, sms, telefonsamtalar og til slutt irl. Då ho ringte på døra mi hadde ho klar tre melodiar som eg likte veldig godt. Eg er imponert. Eg har klar fire tekstar til, men nå får me sjå kva me rekk med tidsfrist på måndag og mykje anna som og skal skje. Eg kan ikkje trykka tekstane her nå, sidan dei er til ein konkurranse, men kanskje eg legg dei ut seinare.

Eg pleier å seia at eg kan skriva kor tid som helst og ikkje er avhengig av såkalt inspirasjon, men eg må innrømma at det er ein fin følelse når tekstane bare kjem boblande opp frå ein eller annan plass eller hoppande inn i tankane frå tilsynelatande «Ingenstadifrå». Ein gong utpå dagen sende eg ut sms til ektemann, søner, døtrer, mor og far om at det ville blir servert kaffi med eit eller anna til klokka fem i stova vår. Alle saman kom, inkludert ein livsglad mops. Det er koseleg å samla folk litt spontant av og til. Det eg ikkje har rukke til nå, er å koma meg ut og gå, og med storm og stupande mørke utanfor døra, så trur eg det ender med at eg lovar meg sjølv ein skikkeleg tur i morgon i staden. Nå får me sjå kven som er dagens lyrikar, og kva vedkomande har å seia oss i dag…

Boka viser deg å vera skriva om Lars Roger Furnes og heiter «Hvit natthonning, -rød sang» Fin tittel! På omslaget er det ein narr som spelar tverrfløyte. Så langt alt bare vel, eg liker svært godt både narrar og tverrfløyter… Lars Roger Furnes veit eg ingenting om, men nå skal eg googla litt.

image

Det viser seg at han først og fremst er biletkunsntar. Han er fødd i 1948 i Ålesund og bur i Mandal. Omslagsbiletet er laga av han sjølv, og eg såg andre fine bilete han hadde laga på nettet. Nå har eg drive det me i skulen kallar «førlesing», og som visst nok er veldig viktig. Eg kjenner at eg er veldig klar for dikta hans, som eg har hatt i hylla i mange år utan å ha hatt tid til å lesa dei.

Og her kjem eit av dikta hans:

Den grå meksikanske
ullmåken sa hun
du kaller varmefuglen

forbi min mørke hage
og silkekuplenes hissighet

Sover mot kinnet
mitt i natt
der du står hos meg

bak døren i din verden
og fører dine
beskjeder over
i farger sa hun
I søvne noe sånt som
varmen fløy forbi
og hadde et lite nøste
i nebbet og smilte.

Lars Roger Furnes

Dikta hans har ganske sterke erotiske tonar og undertonar. Eg likte dei, og har lyst til å lesa meir. Nå er det «Nytt på nytt», og sushi som mannen i mitt liv har brakt til huset. Det spørs om det ikkje er litt om lærarane si arbeidstid i dag. Eg les i avisene at lærarane er rasande. Sjølv har eg vel forsåvidt adrenalinet under ganske god kontroll, men eg kan jo nevna at eg synest forslaget om ny arbeidstidsavtale for lærarar er ein heller dårleg idé. Men seine fredagskveldar skal vel lærarar sleppa å jobba, så nå er det som sagt strikketøy og fjernsyn på menyen.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: