Skip to content

Rennedrev

januar 25, 2014

rennedrev Bryne stasjon

Rennedrev, det mest særeigent jærske av alle vertypar? Biletet er teke ved Bryne stasjon ca klokka halv sju i kveld. Som de kan sjå: «Dæ blæse å fyge.»

Det starta i dag morges, eller kanskje det var slik i natt og? Desse bileta er frå i føremiddag:

Rennedrev morgon

vintermorgon Jæren

Eg og fotojournalisten min tenkte oss på reportasjetur til Stavanger, men me kom rett og slett ikkje lenger enn til Sandnes, vinden var så heftig i kasta, og vegen var så glatt at det rett og slett var ganskje heftig å halda bilen på plass på bilen. Det bles på Sandnes og i tilfelle nokon var i tvil…

seilbåt på Sandnes

Vinter Sandnes

Då me reiste heim att, auka det på med både vind og snø. Då det vart mørkt, var mørket rett og slett kvitt, eit ganske fascinerande syn.

billykter i Rennedrev

billykter i Rennedrev

Dramatisk som eg er, og ikkje minst jærbu som eg er, så må eg innrømma at eg liker slikt ver. I alle fall viss eg har ein plass å vera inne, og i alle fall viss eg slepp å kjøra bilen sjølv.

Heidi

One Comment
  1. Kom inn på sida via mobilen min, og såg til mi forskrekking at der låg reklame her. Det har eg ikkje sett før. Har de? Kanskje det dukkar opp fordi eg har så mange lesarar nå at blogspot meiner det er ei god investering? Trur eg har lese ein plass at ein kan betala for å sleppa å få reklame hit, må finna ut av det. Eg veit at mange bloggarar tener pengar på å ha reklame på sida si, men det har vore veldig langt frå mine intensjonar. Derimot trur eg som sagt at blogspot har rett til å leggja ut reklame dersom ein ikkje betalar for å reservera seg frå det, men eg har aldri sett det før. Kanskje alle utanom meg som er innlogga ser det? Eg grøssar ved tanken på kva eg kan ha reklamert for… 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: