Vennskap
Det skal bli ein tidleg kveld i ei forblåst gate i eit bokstaveleg talt stormfullt hjørne av verda. Me kom nettopp heim, og hadde me våga å lena oss langt nok framover, hadde me kanskje klart å fly. Min medvandrar hadde på seg kamuflasjefarga, slalombukse, ein undomeleg dynejakke nokon eingong må ha gløymt her og svart lue. Den yngste sonen kommenterte at han såg ut som om han var på veg til ein skulemassakre eller liknande. Eg var heilt einig, så han fekk ikkje lov å ta på seg finlandshetta si.
Det eg bare ville seia i kveld er at eg kjenner så fine folk. Vennene mine er dei beste i verda. Det vart alt for i dag. Nå må eg tenkja gjennom alt eg veit om Kvitebjørn kong Valemon, og så må eg prøva å få litt søvn;-)
Heidi
Kommenter innlegget