Eg og Per Spelemann, eller kanskje omvendt…
Den siste veka har vore stappfull med gjeremål Av og til kjem alle kjekke ting samtidig. Eg har jobba masse med barnesongane som skulle leverast på måndag, og på sundag fekk eg veldig koseleg overnattingsbesøk av ei barndomsvenninne som bur ein annan plass i landet. Sissel fekk føla på kroppen at innflygning til Sør-Rogaland i storm kan vera alt anna enn behageleg, men ho kom seg trygt ned slik at me fekk henta henne på flyplassen.
Før det var eg og Sunniva på Stavanger kunstmuseum, ein veldig flott plass, forresten, og såg ei veldig spesiell utstilling. Ei fransk dame som er fotograf, forfattar og performancekunstnar opplevde at kjærasten slo opp via mail. Ho fekk eit uttall kvinner med forskjellig yrke og ståstad til å kommentera mailen han skreiv. Dei hadde brukt alle virkemiddel frå operasong, dans, dokketeater, film, skriftanalyse, tarrotkort, og eg veit ikkje kva for å uttrykkja sine tankar om mannen og mailen. Det var utan tvil eit originalt og spennande prosjekt, men eg klarte ikkje la vera å tenkja «stakkars mann», midt i det heile. Han vart analysert på alle måtar og frå alle synsvinklar, og vart sjølvsagt dømt nord og ned… Om ein av intensjonane var at svikaren skulle få passet sitt grundig påskrive, så trur eg ho lukkast. Få menn kan ha gått ut av eit forhold med eit fullare pass…
Kunstmuseet hadde ein koseleg kafé med glasstak mot Mosvannet, der ein for eksempel kunne få kjøpt seg varm te, knekkebrød og ost etter ein spasertur i storm langs vatnet.
Nå skal eg ikkje skriva meir, for nå må eg byta fornuft med skrivekløe. Eg forstår forresten Per Spelemann som byta bort kua og fekk fela igjen, men det er ein annan historie.
Og om nokon ser instagrambileta mine som ser ut omtrent som det overfor, og lurer på om eg har fritidsproblem, så forstår eg det og.
Heidi