Skip to content

Då Gud heldt fest

januar 31, 2014

måke på strand

Ein ny fantastisk fredag er her, med gode timar til skriving. Eg har drøymejobben resten av veka og, men det er noko eige med fredagar. I dag hoppar eg over bokhyllealfabetet mitt, og let Jakob Sande koma til orde. Eg held på å lesa ein biografi om han, skriven av Ove Eide, og eg fekk så lyst til å dela eit av dei finaste dikta eg veit her på bloggen.

I diktet «Då Gud heldt fest i Fjaler», blandar han vestlandsnaturen og det bibelske på ein briljant måte, og ender opp i det nesten esjatologiske. Det minner meg litt om frodigheita til Petter Dass når dei halte lamme, stumme, stamme, grumme, gramme og grove kjem fram for å lova Gud saman med niser, torsk, skreien og tanteien. Det er eit langt dikt, men me unner oss såpass…

Då Gud heldt fest i Fjaler

Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustkvelden du veit,
eg låg utmed stranda og pilka, den stunda då sola beit.
I vest stod ei diger kveldssol, og lutte mot himmelrand,
men det var ei jordisk kveldssol som skein på ei jordisk strand.

Det var som alt var omskapt, eg merka det litt i senn.
Eg var som Johannes på Patmos, Patmos i bibelen.
former og fargar skifte på strender og firmament,
det som var kjent, vart ukjent, og det som var ukjend vart kjent.

Eg såg meg ikring forbina, og vende meg først mot aust,
der tempel i mot meg lyste istaden for gamle naust,
Og høgt over spir og kuplar slo regnbogen opp sin krans
mot veldige, ville snøfjell, lauga i måneglans.

Då såg eg kometen kome, han kom som ein storm i frå sør,
og drog over himmelvelven sitt blodraude ris av glør.
Velsigna og høgt forbanna han sigla sin kurs mot nord,
til berre ein gyllen avglans låg att over fjell og fjors.

Fargen i sjøen skifte frå blodraud til silkeblå,
og småisk kring ripa leika med gylte kruner på.
Bottenpå femti famnar låg som eit eventyr
med skimt gjennom myrk korallskog av storfisk og fabeldyr.

Fjøra med fugleivet og skogen i lia der
låg omskapt for augo mine, og kom meg med eitt så nær.
I staden for tjeld og hegre steig ibis og pelikan,
og palmer og seder susa der før det stod bjørk og gran.

Då var det eg høyrde songen frå slippen på Salbu strand,
og ut gjennom stengde portar kom syndarar hand i hand.
med hammar og tong dei helsa eitkvart som dei såg i sky,
eg trur at dei såg mot staden, Jerusalem, Herrens by.

Eg skal ikkje gløyma den kvelden, det var ein augustikveld,
vårherre heldt fest for folket i Fjaler prestegjeld,
-Bergens stift, som det heitte, Ytre Sunnfjorf provsti,
Gud unne oss alle nåden, når timen vår er forbi.

Jacob Sande

Så får eg for min del siga vidare i nåden og få gjort litt andre ting medan det framleis er fredag…

Heidi

From → Bøker, Natur, Poesi

2 kommentarar
  1. Eg er einig; dette er eit flott dikt. Eg er også blant dei som (riktignok med ujamne mellomrom) tar fram Sandes Dikt i samling frå bokhylla, – og kosar meg med formuleringane hans!

    • Eg fekk lyst til å lesa mykje meir av han, sjølv om eg har lese ein heil del. Eg anbefalar den biografien eg nemnde. Biografen tek for seg mykje meir enn Sande; bygda, Sunnfjord, folkelivet, tidsånda og tida.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: