Skip to content

Så fint å vera her

februar 26, 2014

image

Det kjennest veldig luksuriøst å ikkje trenga å bruka dagane sine til noko som helst bortsett frå å sosa omkring med skriveblokka mi. Kanskje eg burde reisa vekk på denne måten oftare, for eg får verkeleg gjort veldig mykje.

I går skreiv eg ei salme på medan eg sat på kafear og drakk kaffi og såg på folk. Eg har lenge hatt ein avtale med flinke Carl Petter som eg har samarbeidd med før, og eg laga ein avtale med han om at viss eg skreiv noko i Trondheim, så skulle eg senda det til han. Slikt samarbeid er frykteleg spennande. Kanskje eg ikkje burde publisera tekstar eg nesten ikkje har fått tenkt ferdige, men nå gjer eg det viss likevel. Dersom noko skjer i auge eller øyrer, så sei gjerne frå 😉

Når tankane flyg glade ut
og fargane er mange,
når nettene er utan sut
og lovsongane lange,
Når lufta jublar utan ord,
vil alt av godt som finst på jord
få rope ut at Gud er stor
og mange er hans vegar.

Når tankane vil fare vill,
og fargane vil falme,
når orda mine teier still
blir pusten min ein salme.
Når tyngde sveiper mold og jord,
og bøna mi er utan ord,
så kviskrar ho at Gud er stor
og mange er hans vegar.

Når mine tankar ikkje er,
skal gleda framleis leve,
og alt som veks og blømer her,
lovsynge i all æve.
Ja, vind og regn og eld og ord
skal synge over hav og jord,
skal synge ut at Gud er stor
og mange er hans vegar.

Heidi

image

image

I dag gjekk eg og over Bakke bro til Bakklandet, for eg likte meg så godt der i går. Eg var ikkje heilt ferdig med chilikaffien til Kaffebar Dromedar, så eg havna viss der igjen. Det var faktisk fleire enn meg som sat der og skreiv…

image

image

Då eg hadde sitte der så lenge at det nesten var litt påfallande, så gjekk eg ein liten tur ut. I ein liten stengd kunstbutikk såg eg denne skulpturen. Det hender eg kjøper kunst, mest litografiar, men skulpturar har eg framleis aldri fått meg til å kjøpa. Derimot har Ingrid laga mykje fint til meg. Eg har framleis ikkje brukt pengane for lang og tru teneste i Time kommune… Kanskje eg burde slå til med denne eller noko liknande? Av grunnar eg ikkje skal nemna her, så har eg stor respekt for alt som kan knusast…

image

Etter pausen havna eg på Annas kafe, der eg drakk hyllebærjus, og ein kraftig svart te som smakte ei blanding av lakris og tjøre. Der inne var det fargerikt kreativt kaos med eit tilsnitt av retrostil, og Anna sjølv stod bak disken med eit sekstitalsforkle og skjørt med rakning på strømpebuksa og selde heimebakte kaker,salatar og nybakte grove bagels. Ho fortalde meg at kafeen var oppfyllinga av draumen hennar. Eg såg plakatar om at det var forteljarkafe og strikkekafe der nokre kveldar, og ute på doen var det oppslag om at ein kunne kjøpa ein kopp kaffi og betala for to. Så kunne dei som av ulike grunnar ikkje sjølv kunne betala, koma inn og høyra om det var betalt kaffi å henta. Eg angrar på at eg ikkje gjorde kjøpte slik kaffi, det var jo ein strålande ide… Eg såg og ein plakat om at bandet Pantertanter trong trommeslagar, men det kunne eg ikkje gjera noko med.

image

image

Hos Anna var det og ei anna dame som sat og skreiv og blide samtalar om vanskelege tema som surra rundt i romet. Medan eg sat der vart eg ferdig med ein salme til… Som vart omtrent sånn som dette…

Dagen demrar, regnet fell,
vinden bles mot bratte fjell,
i frå hav og kjøkkenbord
tonar songen; Gud er stor.

I frå kott og store salar,
gater, smug og store salar,
i frå skog og moldsvart jord
ljomar det at Gud er stor.

Myrull, lyng og tornekratt,
vinterdag og sommarnatt,
varme favntak, gode ord
kviskrar om at Gud er stor.

Du som var og blir og er,
ver hos oss, ta bustad her.
Brenn deg inn i hug og ord,
for me veit at du er stor.

Her kor sol og vindar bur,
her hos tvilarar som trur,
her skal himmel møta jord
i vår lovsong, Gud er stor

Heidi

image

Så gjekk eg til sentrum for å møta Leif. Me åt nydeleg vietnamesisk middag, og akkurat då eg var i ferd med å foreviga godsakene, så gjekk batteriet på mobilen. Eg som hadde tenkt å fotografera at retten til bordkameraten min var slik at han sjølv måtte dyppa rispapir i varmt vatn og rulla saman maten sin til ein slags usteikte vårrullar…Ja, ja. Eg åt innebakte kongereker med sterk saus.

Eg trudde eg la den utlada mobilen i veska, men det hadde eg tydelegvis ikkje gjort. Då me kom heim var veska full av rare ting som kart over byen og ein publikasjon frå Jehovas vitner, men ingen mobil. Eg har ein sprek og snill kjærast som blir hakket meir stressa enn meg når noko forsvinn. Han sprang raskt tilbake og henta mobilen som den snille serveringsdama hadde lagt trygt bak disken.

Vel tilbake på pilgrimsgården så fekk me med oss eit foredrag om pilgrimsvandringa til Nidaros i mellomalderen. Foredragshaldaren, Terje Brattberg var veldig morsom å høyra på. Han hadde denne typiske trønderske måten å vera på der ein er små-arrogant på ein humoristisk og høfleg måte. Eg veit ikkje andre måtar å forklara det på, det er noko eg har lagt merke til lenge, og som eg oppleber som sjarmerande.

I dag var det min sjanse til å koma inn i Nidarosdomen, eller domkirka, som eg høyrer at alle dei innfødde kallar ho. Dei har bare ope nokre timar ein kveld i veka fordi dei driv og finstemmer det nye orgelet. Eg skulle så gjerne ha hatt med meg fotoapparat, for eg blir alltid berørd av å møta alt det vakre i denne katedralen. Sidan eg hadde flatt batteri på mobilen var det lite å gjera med det.

Det rett og slett gjer noko med meg å koma inn dit. Etter å ha vandra rundt ei stund og tend eit lys, sette eg meg ned framfor høgaltaret der den korsfesta Kristus heng høgt opp mot dei gotiske kryssbuane under taket. To kvinner står ved krossen, den eine er heilt sikkert Maria, Jesu mor, og den andre kan kanskje vera Maria Magdalena? Medan eg sat der stemde dei orgelpiper, det høyrdest nesten ut som pulsslaga til kyrkja. På høgaltaret brann det eit kvitt lys og det var to glasvasar med kvite og rosa blomar i. Eit fylgje av engelsktalande turistar vart guida rundt, og ei stund var det litt kaotisk, og så vart det heilt stille. Frå orgelet kom det plutseleg fin musikk, og dersom dette ikkje hadde vore i ei kyrkje kunne eg kanskje ha sagt at stemninga vart nesten magisk. Nå er det vel meir meir nærliggande å bruka ordet heilag. Eg henta fram skriveboka frå veska, for eg har tenkt at eg kunne ha lyst til å sitja aleine og skriva i Nidarosdomen.

For omtrent eit år sidan fekk eg ein telefon, eg trur det var frå kyrkjerådet, men eg hugsar sjølvsagt ikkje kven eg snakka med… Dei lurde på om eg kunne skriva ein pilgrimssalme til bruk i samband med pilgrimsvandringar. Eg sa at det ville eg gjerne, men at eg ikkje hadde tid akkurat då. I dag medan eg sat der, fekk eg plutseleg lyst til å skriva ein pilgrimssalme. Eg sat der og skreiv i halvannan time, det var i grunnen ei merkeleg, rar og spesiell oppleving. Eg får kalla det eg skreiv for eit utkast til ein pilgrimssalme, for det er ikkje sikkert han toler morgondagens skarpe skjær av etterpåklokskap…

Me vandrar gjennom tida,
ber med oss pilgrimsstav,
på vegar over fjellet,
på stiar langs med hav,
ber med oss våre kroppar,
vår lengt, vår tru, vår trong.
Nå kjem me til deg, Kristus,
me løftar opp vår song.

Ja, mange har gått før oss,
nå er det me som går,
er pilgrimar på vandring,
med takk, med tvil og sår.
Me ber på alt me levde,
me snublar gong på gong.
Nå kjem me til deg, Kristus,
me løftar opp vår song.

Me kjempar oss mot vinden,
blir signa av di sol.
Du møter oss i lyset,
i bekk og skogsfiol.
Langs vegen opnest tida,
me skimtar kven du er.
Nå kjem me til deg, Kristus,
velsign oss, me er her.

Heidi

One Comment
  1. Så fin pilegrimssalme!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: