Gå til innhald

Noko av det raraste eg har opplevd

februar 27, 2014

image

I dag hadde eg meg først ei lita turistvandring på Bakklandet. Det er så fint der.

image

image

Så gjekk eg til sentrum og fant meg ein kafe. Eg skreiv inn pilgrimssalmen eg hadde laga i går i Nidarosdomen, fordi eg ville at nokon skulle lesa og gje respons. Eg trur eg skreiv i går at nokon hadde ringt for nesten eit år sidan og bedt meg skriva ei pilgrimssalme, at eg hadde tenkt på det heilt til i går, og plutseleg i går var eg klar til å skriva. Etter halvannan time var eg ferdig. Eg hadde akkurat skrive teksten inn på mobil, for eg ville at nokon skulle lesa og gje respons. Fem minutt etterpå tikkar det inn ei melding der Åge Bognø lurer på om eg har tenkt meir på den pilgrimssalma han ringde om for eit år sidan. Eg sa at den skreiv eg i går, og så kunne eg senda det eg akkurat var ferdig med å skriva inn. Eg tenkte at han på ein eller annan måte måtte ha høyrt frå nokon at det låg ei nyskriven salme på bloggen min, men nei, han ante ikkje noko om det. Han hadde sitte på toget for å besøkja sonen sin, og fått ein plutseleg innskytelse om å kontakta meg… Eg vart nesten litt fælen. Det kjendest heilt surrealistisk at eg akkurat var ferdig med å tasta inn teksten og lurte på kven som eigentleg hadde gitt meg oppdraget. Akkurat då kjem meldinga, og eg har ikkje høyrt frå mannen på eit år. Eg hadde til og med gløymt kven han var. Viss eg ikkje hadde vore religiøs frå før, så trur eg at eg hadde blitt det der og då…

Etter at Leif var ferdig på kurset, var me på ein fiskerestaurant me hadde fått anbefalt og åt nydeleg mat.På biletet ser du potetogklippfiskball. I tillegg åt eg fiskesuppe med jordskokk. Begge deler smakte kjempegodt. Det som var kjempekoseleg var at Elsa Bakken tilfeldigvis var på restauranten med ei venninne, og etterkvart kom Anne B Ragde og. Den første gav meg ein varm klem og bad meg helsa til Bryne. Den andre snakka eg ikkje med, og det er i grunnen heilt naturleg, for me kjenner ikkje kvarandre. Ikkje ennå i alle fall 😉

image

Så bar det heim til pilgrimsgarden der, eg skulle vera testperson i ein test Leif driv og blir sertifisert i som rådgjevar. Det var ein ganske omfattande test. Resultatet var at eg fekk to bokstavar, kanskje var det KO, som skulle beskriva min personlegdomstype. Det betydde at eg scora høgast på omsorgsevne og kunstnarisk evne. Det komiske var at då eg fekk ei liste med yrke som kunne passa til min profil, så var ikkje lærar på lista. Derimot kunne eg anbefalast å utdanna meg til ballettpedagog. Fint å vita…

Så har me vore på kino og sett ein japansk film «Som far så sønn». Det var ein fin film, som har fått mange prisar. Plottet er at to babyar er forbytta på klinikken og to svært forskjellige ektepar har oppdradd «feil» barn i seks år. Den eine faren er eit karrieremenneske med planane klare for son sin, Den andre guten har vakse opp i noko som liknar meir på familien Viltersen. Spørsmålet blir: Kva gjer dei nå? Byter dei barn? Eg las for ei stund sidan at i eit bestemt tidsrom var det fleire slike forbytingar i Japan. Filmskaparen hadde til si forbausing oppdaga at alle hadde vald å bytta tilbake slik at barnet vaks opp hos dei biologiske foreldra sine. Han begrunna det med at japanske menn tradisjonelt hadde hatt siste ordet i viktige spørsmål, og at mange japanske menn var karrierefedre som hadde sett lite til barna sine. Han meinte og det spelte ein rolle at blodsband tradisjonelt var blitt sett på som veldig viktige i dette landet. Filmen er vakker og klok og veldig lite hollywoodsk. Han stiller spørsmålsteikn ved kva som er viktige verdiar og ikkje, og fokuserer på relasjonen far son. Med dette er filmen anbefalt.

Dersom det er mange skrivefeil her, må eg heller retta dei i morgon. Av hensyn til min sovande rådgjevarmann, så skriv eg i mørket, og når eg i tillegg skriv på eit spansk tastatur, så blir det litt innvikla. Eg hadde bare så lyst til å bli ferdig med å skriva om ein sjeldan dag.

Så får morgondagen visa om eg skiftar spor og blir ballettpedagog…

Heidi

5 kommentarar
  1. Hei du Heidi, kjekt å lesa! Veldig kjekt! 🙂 Ja, slikt hender – meg og 🙂 men oftast tenkjer eg på ein person like før vedkomande tek kontakt, heilt utan førevarsel. Ha ein fin dag i morgon og! Eg er spent på salmen. 🙂

    • Teksten ligg på bloggen for 26.2. Det er den siste av dei tre salmane som er trykte der. Det kan tenkjast det blir små justeringar. Ha ein fin dag du og.

      • Veldig fin salme! Eg treng litt meir tid til heile den posten, det blir når eg eg får unna litt på mi lange arbeidsliste…

  2. Margunn permalink

    Nydeleg salme, Heidi 🙂 og flotte tankar frå dagane i Trondheim. Det er mest som eg føler at eg har vore der med deg 🙂 Og så har du prøvd deg på RIASEC . Eg ser det er langt frå alltid at dei kodane treff så godt for elevane mine heller.

    • 🙂 Og ikkje nok med at eg blir rettleia inn i dansepedagogyrket, så fekk min lettare opprørske son på nitten tips om at biskop kunne vera eit brukbart yrkesval for han… Men dei må vel tolkast med vit. Nå gler eg meg bare til oppfylgjingssamtalen som og er ein obligatorisk del av testen. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: