Gå til innhald

Fastelavnssundag

mars 2, 2014

image

i føremiddag då eg måtte ut eit ærend for å kjøpa smør til bollebaksten, såg eg at det faktisk stod to-tre fiolettblå krokus i bedet ved inngangsdøra. For eit oppmuntrande syn.

Sidan me har vore ute og reist heile veka, bestemte eg meg for å høyra radiogudsteneste i dag i staden for å gå til kyrkja. På den måten kunne eg laga god middag som barna kunne koma og eta, og ikkje minst servera dei nybakte fastelavnsbollar. Til mi store glede oppdaga et at gudstenesta i dag vart send frå Tøyenkirka, der kirkens bymisjon held til, og at Carl Petter Opsahl skulle tala og spela klarinett. Det ville vera ei overdriving å påstå at Carl Petter er ein nær venn av meg, men me har arbeidd saman om fleire salmeprosjekt der han har laga melodiar til mine tekstar, og me har vore i lag på fleire korsveifestivalar. På den måten har me blitt litt kjende, og han er ein person eg godt kunne tenkja meg å bli endå betre kjend med. Eg har veldig sans for musikken hans, han er musikar og spelar klarinett, og ikkje minst for organisasjonen Kirkens bymisjon. Eg har tenkt mange gonger at der kunne eg ha tenkt meg å arbeida, for dei har ein veldig varm og inkluderande profil. Ikkje minst stiller dei opp for å hjelpa dei som har det vanskeleg i storbyen og møter folk der dei er gjennom gategudstenester og kvardagsmesser i Tøyenkirka, med servering av varm suppe og kyrkjekaffi. Eg har vore der på ei kvardagsmesse, der det var urframføring av ei nattverdssalme eg hadde skrive. Det var ein god plass å vera.

image

Medan eg skrelde og hakka grønsakar til suppe, og fekk gang på store mengdar bolledeig, fekk eg meg ein snartur i Tøyenkirka i dag og. Carl Petter snakka om karnevalet som inngang til fasten, og om karnevalstradijsonane i sørlegare land der alt, i nokre vibrerande karnevalsdagar blir snudd opp ned før den lange strenge fasten skal gjennomlevast. Desse dagane då fattige slepp å ha respekt for rike, der ingenting er svart-kvitt lenger, der kaosfesten overtek for kvardagsstrukturen og det heilage og det profane flyt saman til ein tilstand der ingenting er som det pleier. Så drog han linjene til julefeiringa, at det plutseleg er det forsvarslause og hjelpelause spebarnet som blir hylla, at Gud kjem til menneska som ein fattig, at ting blir snudd opp ned i forhold til det me trur er naturlege lovar for korleis ting heng saman… Ok Carl Petter, dersom du les dette, eg ser ikkje heilt vekk i frå at eg kan trekkja eigne tolkingar inn i det du eigentleg sa, men det rørde ved noko i meg. Det same gjorde musikken, lystenninga og dei frie bønene. Den kringkasta sundagsgudstenesta gjorde Tøyenkirka til ein god plass å vera og for oss som eigentleg ikkje var der.

image

image

Og så vart det bollar med vaniljekrem, og bollar med fløtekrem, og til og med varm sjokolade med krem til dei som måtte ha lyst på det. Med andre ord ei markering som burde gjera oss klare for faste…

Og ikkje minst å bli klare for kvardag. Nå skal eg ta ein tur bort til skulen for å sjekka at alt er klart til oppstart i morgon. Eg har hatt ein fantastisk ferie, og vore veldig produktiv når det gjeld skriving. Eg kjenner at nå er eg så godt i gang med å skriva at eg håpar det kan la seg kombinera å halda skrivestimen oppe mist ihektiske arbeidsveker.

image

Før eg skal gå skal eg ta meg tid til å presentera dagens lyrikar, i dag heiter ho Anne Lise Tyssebotn Gjesdal. Ho er ein lokal lyrikar som eg har møtt mange gonger, og er ven med her på facebook. Boka hennar heiter «Mine fuglar». Eg har plukka ut to vårdikt, det passar i dag.

Udressert

Som før sagt
er det ikkje kroppen min
som er problmet.
Kroppen er det råd å kontrollera.
Har eg først sett han frå meg
i ein stol
vert han lydig sitjande
til eg flyttar hab,

Det er sjela mi
som valdar meg hovudbry.
Ho vil stadig ut og flyge
på eiga hand.

Ho vil sveva høgr
under den bleikblå halvkula
stundom segla i havsalt luft
eller slå seg ned
i ein furutopp

No om våren
vil ho rett som det er
byggja seg reir
i lag med ein svart og kvit
flugesnappar.

Anne Lise Tyssebotn Gjesdal

Augneblinken
når konglane opnnar seg
når påskeliljene
slår ut sine solgule
fivreldvenger
når regndråpen knusest
til eit gyllent
edderkoppnett
når eg undrande ser
at vinterisen er smelta
når du rekkjer ut handa
og rører
ved mitt hungrande kinn.

Anne Lise Tyssebotn

From → Barna mine, Mat, Poesi, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: