Gå til innhald

Trøytt

mars 4, 2014

image

Eg må innrømma at på ein del tysdagar er eg utruleg trøytt når arbeidsdagen er over etter elleve timar nokså samanhangande på jobb, først i skulen og så i kulturskulen. Då hender det, sånn som i dag at det er så deilig å setja seg ned etterpå for å slappa av at eg bare blir sitjande i ein time eller meir og nyta at eg ikkje treng å gjera noko før eg orkar pakka meg saman og koma meg heim…

image

I går var eg forresten ute på noko veldig fint, som gjorde at eg kom meg i seng i seinaste laget. Me er ein gjeng med damer som møtest ein gong innimellom for å snakka om tema me synest er viktige. Det er ideen bak gruppa, at me ikkje skal bruka tida på å snakka om ingenting, men gje rom for gode samtalar om store tema. I går snakka me om det å ha tillit. Eg nøyer meg med å visa eit biletet av det fantastiske fruktfatet som vart sett på bordet.

image

Nytt tema i første klasse er gamle dagar. Eg kjenner meg litt gammal når eg fortel at då eg var lita gjekk eg og mor til meieriet og kjøpte mjølk i slike spann.

Eg har eit fint tema eg vil bruka til forteljing om gamle dagar. «Hu litla te Bendiks». Det skal vera ei forteljing om barndomen til mi bestemor som vart fødd for 111 år sidan. Eg har mykje å fortelja sidan ho elska å fortelja og eg elska å lytta.

Men det får bli ein annan dag.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: