Skip to content

Ei helg forbi…

april 7, 2014

image

Helga har faktisk rukke å både koma og gå før eg fekk festa ho med knappenåler eller glidelås til bloggen min. På laurdag hadde eg sein frukost med Sunniva. Så bestemde me oss heilt spontant for at sidan det regna, så kunne me ta oss ein tur inn til Stavanger. Eg hadde høyrd rykte om at det var opphøyrssal på Design Forum, og det er ein butikk der eg med jamne mellomrom har funne litt av kvart. Det er ein sann luksus for meg å ha ein villig sjåfør i heimen, så lenge eg sjølv lid av kjørevegring og derfor normalt ville ha vore avhengig av toget. Det gjer ikkje noko om det regnar litt så lenge det er vår i lufta.

kø Design Forum

Etter å ha vandra litt i gatene ende me opp i kø og fekk oss sko med åtti prosent avslag.

image

Etterpå passa det godt å ta ein pause på kafe og nyta utsikten til vårregnet. Eg må innrømma at byturen gjekk litt på bekostning av den planlagde helgevasken, men eg fekk då i full fart unna det aller verste før eg skulle ut att for å treffa venninner. På sundag vart det sundagsmiddagslaging til heile familien, og radiogudsteneste med ein forhenverande statsministar som inspirasjonskilde ved sida av. Kjøttkaker, kokte poteter og erterstuing er sundagsmiddag nummer ein frå barndomen, så det må eg slå til med av og til. Det var morfar som var kokk då eg var lita. Den vesle magre mannen med uføretrygd, sixpencelue og damesykkel med to sidetasker var fantastisk ved grytene. Han hadde visst nok lært å koka av ein kokk i militæret, eller på eksisen som han sa.

Eg har viss vore inne på det før, men min tidlegaste barndom var ikkje heilt A4, far tok utdanning i Oslo og eg og bror min vaks opp i hus med besteforeldre, mor, tre ugifte onklar og ei ugift grandtante som kom med bussen frå Figgen kvar sundag. Alle desse kokte morfar middag til, så det var ikkje rart at lørdag ettermiddag og kveld gjekk med til kjøttkakesteiking i stor stil slik at grytene stod klar sundag føremiddag saman med ei stor gryte utvatna erter. Eg var med han lenge før eg kunne gjera nytte for meg og vart belønna med smaksprøvar på små asjettar. Eg hadde til og med ei bittelita gryte eg kunne ha minikkjøøtkaker i. Og ganske snart var far utdanna politi og kom for å bu saman med alle oss andre før me etterkvart flytta inn i nabohuset, men nå er eg langt inni ei heilt anna historie enn den eg hadde tenkt å skriva.

image

Klokka tre var det opning av kulturskuleveka, og eg var stolt og rørt til tårer over desse flotte jentene som fekk kulturstipend. Dei var mine dramaelevar i tre år før Maren overtok dei i haust, og dei fortente verkeleg å få stipend begge to.

Sunniva oppdaga at det framleis var billettar att til Ane Brun konsert i Stavanger kulturhus i går kveld. Ho lurde på om eg hadde lyst til å vera med, og det hadde eg når eg kjende etter. Me plukka med oss Thea og mor hennar og av garde bar det. Det skjer alltid masse rundt Sunniva, så her er det bare å henga seg på og oppleva litt. Me fekk verkeleg mykje konsert for pengane. Ho hadde med seg eit svensk band som spelte ein avdeling aleine, og til saman var me på konsert i nesten tre timar. Då eg kom heim var det nesten blitt midnatt, så då måtte eg droppa den planlagde bloggskrivinga og gjera det som gjerast skulle. Eg har veldig lyst til å skriva og sjå om eg får litt sving på den salmen eg held på med, eller på den barneboka eg har lyst til å gå i gang med, men først får det bli ei ryddeøkt, og så får me sjå kva som er att av dagen. Som eg veldig ofte gjer så kom eg heim til god middag som Leif hadde laga, det var ein slags heimelaga lakseburgarar med salat av mango, tomat, løk og ruccola. Det smakte veldig godt.

image

Ei fin helg har gått over i æva, og nå er det siste veka før påske. Dagane har slik fart at eg nesten blir svimmel. Og våren er her på alle vis, sjølv om det ser ut som om me får ein våt utedag med elevane i morgon. Nå skal eg førebu meg på å fortelja dei om påskefeiring i gamle dagar.

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: