Skip to content

Salme frå Jæren

april 7, 2014

ender i storm

Dette er ein arbeidsprøve, og eg er langt frå ferdig, trur eg i alle fall… Sidan eg sat på Lysebu og høyrde om Petter Dass som så aktivt brukte sitt eige landskap i salmane sine, så har eg hatt lyst til å bruka mitt landskap til å skapa ein salme. Eg har leika meg litt nå i kveld, og reknar med at her er det både klisjear og litt uklare bilete å ta fatt i. Korfor i all verda eg publiserer noko som er halvferdig, eg veit i grunnen ikkje heilt sjølv. Kanskje lurer eg på om nokon har synspunkt på kva eg kan jobba vidare med, kva som må vekk, kva som skurrar og kva som er uklare bilete… Kanskje det er derfor 😉 Og kanskje skulle eg hatt med eit vintervers, sjølv om dei to første versa både er vinter og andre udefinerbare jærske årstider?

Havet dansar, stormen rasar,
bølgjeslag er puls og takt,
trea bøyer seg og teier,
trassar storm og overmakt.
Vind frå vest og vind frå nord,
ropar om at Gud er stor,
alle ville krefter vitnar
om hans herlegdom på jord.

Regnet piskar, regnet sildrar,
alt blir døypt og nytt og vått,
vatnet samlar seg i mørket,
ligg og voggar tungt og rått.
Himmel tøyer seg mot hav,
alt det gode Herren gav,
blir som nytt når regnet vaskar
angst og støv og hovmod av.

Måkar skrik mot lange strender,
viper kjem med lengt om vår,
havet slår mot sand og landskap
dunkar ømt mot draum og sår:
Nye tider skal me få,
me skal elska, leva, sjå
vera trygge midt i vinden
livet spelar for oss nå.

Sommarvindar stryk om jorda,
kjælar blidt med gras og strå,
trea raslar lette rytmar,
grønt i sommarspelet nå.
Vind frå aust og vind frå sør
dansar mjukt som aldri før
kviskrar lågt i moll for jorda
der kor bare føter trør.

Når ein dag med gule åkrar
mogne raunbær, haust og lyng
me skal møta siste kvelden
medan nordavinden syng,
skal me takka før me går
deg som gav oss dag og år,
takka deg som skapte livet,
skapte oss til haust og vår.

Heidi

4 kommentarar
  1. Så godt å lesa om havet og vinden, lengter heim te Jæren då! Frå foten av Finnskogen- her er det mest skog… Så eg strikker teppe med havskum- mønster, klarer nok ikkje slutta med det før eg ser havet igjen:-)
    Eg synes salmen er flott, vakker, ja levande:-)
    Ein flott arbeidsprøve, kanskje ikkje så langt frå ferdig:-)
    Ingvild

    • Så kjekk kommentar å få, Ingvild. Skjønar godt at du lengtar heim av og til. Kos deg med strikkinga. 🙂

  2. calle permalink

    Ein fin tekst. Men eg trur ikkje folk i Aust-Asia eller Karibien ville vera så takksame for denne guden i første verset (alle ville krefter). Eg stussar litt på ordstillinga (haust og vår) i stste strofa. Vår og haust er betre, men då må du rima på nytt…Elles ville eg jobba litt med line 3 og 4 i vers 2: Havet slår mot sand og steinar, sender ømt ein draum som rår. Kan hende ikkje heilt det du ville seia, men er betre enn ( dunkar ømt mot draum og sår). Tykkjer ikkje «dunkar» kling i ei salme. Men salmeteksten blir nok fin. Nest siste vers er glitrande…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: