Gå til innhald

…men akkurat då vart kjerringa så lita som ei teskje…

april 8, 2014

teskjekjerring og katt

I samband med Prøysen-jubileet har me lese om Teskjekjerringa i første klasse. Det er lenge sidan eg hadde noko med henne å gjera. Ikkje misforstå meg, eg er langt over middels interessert i Alf Prøysen, og har lese det meste han har skrive i tillegg til mange biografiar om han. Eg kan veldig mange av songane hans utanåt, eg hugsar at eg hadde Teddybjørnens vise på plate og song med på alle versa lenge før eg begynte på skulen, eg har rista ivrig på sparebøssa til barnetimen for dei minste medan eg ivrig song: «Å du gode sparegrisen min, nå skal du få toøringen din…» og eg ser tydeleg for meg Kanutten og Romeo Clive på tokt i bakgardane i Oslo. Eg kan kosa meg med tankane på Snikkersve-kara frå «Trost i taklampa,» og nesten gråta ein skvett over dei mest vemodige songane hans. Då eg var gravid med eldstemann hadde eg den tåpelege hangupen at eg vart rørt til tårer kvar gong eg skulle synga eller høyra songen om Bolla Pinnsvin. Dette avsnittet er skrive bare for å gje eit bakteppe til det eg snart skal innrømma:

Eg har aldri heilt fått det til med teskjekjerringa. Eg trur eg opplevde henne som litt tåpeleg i motsetnad til Kanutten og figurar som » a gamle Marte, og `n Baldrian.» I barndomen ein gong kom det ein svensk filmversjon på barne-TV som eg heller aldri vart heilt fortruleg med. Eg ser for meg ei bittelita dame med stramt oppsett hår som stod nede på golvet og skreik «Gubbendarius». Kanskje eg var litt for gammmal til å vera i målgruppa. På grunn av dette har eg aldri vald ut teksjekjerringa når eg skal lesa Alf Prøysen for ungar. Det har vore så mykje eg har lese med mykje større lyst, og i dei mange hyllemetrane med billedbøker eg har lese om og om igjen for mine eigne fire barn, trur eg ikkje det var ein einaste cm via forteljingane om Teskjekjerringa.

Men nå i denne veka, medan eg sat og høyrde min flinke kollega lesa høgt, fekk eg eit sterkt møte med dama. Eg sat og tenkte at det er jo akkurat slik det er, av og til blir me alle like små som teskeier, og det kan i tillegg gå frykteleg fort. Teskeikjerringa vart det for eksempel då den storforlangande mannen hennar vart sur fordi han ikkje fekk heimelaga blåbærsyltetøy til dei nysteikte pannekakene. Kjerringa ville som kjerringer flest gjera alle til lags, og la til skogs med eit spann ho ville plukka blåbær i. Er det rart at ho vart så lita som ei teskei etter å ha blitt behandla slik. Det slo meg at Alf Prøysen sikkert mange gonger hadde opplevd det sjølv, det var ikkje bare bare å vera frå ein husmannsplass langt ute på bondelandet når ein havna i det fine litterære og kulturelle selskapet. Ikkje hadde han noko utdanning heller, bare ein bakgrunn som griskokk og sveiser. Han måtte tola å høyra mykje frå mange som hadde sterke meiningar.

Om eg blir så lita som ei teskei av og til? Ja, så klart eg gjer. Oftast skjer det når eg kjører bil. Når eg for eksempel ikkje torer kjøra inn i ei rundkjøring, endå eg sikkert er først, og dei bak meg tutar og stønnar med peikefingrane mot panna. Eller når eg ligg bak ein traktor med tilhengar som eg ikkje vågar å kjøra forbi. Då er teskeimetaforen eit veldig presist bilete på korleis eg kjenner meg. Eg kan og bli så lita som ei teskei når eg står i ein klesbutikk og eigentleg ikkje vil ha hjelp av vennlege ekspeditriser som lurer på om dei har noko som passar til meg.

Eg kan og bli så lita som ei teskei når eg går på dansekurs saman med min veldig danseglade mann og ikkje får det til i det heile tatt og danselæraren klappar høgt og ropar muntert: «Gutta boys, finn dokke nye damer!» Og eg veit at eg kanskje kan få ein dansepartnar som sukker og stønner og prøver å undervisa meg. Kanskje han i tillegg er klissvåt på ryggen av sveitte, og bestemt legg underarmen min tettast inntil der T-skjorta er aller våtast… Eg kan få veldig same kjensla når eg står i eit treningsstudio og ein bodyfitinstruktør nærmar seg. Eg føler ingen trong til å vera eit interessant tilfelle for ein PT. Det hender til og med at eg blir så lita som ei teskei når det kjem uventa besøk til mitt casa caotica, staden eg vil at alle skal vera velkomne til når som helst, men ikkje akkurat då fordi det er ei hinderløype av sko på ganggolvet og resten av huset ser ut som om det er møblert med hjulvisp fordi eg akkurat då bare skulle… før eg rydda, og så sat eg og skreiv eller endå verre, las ei bok akkurat då det ringde på. I det siste tilfellet blir eg forresten nokså fort stor att fordi det er ein situasjon eg er i stand til å ta hand om, og fordi eg har klokkertru på at folk ringer på døra fordi dei har lyst til å vera i saman med meg, og ikkje for å laga reprostasjar til Bonytt eller Vakre hjem. Eg veit kor eg har stearinlys og fyrstikker, og kaffitraktaren veit eg kor eg har… Korleis eg kjenner meg ombord på eit fly skal eg ikkje gå inn på ein gong.

Eg er nokså sikker på at mange av dei eg kjenner og blir bittesmå av og til. Det er vel på ein måte ganske menneskeleg. Det fantastiske med Teskjekjerringa er at ho aldri er så kreativ og klartenkt som når ho er bittelita. Då kan ho til og med snakka med dyra, ein kan vel seia at ho kjem i kontakt med sine indre instinkt og kanskje beint ut blir fyld med ein slags «mindfulness» når ho bare får summa seg. Ho blir alltid stor att og kjem styrka ut av situasjonen.

Og kor vil eg hen med dette? Kanskje bare oppfordra oss alle til å vera snille med kvarandre når ein av oss blir så lita som ei teskei. Det kan nok til og med skje utan at andre enn den som skiftar storleik merkar det. Og for oss som jobbar med ungar eller andre variantar av menneskeslekta. Måtte me hugsa at det ikkje er så lett å plutseleg bli så lita som ei teskei akkurat når det passar aller dårlegast… Og takk til deg, Alf Prøysen. Tenk at eg skulle bli over femti før eg oppdaga Teskjekjerringa. Andre har vore meir klarsynte enn meg, ute i verda finst ho under mange namn. Japanarane er spesielt glade i henne og har laga mange japanske animasjonsfilmar om den heilnorske dama. Dei kallar henne forresten for «Spoon Oba-san», dersom du skulle få lyst til å kikka etter henne på nettet.

teskjekjerringa
Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: