Gå til innhald

Magiske København

april 14, 2014

Bilde

Det er noko med denne byen eg er heilt henfallen til. I dag lurte eg meg opp så stilt eg kunne klokka halv åtte for at eg og Eva Mari skulle få mest mogleg ut av dagen. Jentene ville gjerne sova litt lenger. Me starta dagen med frokost på det koselege vesle hotellet vårt.

I dag var byen grå og regnvåt, men likevel sjarmerande. Folk syklar rundt på gammeldags damesyklar med korg på styret og danske sykkelhjelmar som minner meir om soldathjelmar enn dei norske anatomisk forma sportshjelmane. Dei trillrunde hjelmane kan vera gulfarga eller blomsterdekorerte, og barna kan sitja bakpå sykkelen eller i ei vogn framfor styret.

image

Me tok bussen ut til mathallane som skulle opna klokka ti, men før me kom dit var me innom ein fantastisk strikkebutikk. Eva Mari kjøpte strikkemønster medan eg kjøpte bittesmå handlaga knappar til babyklede.

image

Så gjekk me til mathallane der dei hadde det meste som tenkjast kan av dansk mat, og i tillegg eksotisk kryddar, alle tenkjelege ostar, pølser og bakverk. Danske kakedisker er eit kapittel for seg sjølv…

image

image

Me fann ut at me fekk unna oss å dela eit stykke lakriskake, sidan det var noko ingen av oss hadde smakt på før. Danskane er glade i lakris, i går kjøpte Eva Mari med seg tre boksar gourmetlakris, for eksempel ein med salt og chili.

image

Og seinare har dagen bydd på besøk i eit par vintagebutikkar, og ein av mine yndlingsaktivitetar i storbyar, driving gatelangs.

image

image

Eva Mari måtte reisa til flyet sitt klokka fem. Då var dei yngste av oss heilt utslitte av byliv.

image

Medan eg kjende eg måtte ut og snusa inn litt meir gateliv.

image

Nå må eg gjera meg klar for kvelden. Jentene er staila og klare…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: