Gå til innhald

Påskemorgen slukker sorgen

april 20, 2014

image

Den songen må eg få vera med og synga før det blir skikkeleg påske. Sjølv om det vart grueleg seint for både den eine og den andre i går kveld, så kom me oss på påskedagsgudsteneste, eg og Leif og Sunniva. Glasmaleriet var nydeleg i føremiddagssola, kyrkja var fint pynta til påske, og Åse Hetland sitt trompetspel løfta oss nesten til himmelen. Medan me song: «Nei, det trengs ingen blomster til graven,» delte barn og ungdomar ut påseliljer til alle som var i kyrkja. Gudstenesta i dag var av det slaget som fyller ein med glede. Det er ikkje heilt alltid ein får sånne sterke gudstenesteopplevingar, men det hender.

Me hadde invitert barn og foreldre til påskemiddag, og i det fantastiske veret var det eit ganske ambisiøst prosjekt eg hadde tenkt å gjennomføra: Tre typar greske kjøttbollar med ovnssteikte poteter, rotmos og salat. Kjøttbolleoppskriftene var henta ned frå nettet: Ein type med tørka brød, mykje løk og spisskummen, ein type med kvitløk, løk, oregano og friske urter, og ein type med chili, kvitløk, løk, pepar, oregano og kanel… Det meste vart ete opp, men eg er ikkje heilt sikker på om smaksopplevinga stod i forhold til innsatsen…

image

Etter at gjestene hadde gått hadde me to i vertskapet ein fin kveldstur medan sola seig mot horisonten. Du all verda kor godt det gjer med fint ver…

image
image
image
image

Til og med kirsebærtreet vårt står med bristeferdige blomsterknoppar. Eg kan mest ikkje hugsa at våren har kome så tidleg før. For ein gongs skuld så blømer påskeliljene på sitt finaste nå medan det er påske. For at akkurat det skal klaffa må påsken vera av det seine slaget og våren av det tidlege, akkurat som nå i år. I fjor trur eg at bløminga generelt var ein månad seinare enn i år, men då hadde me den lengste perioden med barfrost og tele i manns minne. Nå kan me vel rett og slett konkludera med at vinteren er over, og at han var av det snøfrie, frostfattige og svært blåsande slaget.

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: