Skip to content

For ein utruleg fin påskeferie

april 21, 2014

13956842982_84e0ef7ea0_b

Først hadde me dei flotte dagane i København og så desse heilt utruleg fine vårdagane med temperaturar som nesten nærmar seg sommar. I dag har eg vore på fin tur langs stranda med Anne Mette og Gry.
Eg hadde kledd meg fornuftig med tynn ulljakke under ytterjakken, for eg rekna med at det var skarp luft der. Til mi overrasking møtte eg mange med shorts og T-skjorte.

image

image

På bortveien gjekk me i sanddynelandskapet, der var det ekstra godt og lunt. Me la oss flate i marehalmen mellom lune sanddyner og fekk sol i ansiktet. Det var rett og slett balsam for sjel og kropp. Tilbake tok me vegen langs sjøen, og avrunda med ein pause utanfor heimehuset på Hå gamle prestegård.

image
image
image

Vel heime var det å setja i gang i full fart å førebu middagen, for me hadde invitert masse gjester. Me vart ni til bords i dag og, og denne gongen var det ei god blanding av familie og venner. Me laga litt av kvart, men salaten vart det mest fargerike.

image

Så sat me lenge rundt spisebordet. Me kom oss vel i grunnen aldri der i frå, og det var så lyst og varmt. Døra til verandaen stod open medan det langsomt skumra utanfor. Det er fint å tenkja på at nå har me heile mai-månad, og heile sommaren og hausten i vente. Det blir nesten litt sånn helgefølelse som ein har når ein går frå jobb og kjenner at nå har eg heile helga framfor meg. Men påsken er altså over for denne gongen, så i kveld kunne påskelysa brenna ned…

image

Og til slutt dagens kloke ord frå Henry Nouven:

Den som trur at han er heilt framme, har gått seg vill…

13936945496_a4b823b65f_b

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: