Skip to content

Dankert og Dunkert og Florian Blom

april 22, 2014

13903513802_9bfc08446f_b

I dag vakna eg til den uendelege luksusen av å ha ein ekstra bonusfridag. Me avspaserer planleggingsdagen for å planlegga neste skuleår over to ettermiddagar og kveldar, og dei er det best å ha litt seinare på året når litt meir av neste skuleår er ferdiglagd. Dagen har vore til god nytte. Eg har rukke å lesa ei bok, delvis ute på verandaen, og jobba med tekstane frå Skapande skriving i kulturskule,n som skal bli ei bok i løpet av mai.

13903518392_b478e53ef2_b

Eg har til og med fått tid til å kosa meg med å laga teksten til det eeg håpar skal bli ei biletbok. Dessverre er eg ikkje flink nok til å teikna og mala, slik at eg kan gjera den delen sjølv. Ingrid kan kanskje samarbeida med meg, for ho er mykje flinkare, men akkurat nå er ho travel med å laga si eiga individuelle særoppgave i kunst og handverk inne på unisversitetet. Det er bare det ho manglar på å bli ferdigutdanna. Heia Ingrid. Eg misunner henne litt å kunna bruka heile dagane og heile vekene til eit stort kreativt prosjekt, men eg veit jo at det ikkje alltid er slik det kjennest når ein står midt oppe i det. Då eg i si tid sjølv tok eit heilt år med det som då heitte forming, så oppdaga eg at handarbeid, som til då bare hadde vore kosearbeid, og kunne kjennast som knallhard jobbing, spesielt når det nærma seg framlegging av arbeid.

13903520726_246431fca6_b

Eg tenkte at eg kunne by på starten av biletboka mi. Eg tek gjerne i mot gode råd.

Bilete 1

På ein benk på torget sit det tre menn. Dankert og Dunkert og Florian Blom.

Bilete 2.

Dei tre har sitte der alltid. I alle fall så lenge Mina kan hugsa.

Bilete 3

Dei sat der kvar dag når mamma eller pappa henta henne i barnehagen.

Bilete 4.

Dei sat der om sommaren

Bilete 5

Om hausten

Bilete 6

Om vinteren

Bilete 7

Og om våren

Bilete 8

Dei sat der framleis då Mina begynte på skulen, både Dankert og Dunkert og Florian Blom.

Bilete 9

Dankert er han med tversoversløyfe. Dunkert har ein blom i knappholet på jakken,
Og Florian Blom har alltid på seg skyggelue.

Bilete 10.

Kvar einaste dag går Mina bort til dei for å seia hei til dei alle tre.

Bilete 11.

Det hender at Dankert spanderer ein halspastill på henne.

Bilete 12.

Det hender at Dunkert dreg henne forsiktig i den eine musehalen.

Bilete 13.

Og det hender at Florian Blom løftar henne opp på faget sitt og kitlar henne litt. Det hender til og med at han seier at Mina er den vesle prinsessa hans.

Boka handlar om korleis det går til når Mina insisterer på å invitera Dankert og Dunkert og Florian Blom til gebursdagsselskapet sitt…

13960033245_ef15442aaf_b(1)

Eg går ofte og tenkjer ut biletbøker i hovudet mitt, men dessverre er det sjeldan at eg kjem så langt at eg får skrive dei ned… Eg må innrømma at eg alltid har hatt ein draum om å skriva barnebøker, kanskje det kjem ei tid for det og…

13893126275_995a80b149_b

I dag hadde eg lyst til å ta med nokre kloke ord om kjærleik henta frå boka «Den indre rytmen», av Charles Ringma. Dei er nesten sjølvsagde, men av og til gløymer me at det er slik det er. Eg fell for freistinga å omsetja teksten til nynorsk, sjølv om ein sikkert ikkje bør gjera slikt…

Kjærleiken vil alltid vera skjør. Han kan ikkje regulerast, og kan ikkje haldast oppe verken av strukturar, reglar eller løfte. Han kan bare haldast oppe av gjentekne kjærlege handlingar, prega av kjærlege handlingar, vennskap, omsorg, openheit og tillit.
Charles Ringma

Eg legg til for eiga rekning at dette vel må vera ein regel for alle relasjonar der nokon er glad i nokon. Dette må vera eit skikkeleg kvardagsråd, som det er godt å ta til seg.

13936945496_a4b823b65f_b

Heidi

2 kommentarar
  1. calle permalink

    Kan kjærleik regulerast? Er ikkje det fariseisk om du jamfører det med skrifta? Inkvisirorisk frå ein ateist!

  2. I dette sitatet står det at kjærleiken ikkje kan regulerast, men at han må pleiast. Det inneber vel at kjærleiken treng ein viss grad av vedlikehald om ein skal vera sikker på at ein skal klara å halda han varm. Her er det ikkje snakk om agpe som er den reine kjærleiken frå Gud, men om kjærleik mellom menneske. Det spørsmålet du reiser om kva som er fariseisk og ikkje er eig godt spørsmål. EIn kan finna dekning for fleire måtar å sjå på dette med tru og gjerningar. Livet og trua har mange fasettar, men akkurat her ser eg ingen andre problem enn at ein blir utfordra til ikkje å ta kjærleiken mellom menneske for gjeven… 🙂 Og eg synest det er kjekt å diskutera med ateistar. Ingen har vondt av å bli utfordra .

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: