Skip to content

Donna Quichote?

april 23, 2014

13956359746_f6b8db4a3c_b

I går reiste me opp til vindmølleparken på Undheim for å fotografera. Då eg gjekk ut av bilen vart det rett og slett ubehageleg. Det bles så pass friskt og dei gigantiske rotorblada gjekk kvinande rundt i veldig fart. Eg tenkte at eg ikkje hadde hatt mykje eg skulle ha sagt dersom det løsna eit par vitale skruer. Då eg las på eit skilt at ein opphaldt seg der på eige ansvar, feiga eg ut. I god litterær tradisjon så var eg redd for at vindmøllene skulle angrip meg…

Fotografen eg reiste saman med var langt modigare og meinte at det var bare viss det var fare for istappar at det var farleg, og det hadde han sikkert rett i, men eg lytta til magestemmen og sa at eg heller gjekk ned att til vegen medan han fotograferte. Det var fine motiv å sjå der og, ein skal faktisk ikkje veldig langt inn på Jæren før fjell-landskapa opnar seg. Det ser ein godt både frå fly og langs kysten i båt.

image

image

Og lammma langs vegen er i grunnen minst like fine som vindmøllene.

13987181675_f412735056_b

13964160376_57e2eb034f_b

Og ein treng ikkje gå veldig langt før det er fine motiv. I hagen til Ingrid blømer plommetrea.

image

Ingrid har starta på den valfrie store oppgåva si i «Kunst og handverk». Det er ei valfri oppgåve med ganske stort omfang. Ho har tenkt å skriva om bruken av biletbøker på mellomtrinnet, og sjølv laga ei biletbok om firfisla Sverre som jobbar i bank, og som til den gamle mora si store fortviling bare er oppteken av å telja pengar. Ho har begynt å laga skisser til bileta, og dei var ganske fornøyelege. Kanskje eg får lov til å trykka eit av dei her etterkvart.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: