Gå til innhald

Revurdere det vi tviholder på?

april 24, 2014

image

Eg lar meg framleis fascinera og utfordra av tankane i Charles Ringma si bok «Den indre rytmen». Eg har lyst til å sitera litt der i frå i dag. Kom gjerne med tankar. Eg gjer meg ganske mange tankar når eg les dette, men ikkje alle er like velformulerte endå.

***

Om å være åpen for nye muligheter:

For noen ser det dessverre ikke ut til at åndelig modenhet har noe som helst med åpenhet og fleksibilitet å gjøre. Snarere tvert i mot. Mønstrene for hva de tror og gjør, har gravd dype spor, som når man kjører den samme ruten hver dag. Dermed er åndelig modenhet blitt synonymt med rutine, forutsigbarhet og trygghet, noe som ofte fører til stolthet og harde hjerter.

Henry Nouven skriver:

«Det som er avgjørende for en moden tro, er at vi hele tiden er villige til å skifte gir, integrere ny innsikt og revurdere våre standpunkt.»

Og videre Charles Ringma:

Åndelig modehet er en heller skjør tilstand. Det er å være villig til å søke videre og til å revurdere det vi tviholder på, samme hva vi før har lært.

***
For eigen del kan eg jo leggja til at det er to lærde og djupt reflekterte menn som har uttalt desse tinga. Det handlar ikkje om opportunisme og politisk og korrekte standpunkt. For dei handlar det om bibelstudier, bøn, ettertanke og nestekjærleik, og det å vera villig til å oppdaga ting som ein sjølv kan bli overraska over. Eg synest tankane er spennande. Det handlar litt om motet til som Trond Viggo seier det «å tenke sjæl», og samtidig til å verkeleg kjenna etter kva som opplevest rett for ein sjølv etter å ha vore i desse prosessane. Av og til kjenner eg at eg er ueinig med «folk flest», og av og til kjenner eg at eg kan vera ueinig med det som i tabloid presse blir kalla «Kristenfolket». Det kan vera vanskeleg å oppdaga at her må eg rett og slett vera ærleg nok til å stå for det eg opplever er rett, men samtidig vera open for å justera kursen om det opplevest som det rette å gjera det.

I tillegg til det eg allereie har skrive, så er eg nokså sikker på at både Ringma og Nouven trur på det som i «kristenspråket» blir kalla «ledelse». Dette at ein kan få ei sterk fornemming av at ein skal gjera det eine eller andre fordi ein blir overbevist om at det er rett. Då er me inne på den delen av verdensbiletet som me vil tenkja veldig ulikt om etter kva me trur på, sjølv om eg trur at truande tvilarar og tvilande truande av og til står kvarandre nærmare enn me liker å gå rundt og tru…

Dette vart kanskje litt halvkveda viser, men det var vel omtrent dit eg ville i dag. Nå har eg skrive i mange timar på tekstane til kulturskuleboka. I morgon reiser eg på besøk til farmor. Ei koseleg hending i dag var at eg fekk plata til Randi Elgelsvold «Fager draum» i posten. Ho syng veldig fint. Me har snakka om å samarbeida. Eg har lyst til å prøva meg på nokre litt viseprega tekstar som ikkje er salmar. Så gjeld det bare å få tida til å gå i hop, men det er rart kva ein får tid til når ein bare vil det sterkt nok…

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: