Gå til innhald

Og heime blømer kirsebærtreet

april 25, 2014

I dag var det dagen for tur til farmor. Meg og far i framsetet og Borghild og Ingrid i baksetet. Sola skein og bjørkene stod grøne. Det var duka for ein skikkeleg generasjonsdag.

image

Og sjøen var sommarleg spegelblank. Far spanderte kaffi og lappar på alle saman på overfarten.

image

Og farmor var så fin i lyseblått. Ho vil absolutt dekka bord og stella i stand mat, sjølv om me seier me vil gjera det for henne. Ho seier at det er rart å vera nesten hundre år. Eg spør om ho tenkjer mykje på det. Ho seier at det er nå så det. Eg seier at ho gløymer det vel av av og til. Då ler ho og seier at ho kan nå ikkje tenkja på slikt heile dagen. Og dagane går fort, sjølv når ho er aleine, og så er det så kjekt å få besøk. Eg seier at viss ho blir hundre år, og det kan jo tenkjast, for det er jo snart bare to og eit havt år igjen, så får ho telegram frå kongen har eg høyrt. Ho ler og seier at det kan ho klara seg utan.

image

image

Og når eg er saman med far og med farmor, så kjenner eg meg sånn omtrent bare så vidt vaksen, og den kjensla er i grunnen heilt ok sånn av og til. Men så har ein jo med seg ei vaksen dotter og, som minnar ein litt på realitetane i livet.

image

image

image

Farmor har så fine pottelantar. Dei har ho alltid fått så godt til. Ho seier at nå er det bare potteplantene som treng henne, og at det er godt å ha nokon å stella for.

image

Men dagen går fort, og Borghild skal nå flyet til Oslo som går klokka halv åtte, og når ho kjem til Oslo skal ho rett på nattevakt, så me må ikkje vasa oss vekk på vegen. Heldigvis rekk me det med veldig god margin.

image

Og heime blømer kirsebærtreet som verkeleg har slått ut i full blomst.

Kvelden er alt for lys til å setja seg til inne, så eg og Ingrid tek med oss Oscar og kjører ned til stranda for å gå ein kveldstur.

image

image

image

Kveldane er så lyse som skulle det vore sommar alt, og dei gjer at ein i grunnen aldri får lyst til å gå og leggja seg…

Heidi

2 kommentarar
  1. Borghild permalink

    Takk for turen! Eg nådde nattevakt 😉

  2. Takk for ein fin dag, Borghild. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: