Skip to content

Sommar i april

april 26, 2014

14023728314_171630cd80_b

image

Veret i dag har vore sånn omtrent full sommar. Det er fantastisk fint, og kirsebærtreet vårt er like fantatisk fint som det er kvart år, sånn omtrent ei veke i året…, og den veka gjer at det får lov til å bli ståande, for eigentleg er det blitt alt for stort til den vesle hageflekken der det står, og bæra er skikkeleg sure…

Til og med eg forstod at det var på tide å rydda vekk påskepynten.

image

Mest kvart einaste år, så får eg plutseleg så lyst til å få det fint i hagen, og så bestemmer eg meg for at dette er året då me skal få det fint og triveleg og estetisk akkurat som alle naboane våre… Optimistiske drog me avstad til eit hagesenter i nærleiken og fylde opp ei trille med fine ting…

image

Odd Christian hadde litt av dei same tankane, så han reiste i lag med oss…

image

På veg heim stansa me heilt spontant på den georgiske restauranten og åt god pai med ost og spinat.

image

Så bar det heim for å leika gartnar. Eg opppdaga at alle plantene eg hadde kjøpt i grunnen var nesten som ein drope i havet, så eg må ut til gartneriet igjen ein av dagane. Ingen som ser hagen vår skulle tru at me faktisk begge to er vaksne opp med veldig fine hagar. Me har ikkje klart å prioritera det høgt nok med tid og pengar, kanskje, eller kanskje me bare er nokså talentlause. Hagen vår er det minste ein kan drista seg til å kalla for ein hage, så det burde ikkje stå på arealet. I bedet framfor huset rådar det glade blomsterkaos. Me gjer litt kvar,, og gløymer å informera kvarandre. Eg sette ut ganske mange stauder i fjor, medan den andre gartnaren kjøpte med seg masse blomsterløkar frå Amsterdam, som er gravne ned litt etter innfallsmetoden. Tulipanar, krokus og gladiolusar veks i hytt og ver, og kjem foreksempel opp midt i staudetuer. I tillegg har eg litt tilfeldig i dag sett ned ei tue med rosa strandnellikkar og tre stemorsblomstplantar i ulike blånyansar. Det nyttar ikkje å prøva å laga eit system ut frå det som er der frå før, så systemet blir å blanda tenkjeleg og utenkjeleg og satsa på at det blir fint på ein litt sær måte… For det meste i naturen kler jo einannan, og det er mange blomster i Vår Herres hage og…

I kveld har me sett ein dokumentar om ei stor gruppe vaksne menneske, dei fleste av dei menn, som er heilt hekta på teiknefilmane om «My little pony.» Verda er ein merkeleg plass… Katten saknar Sunniva, som er bortreist i helga, og er ekstremt masete. Nå har ho sovna mellom skjermen og tastaturet. I morgon kveld er eg med og riggar kveldsgudsteneste i Bryne kyrkje. Velkomen dit 🙂

Heidi

3 kommentarar
  1. Borghild permalink

    Så gøy at dåkk såg dokumentaren!

    • Så bra 🙂 Det vart ein veldig fin dag. Gleder meg til å sjå bileta. Eg har litt igjen på slutten av dokumentaren som eg vil sjå i dag. Forunderlege greier… Dei fleste sa jo at «besettelsen» hadde kome heilt overraskande på dei, så eg tenkte tanken, tenk om eg er hjelpelaust hekta på «My little pony etter å ha sett på dette»… Tanken fekk meg nesten til å le høgt.

    • Og sei i frå om du har andre dokumentar-tips. Det er viss verkeleg ei familiegreie akkurat det der. Her i huset er me ville etter gode dokumentarar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: