Skip to content

Ferie heime

juni 27, 2014

IImageHeimen er utan Internett, og eg har ikkje klart å finna ut korfor. Eg prøver derfor å laga eit innlegg frå mobilen. Det viser seg å vera ganske vanskeleg… Ferie heime er i grunnen gode greier, men tidsoptimist som eg er, så raknar alle timeplanar… I dag trudde eg at eg skulle bruka ein times tid på å vaska kjøleskapet. Det ende med å ta veldig mykje lenger tid… Eg skjemmest over kor mykje mat som måtte kastast både på grunn av haldbarheitsdato, som eg på ingen måte er hysterisk på, og på andre endå meir openlyse grunnar, som eg ikkje skal koma nærare inn på her. Eg har lova dyrt og heilag på husstandens vegne at nå er det slutt på å handla matvarer som me ikkje får brukt opp. Eg kan ikkje fordra å kasta verken mat eller tome isboksar og syltetøyglas, men av og til må det til.

Bileta er frå dagens kveldstur, øvekjøring til Ølberg havn. Eg må rett og slett seia at dersom eg hadde kome til denne delen av verda utan å vera kjend her, så trur eg at eg hadde funne naturen uvanleg vakker… Eg klarer ikkje å få oversikt over det eg sjølv har skrive her, og Stavekontrollen kjem med mange kreative forslag. Eg trur rett og slett eg får stoppa her, og be lesarane bera over med eventuelle ortografiske krumspring. Eg håpar nettet er på plass att i morgon. Er det fleire enn oss som har nettproblem her i området ? Eg innser at det kunne vederfarast oss verre ting enn ein dag utan Internett, men det kunne likevel ha vore kjekt å få det tilbake.

Heidi

 

Image

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: