Skip to content

Me har fått sommarnettene tilbake

juli 19, 2014

image

I går hadde me kvaler. Luksusproblemet vårt var at me likte Vinius så godt. Me sjekka om me kunne få behalda hotellrommet  lenger, og det kunne me. Skulle me droppa planane om å dra vidare for å sjå meir av Litauen og Latvia for å bli verande i Vilnius? Me vurderte og telde på knappane, men fann ut at me ville halda oss til den opprinnelege planen og dra vidare i dag.

Denne mannen, som sel kattemaleri i Vilnius, får stå som ei siste helsing frå Vilnis. Han gav meg god underhaldning medan eg åt potetpannekake med tytebærsyltetøy og såg rett bort på han. Han ommøblerte bileta kvart tredje minutt, laga kattelydar i rytmen til ein gatemusikanta lenger nede i gata, og sette inn ulike typar sjarmoffensivar til absolutt alle forbipasserande. Desse nonnene kjøpte ikkje, og heller ingen andre den halvtimen eg observerte han, men pågangsmotet var det lite å seia på. Det var mest så eg fekk lyst tilnå dra fram lommeboka, men eg hadde jo nettopp kjøpt meg katt på eit ekte kunstgalleri.

Vår plan i dag var å få sett litt av landsbygda og eit par halvstore byar, og slik vart det. Det er frodig og fint her, men mange hus ser veldig falleferdige ut. Spesielt gjeld dette uthusa. Me kjørte forbi mange løer som snarare var rønner enn driftsbygningar. Er det slik at folk sluttar av gardsdrifta og lar løa stå til ho dett saman av seg sjølv i staden for å riva? Er dei mest falleferdige husa fråflytta og bare står der heilt aleine? Ikkje veit eg…

image

image

Det det er nok mest husa som vitnar om at folk har mindre pengar her enn heime. Me stoppa i to byar som var relativt store med fleire supermarknadar, men kafear og restaurantar fantest det så å seia ikkje. Det må kanskje bety at det å eta ute er ein luksus folk stort sett ikkje unnar seg her, og at det er lite turisme utanom dei store byane? Nå minner eg meg sjølv om » onkel reisene Mack» i » Fraglene», fyren som reiste rundt i verda og rapporterte sine opplevingar heim til Fragleland med nokså rare slutningar han hadde drege på syltynt grunnlag. Det eg kan slå fast er at alle me har møtt her er veldig søte, vennlege, imøtekomande og hjelpsomme.

image

Og at naturen er vakker. Etter å ha stilt klokka til litauisk sommartid, så har me fått tilbake dei norske lyse sommarkveldane, der det er lyst til klokka halv elleve. Dei får eg ikkje nok av, så det kjendest som ein uventa gave.

Me har slått oss til i ein koseleg liten by. Husa her og er ein historie for seg sjølv. Dei er vindskeive og ser ut som om dei snart kan rasa saman. Dei er umalte eller malt i sterke, nesten sjølvlysande fargar. Dei minner meg litt om kunstnaren Gunn Vottestad sine hus frå Finnmark, og er sjarmerande på ein litt rampete måte.

imageimageimageimageimage

Lenge lurte me på om me måtte kjøpa middagen vår på sipermarknaden, for me såg ikkje ein einaste kafé, pizzaplass, kebabsjappe, pølsebu eller restaurant, men så var det nokon som fortalde oss at det var ein pub nede ved vatnet der ein visstnok kunne få kjøpa varm mat. Det viste seg å vera ein veldig koseleg plass der  ein ung familie nærmast hadde opna restaurant i hagen sin. Dei kunne til og med gi oss engelsk meny, det vart me glade for, for etter å ha lese og gjenta oss gjennom ein litauisk meny, var me langt frå sikre på kva me hadde tenkt å bestilla. Maten var god, og det kjendest mest som heime å sitja under grøne tre med det blonde nordiske kveldslyset over oss.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: