Skip to content

Grusvegen til Latvia

juli 20, 2014

I dag morges var det koseleg sundagsstemning på hotellet vårt i Siailiai i Litauen. Kyrkjeklokkene i kyrkjene like ved ringde heile melodiar, og i frokostromet hadde dei dekka fint med dukar. Me fekk appelsinjus, kraftig litauisk kaffi, mørkt rugbrød og skinke og små pannekaker med ferskost og heimelaga solbærsyltetøy.

Me vurderte litt å dra til Riga i dag, men fann ut at det ville bli litt for langt. I staden ville me bruka god tid i grenseområdet mellom Litauen og Latvia! finna nokre småvegar og bruka tid på å sjå oss om i staden for å ta ei transporterappe på motorveien. Me stilde inn GPS-en på noko me antok var mindre trafikkerte vegar. Det viste det seg verkeleg å vera, mesteparten av føremiddagen køyrde me på smale, humpete grusvegar, og me fekk verkeleg sjå landsbygda.image

Me køyrde langs dyrka mark, og langs jord som ikkje såg ut til å vera i drift lenger. Me såg folk jobba med hest og plog, og på rare traktorar  med lasteplan framme. Me såg vakre åkrar med masse blomar mellom kornet, storkereir, storkar og haukar som fauk lågt over åkrar og leitte etter byttedyr. Me såg ein påkjørt bare og ein påkjørt bever. Dessutan vrimla det av sommarfuglar.

imageimage

Ute var det nydeleg sommarver og det lukta så godt av jord og høy og blomar,  slike lukter som for meg er tett forbunde med sommar.

image

Me såg det same som i går, masse falleferdige hus og løer. Eg skulle likt å vita korfor det er slik. Har ikkje landbruket klart å reisa seg etter Sovjettida? Er det ikkje råd å leva på smågarder lenger, slik at folk flyttar frå gard og grunn og let bygningane stå att? I ein del av desse falleferdige umalte husa ser det ut som om det bur folk, medan andre heilt tydeleg står tomme.

Tidleg på ettermiddagen kom me til ein badeby på nordkysten av Latvia. Me hadde bestilt rom på eit fantastisk hotell som ser ut som ein blanding av Villa Villekulla og Mummihuset.

image

Huset ligg ved ein stor flott park med tennisbane, fotballplass, restaurantar, lekeplasssar, fontener, musikkpaviljongar og isbuer. På den andre sida av denne parken er det ei stor, fin badestrand. Dette er ein by som mange frå Latvia og Litauen, men og ein del tyskarar reiser på ferie til, og det er verkeleg fint her.

image

Denne byen er full av store kråkeslott av nokre sveiservillaar, slik den me bur i, men bare dei færraste er pussa opp slik som dette huset. Dei fleste er til nedfalls, med maling som flassar av, vindauge som er knuste, fillete flagrande gardin og dører som heng og sleng. Dei vitnar om ei storhetstid som må ha vore, og om harde tider som har kome etterpå. Eg håpar nokon tek band om dei, før dei dett saman av seg sjølv.

I kveldinga var var me nede og bada i sjøen. Vatnet var godt og varmt, det var god plass på stranda og sanden var mjuk som pulver. På veg opp etter å ha solt oss litt, sette me oss på ein benk i parken med ein kopp kaffi me hadde kjøpt i ei bu. Då hadde me ei litt spesiell oppleving, ein mann i T-skjorte og badeshorts kom bort til oss og spurde om me snakka tysk. Då me bekrefta det, sa han at då han såg oss hadde han tenkt på Schubert og Ave Maria.  Han spurde om me hadde høyrt Ave Maria. Då me nikke, sa han at han gjerne ville synga for oss. Så drog han til med ein stemme som hadde kunna høyrast til bakerste benk i ein stor operasal. Han stod ein meter frå oss og song Ave Maria så høgt at krystall- lysekrona hadde rista om ho hadde vore der. Han Hasle det ein kan kalla ein stor stemme sjølv om han nok ikkje alltid traff kammertonen. Litt forfjamsa og lattermilde takka me for songen. Då tok han opp ei lommebok og sa at me kunne få betala litt om me ynskte å gjera det. Kor desperat økonomisk situasjon skal ein vera i for å oppsøkja folk på stranda og synga opera for dei i håp om å få pengar?  Det er hyggelegast å tenkja på at han gjorde det fordi han liker å syngja…

image

Me  har hatt ein nydeleg julisundag i Latvia. I morgon tek turen vår ein vri. Då legg me inn ein fergetur der me skal vera på båt i over eit døgn mellom Litauen og Kiel.

Heidi

 

From → blomar, Mat, Reiser, sommar

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: