Gå til innhald

Til lands og til vanns

juli 22, 2014

image

Viss eg er heldig, så finn eg ein stad med internettdekning, slik at eg kan lasta dette opp. Me har teke inn på eit hotell utanfor Flensburg, og verten har nettopp beklaga at dei ikkje har internettdekning her.

Eg skriv nå likevel, for nå hadde eg så mykje eg hadde gleda meg til å fortelja.

Me trudde me hadde god tid då me skulle ta ferge frå Liauen til Kiel i går, men me klarte å rota litt på vegen slik at me var ved fergeleiet akkurat på det tidspunktet me hadde fått beskjed om å gjera det. Me håpa me var i rett kø, for alle stadnamn var skrivne i den litauiske varianten. Det var me heldigvis. Dei allerfleste av kjøretøya som skulle på ferga var trailarar. Dei stod tett i tett på dei øverste dekka. Alle privatbilane vart stua inn i botnen av båten, og for å koma opp til passasjerdekket med innregistrering, måtte me gå opp 103 trappetrinn i veldig smale jerntrapper, og på veg opp rakk eg å utvikla ein lettare panikkfølelse. Kva var det me hadde begitt oss ut på nå då? Ferieturen skulle vara i over eit døgn. Med hurtigbåtturen heim frå Danmark i fjor i friskt minne, der alle spydde heile tida, har eg utvikla ein liten skepsis for ferger som eg ikkje hadde før. Det kjendest og plutseleg litt skummelt at me skulle vera utanfor rekkevidde for barna våre i eit døgn, så eg måtte skunda meg å senda meldingar til familien om at me kom til å vera akkurat det.

Bekymringane viste seg å vera ubegrunna. Havet var stille som eit stovegolv absolutt heile turen, og båten gynga ikkje i det heile tatt. Oppe på passasjerdekket var det fint og greitt, og utruleg god plass samanlikna med danskebåten. Dei fleste passasjerane var trailarsjåførar på jobb, og ingen såg ut til å tenkja at dei var på partytur. Ein kunne kjøpa billett til måltida då ein kjøpte reisebillett, og det såg ut til at dei fleste hadde gjort det. Det var mange fleire litauarar enn tyskarar på båten, og ingen andre skandinavar så vidt eg kunne sjå. Mitt kjære reisefylgje var nok litt skuffa over at det ikkje var teikn til noko litauisk danseband på båten. Folk såg fjernsyn eller sat i baren, og i tillegg var det eit lite bibliotek med bøker og blad som folk hadde lagt att, som passasjerane kunne låna i frå, ein kjempeide, spør du meg.

image

Store deler av turen sat eg på golvet ute på dekk i strålande solskin med hav og blå himmel på alle kantar og las bøker. Eg las to bøker eg fann i ein billigkasse i Riebe for eit par veker sidan: «Kærlighed er, – fortellinger fra mit liv.» av Kathrine Lilleør og «Det gode i dig» av Linda Olsson. Begge bøkene kan eg anbefala varmt.

Kathrine Lilleør er dansk sokneprest og skriv veldig klokt om livet med utgangspunkt i sitt eige liv. Fleire gonger bruker ho nye og overraskande innfallsvinklar. Eg veit ikkje om bøkene hennar er omsette til norsk, men eg fekk veldig lyst til å lesa fleire av dei. Eg trur eg må gjera eit forsøk på å få tak i dei når me skal kjøra gjennom Danmark i morgon.

«Det gode i dig» er den danske tittelen på den boka av Linda Olsson som heiter » The Kindness of Your Nature». Eg meiner bestemt at ho finst på norsk, men eg veit ikkje kva den norske tittelen er. Eg har lese dei andre bøkene hennar, og spesielt den som eg trur heiter » La meg synge deg stille sanger», på norsk. På dansk ser eg at ho heiter «Astrid & Veronika». Denne boka likte eg nesten endå betre. Ho handlar om ei dame som har slått seg ned aleine på den ytterste utkant ved havet der ho jobbar som lege og prøver å gløyma vanskelege ting ho har opplevd tidlegare i livet. Ein dag møter ho ein liten gut som tydelegvis og ber på mørke og hemmelege ting.

Eg fekk og lese ferdig boka «Over det kinesiske hav», ein sterk oppvekstroman om ein liten gut som vaks opp under ganske spesielle forhold på sørlandet ein stad fordi foreldra hans hadde gjort huset sitt til ein forpleiningsanstalt, på folkemunne kalla «galehuset». På den tida betydde det at dei tok i mot både psykisk utviklingshemma menneske og menneske med psykisk utviklingshemming. Boka handlar og om sorg. Ei fryktelig ulukke ramma nemleg den vesle familien. Dette er og ei bok eg kan anbefala.

I tillegg til dette skreiv eg ein rar liten visetekst der eg sat på dekket på båten. Kanskje det er ein slags kjæleikssong. Det kan tenkjast at eg legg teksten ut i morgon, eg må bare kjenna etter om eg synest eg kan vera bekjent av teksten…

image

I dag morges då me sat og åt frokost etter å ha forsynt oss frå ein buffet, gjorde Leif meg diskret oppmerksam på at eg måtte sjå bort på nabobordet. Eg fekk nesten hakeslepp, der sat det tre litauiske trailarsjåførar og eit fjell av mat. Utan å overdrive så hadde dei forsynt seg med seks kokte egg kvar, seks pølser kvar, og nå snakkar me noko som er beslekta med gildes røykte kjøttpølser, steikte egg, steikt kylling, store skåler med frokostblanding og kvar si skål med ferskost og nysteikte pannekaker. I tillegg hadde dei eit lite tårn kvar med brødskiver. Me begynte å lura på om det var slik at dei ikkje hadde råd til å stoppa for å kjøpa mat på vegen, og derfor måtte eta for både ein og to dagar når dei hadde sjansen. Etterkvart kom det opp diskret blå papirposar under bordet som dei fylde med pølser og kokte egg. For det eg veit, så kan dei ha ein avtale med fergeselskapet at dei kan smørja med seg litt niste. Eg fekk ei litt ubehageleg kjensle av å vandra rundt med ei gullskei i munnen vel vita at det minuttet me blir svoltne så kan me stoppa og kjøpa nesten akkurat det me måtte ha lyst på, i alle fall med tanke på lommeboka…

Vel framme i Kiel, måtte me som hadde personbilar venta ein time på å få gå ned til bilen fordi dei først måtte få av trailarane. Natt til i overmorgen skal me og overnatta på ferge, det blir den siste etappen mellom Hirtshals og Stavanger, så nå kan me hevda at me er inne i cruise- delen av ein veldig fin ferie.

Eg må innrømma at det å koma til Tyskland kjendest nesten som å koma heim. Her kan me snakka og forstå språket, og her kjenner me sånn nokolunde til kodar og kultur. Tyskland kjennest veldig rikt og forbrukarsentrert etter å ha kjørt rundt i ganske fattige område i Polen, Litauen og Latvia. Vêret er framleis strålande og temperaturen ligg og vippar på rundt 30 grader celsius. Me har vore ein tur på Citti Grossmarkt, sidan me er heilt i nærleiken. For meg vart det litt for mykje av det gode å bevega meg rundt ein plass der folk fyller handlevognene sine med heile fjell av billige drikkevarer, flesk og kjøt… Men igjen. Det seier litt om kor bortskjemt eg er. Eg veit at eg kjem til å klara meg heilt greitt sjølv om eg reiser tomhend frå Citti Grossmarkt. Eg innser og at det er å vera bortskjemt når ein blir litt skuffa over at det ikkje er internettdekning, og mest ikkje mobildekning på hotellet. Eg ser strengt på meg sjølv i spegelen og seier at slikt går ikkje an. Den hyggelege verten på denne lett forfalne overnattingsstaden, snakkar norsk/dansk med oss, og seier at han er veldig begeistra for Norge, der han har kjørt mykje omkring. Han jobbar sikkert livet av seg for å få dette til å gå rundt. Utanfor er det ein trafikkert veg og ein stor grøn hage. Hotellet heiter noko med sjø, så kanskje det går ein gangsti her i frå til ein liten innsjø ein stad bak dei høge trea. Min eiegode mann har foreslått at me skal kjøra ein tur og leita etter ein stad med internettdekning. Jo visst er eg bortskjemt.

Nå gleder eg meg til turen gjennom Danmark i morgon. 🙂

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: