Skip to content

Et hemmelig liv i en annan sitt minne

august 5, 2014

image

Dette diktet høyrde eg sitert i radioen i går. Det er fint.

Minutter, kanskje timer
av din egen eksistens

som du har glemt,
men som jeg

husker. Du lever
et hemmelig liv

i en annens minne.

-Tor Ulven-

***

Eg har ofte tenkt på akkurat det… At eg hugsar mange ting om folk som dei ikkje hugsar sjølv. Det kan vera noko dei sa for veldig lenge sidan, lanskje bare eit uttrykk eg såg i ansiktet deira, som dei aldri ein gong rakk å vita om. Eg veit at eg har veldig godt minne på ein del ting. Av og til grip eg meg sjølv i å tenkja at eg håpar andre ikkje hugsar like godt. Det er mange ting eg har sagt og gjort som eg veldig gjerne skulle sett at alle andre har gløymt. Det som er endå skumlare å tenkja på er at eg må gå ut i frå at mange hugsar ting eg sjølv har gløymt og kanskje ikkje ein gong registrerte at det skjedde. Ei jente eg gjekk saman med på barneskulen sa tjue år seinare at ho hugsa at eg alltid var rufsete på håret og hadde det rotete på pulten. Eg tviler ikkje eit sekund på at det er sant, men sjølv visste eg ikkje om det.

Slik er det å vera menneske. Me ber kvarandre sine liv i hendene våre og lever vrange eller rette liv i andre sine tankar og minne. Av og til veit eg alt for godt at eg har snakka alt for mykje og teke for stor plass. Andre gonger er eg glad og lukkeleg og veit ikkje om det ein gong. Det er merkeleg å leva og å sameksistera med andre. I går las eg noko av Magnus Malm, som eg tenkte at eg ville vidareformidla.

«Nærvær er alt annet enn idyll. å være nær den andre er å slippe taket i egen sikkerhet og gjøre seg sårbar. Det er å kunne ta inn den andres perspektiv og kjenne på den andres smerte. Det er bare fra dette punktet en virkelig samtale kan vokse fram, vekke tillit og bygge broer i stedet for murer.»
Magnus Malm (Kjennetegn)

Eg trener meg på å bu utan barn. Det går ganske bra. Me gjer leiligheiten nede, som barna har brukt og som me ikkje har leigd ut på lenge, klar for ny bebuar. Det var meir nedslite enn eg trudde, og me innser at det må oppussing til. Me reiser inn til IKEA for tredje gongen på ei veke for å sjå på moglege løysingar. Me tek med oss Odd Christian. Han er meir praktisk enn foreldra sine. Etter tre ikeaturar sit eg att med to pakker teaterdokker til å tre på fingrane, eit syskrin med saks, diverse stoffbitar, ein aloe vera plante og ein annan potteplante. Eg har fått symaskinen i dag som eg bestilde på postordre i sist veke. Eg gler meg til å sy. Først må eg bare rydda ferdig og luka bedet framfor huset. Eg lurer på om det kjem til å bli mykje mindre rot nå når me bare er to vaksne som bur her. Det er lov å håpa.

Eg unde meg ein lesepause ute i sola og las «Regines bok», boka som er bygd på blogginnlegga til Regine Stokke som døydde av leukemi i 2008. Sunniva hadde lånt boka av mormor. Eg trudde eg hadde lese ho, men oppdaga at det hadde eg ikkje. Det var sterk lesnad. Bodskapen hennar er at me må vera glade for livet og ta godt vare på livet og kvarandre. Sjølv ville ho så gjerne leva, men sjølv med ekspertisen på si side, så nytta det ikkje å slåst mot den alvorlege kreftdiagnosen. Ein av tinga ho reflekterer over, er kor misfornøgd ho ofte var før ho vart sjuk. Ho brukte krefter på å venta på at ein dag ville nok alt bli betre. Etter at ho vart sjuk oppdaga ho kor verdifullt livet er. Ho vart bare 18 år. Eg tenkte sjølvsagt på foreldra hennar og og på kor hjarteskjerande meiningslaust det må vera å mista eit barn.

Eg vil slutta som eg begynte, med eit dikt. Finske Eeva Kilpi skriv og om å vera saman.

Bare si i fra om heg forstyrrer,
sa han da han kom inn,
så går jeg med det samme.

Du ikke bare forstyrrer,
svarte jeg,
du skaker hele min tilværelse.
Velkommen.

Eeva Kilpi

image

I dag har eg teke eit skritt mot den yrkesaktive kvardagen; Eg har sett ny innmat inn i lærarkalendaren, og lagt den gamle innmaten, fint samanbunden, ned i den skuffa eg brukar til slikt. Eg er tidleg ute i år…
Om sommaren er det herleg å mest ikkje ha avtalar, og lettfeldig skriva dei få ein har på papirlappar ein kanskje mistar, og kanskje hugsar på. Nå er alle lause avtalar på plass i den nye boka som ikkje lenger er så rein og blank som ho var i føremiddag. Denne veka skal eg nyta fridomen. All erfaring tilseier forresten at det er ganske kjekt å begynna på jobb att. Det er som å hoppa ned i litt kjøleg sjø frå ei brygge. Ein tek sats og hoppar,etterpå kjennest det litt sjokkarta det første minuttet, så hugsar du kor godt du eigentleg liker å symja i litt djupt og ganske salt vatn…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: