Gå til innhald

Stormen

august 9, 2014

image

image

I ettermiddag ringte Hanne Lise og lurte på om eg ville bli med ned til stranda og gå tur og fotografera litt. Det var jo varsla storm… Sidan det ikkje bles så mykje endå, fann me ut at me ville venta litt og reisa nedover klokka seks.

image

Då me kom ned var det i grunnen mindre vind og mindre dramatiske bølgjer enn me hadde tenkt oss. Det var til og med folk der som bada. Då me gav oss til å gå langs stranda, kjende me fort at vinden tiltok ganske dramatisk, og framfor auga på oss begynte havet å koka.

image

image

Hanne Lise hadde med seg kvit duk i veska si. Kvit duk og blåbær og til og med ei lita flaske med vaniljesaus. Nå gjaldt det bare å finna ein eigna stad for picknik. Me fann oss ei hole ved enden av stranda der det var nokolunde live. Duken måtte me sitja på så han ikkje skulle fyka vekk…

image

Etter den vesle pausen var det verkeleg blitt fart på bølgjene, og havkanten hadde flytta seg opp til midt på stranda. Dessverre gjekk batteriet i mobilen slik at eg ikkje fekk fotografert på det heftigste.

image

Det begynte å regna kraftig, og snart var me søkkvåte. Me fann ut at me ville gå på stien oppe bak sanddynene i staden for nede på stranda. Me tulla litt med at me fekk finna ein stad og leggja oss flate om det skulle begynna å lyna rett over hovuda våre, nå var me jo øverst i det veldig flate landskapet. Heldigvis slapp me å prøva ut planen. Plutseleg høyrde me ein høg lyd me ikkje kunne identifisera. Var det ein stad i nærleiken dei spelte høg musikk. Me forstod etterkvart at lyden kom frå ein kjempeflokk med fuglar som hadde teke til vengene. Kanskje dei diskuterte uversruta dei og…

Trygt tilbake i bilen, klissblautw og fulle av sand var me einige om at nå hadde me kjend me var i live.

Etter ein varm dusj heime, fekk me telefon frå Odd Christian som var på musikkfestival på Borestranda. På grunn av ekstremveret dreiv politiet på og evakuerte festivalområdet, og han lurde på om me hadde lyst til å henta han. Den opprinnelege planen var at han og kompisene skulle bu i telt på stranda ei natt til, men nå var teltleiren i ferd med å blåsa av. Femtenhundre festivaldeltakarar måtte reisa heim, og dei vart henta på stranda med bussar. Mange hadde bestilt henting, så det var viss fullt kaos der nede. Leif fekk henta han og eit par andre festivaldeltakarar, men alt tok si tid, og viss eg forstod det rett, så må dei koma tilbake og henta telta.

Akkurat nå høyrest det ut som om vinden har løya, men i følge ryktene skal me viss få besøk av en ny storm. Nokre snakka til og med om restane av ein orkan, men dei eller eg kan ha misforstått. Me slepp å kjeda oss så lenge me har vêr å forhalda oss til…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: