Skip to content

Ein stad å vera menneske.

august 10, 2014

image

I dag sykla me til kyrkja for å vera med på gudsteneste. Eg kjende då eg sat der at dette ville eg prøva å skriva litt om i dag. Eg ville prøva å skriva litt om kva kyrkja er for meg. Då eg var innom ei av sidene til Kirkens bymisjon, såg eg ein definisjon eg likte: Kirken er et sted å være menneske.

image

Kyrkja er noko som engasjerer, irriterer, provoserer og berører. Kor mange gonger har eg ikkje følt at eg må svara og stå til rettes for alt nokon trur eller meiner at kyrkja står for? Det er ikkje alltid eg har gått laus på oppgåva med like stor lyst og glede. Men på ein måte har dei rett, eg er jo kyrkja, slik alle me som trur og tviler og bekjenner er kyrkja.

image

Sidan eg flytta til Bryne for nøyaktig 28 år sidan, har kyrkja på Bryne vore ein av heimane mine. Då eg var konfirmant, og sat med konfirmanboka » Mer enn du anar», og vart undervist av ganske mange ulike vikarprestar, måtte me med jamne mellomrom svara skriftleg på spørsmål. Eit av dei var å vurdera dette utsagnet: » Ein treng ikkje gå i kyrkja om sundagane, ein kan like godt finna Gud i naturen, lesa bibelen heime, eller høyra på radiogudsteneste.» Dette sa eg meg heilt einig i. Ein av prestane me hadde, eg hugsar ikkje kven, svarte: » Men då går du glipp av fellesskapet. Og dei andre går glipp av å vera der saman med deg». Det var nok ikkje den nøyaktige ordlyden, men det var det han sa. Og lite visste vel han at eg liksom aldri heilt kom til å gløyma dei orda.

image

Og ungane våre har me stort sett halt med oss frå dei var nyfødde, til dei tydeleg kunne setja ord på at dei ikkje hadde lyst til å bli med. Eg håpar ikkje at dei er vaksinerte mot sundagsgudstenester etter ein overdose i barndomen. Eg ville så gjerne ha dei der saman med meg, og eg ville så gjerne at dei skulle bli glade i kyrkja.

For meg har det vore eit slags amkerfeste i livet å høyra til i ein menighet. Det er sterkt å sjå dei same menneska fram til nattverd framleis. Dei er i heilt andre livsfasar enn då eg først møtte dei for 28 år sidan, og det er eg og. Nokre har forsvunne og andre har kome til. Me er svært feilbarlege og svært forskjellige. I denne kyrkja har eg sett opp teaterforestillingar med ungdomar, rigga til utallige bønevandringar og mukulamesser, hatt mange omgangar med sundagsskule, opna hemmelege skrin og beslekta handdokker. Men mest av alt har eg kome hit med tru mi, tvilen min og lengden min. Eg har kome med eit menneskeliv i hendene og fått hjelp til å leva det, og eg har hatt viktige samtalar der med andre menneske om det å leva.

image

Visst har det hend at eg har sett på klokka og tenkt på alt eg har å gjera. Eg har hysja på mine litt urolege barn og eg har teke meg i å mista konsentrasjonen og tenkja på andre ting. Eg har og tenkt at denne eine dagen i veka er det fint å ta det med ro heime, og visst har eg rett som det er falle for freistinga og vald radioversjonen i staden. Tåpeleg, men sant er det at eg ofte kjenner eit snev av dårleg samvit om eg ikkje kjem meg til kyrkja på sundagen. Det er heilt sikkert lite konstruktivt, men det finst dei som får dårleg samvit om dei ikkje joggar ein time til dagen og, så eg er i godt selskap.

Ofte er eg i kyrkja utan at dei heilt store opplevingane dukkar opp, andre gonger er det som om sløret inntil det heilage i glimt blir løfta vekk og eg får ei intens kjensle av å vera ein del av noko større, ein del av kjærleiken som er større enn døden. Andre gonger kjennest det som om eg heilt konkret får nytt mot til å kjempa for alt det gode eg trur på, nestekjærleik, rettferd, fred, menneskeverd.

Som sagt så er det ikkje alltid eg identifiserer meg med alt det ei gruppe av pressen kalla «kristenfolket» meiner og står for. I tillegg til den lokale kyrkja, så takkar eg Gud for Korsveibevegelsen. Dette er ei rørsle eg i sterk grad har identifisert meg med. Dei har våga å vera politiske, våga å snakka om miljøet og manglande rettferd, om å våga å leva enklare og meir alternativt og samstundes hatt ei djup andeleg forankring som eg har lært mykje av og henta mange impulsar frå.

image

Gjennom det fine glasmaleriet til Per Odd Aarrestad framme bak altaret, kan me skifta byen utanfor gjennom det farga lyset frå kyrkja. Det viktigste med å vera der inne, er å få kraft til å gå ut og leva, få styrke til å vera eit levande menneske i det store livet utanfor. – trur eg i alle fall. I dag vart me sende ut til Hans Olav Mørk si fine utsendingsbøn.

Gå!

Gå med uro!

Gå i hast!
Slutt aldri med å gå ut av kirkens rom,
Ut av freden og stillheten, ut i bråket og ubehaget,
Ut i latteren og gråten.
Bær med deg det levende brødet som du fikk her,
Som en skatt mellom dine hender og i ditt hjerte.
Del det ut igjen og igjen.
Alltid strekker det til, om du fortsetter å bryte det.

Kom!
Slutt aldri med å komme tilbake til dette stedet!
Kom aldri tomhendt.
Ta med deg ropet som presser bak leppene.
La det få lyde her.
Ta med deg sulten som aldri blir stillet,
Kampen som ennå ikke er vunnet.
Ta med deg en som har vært ditt medmenneske
uten at du visste det.
Her er møtestedet – i lyset fra Guds ansikt.

Hans Olav Mørk

image
Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: