Skip to content

Badar i skulestart

august 29, 2014

image

Ei eg kjenner brukte den ganske beteiknande formuleringa, «Druknar i skulestart». Sjølv har eg prøvd å laga ei litt meir positivt vinkla overskrift, så då fekk det bli badar i skulestart. Dette for å vidareføra biletet mitt frå begynnelsen av august om at å starta eit nytt skuleår var som å hoppa ut i litt for kald sjø. Først grugledar ein seg litt, så hoppar ein, deretter kavar ein smådesperat rundt ei lita stund, før ein plutseleg hugsar kor godt ein likar å bada. Det å starta ei skuleår er faktisk noko av det travlaste eg kan tenkja meg. Eg lurer på korleis eg klarte å få desse vekene i august til å fungera når eg samtidig hadde fire relativt små barn, men eg var vel kanskje endå flinkare på å fokusera då. Det seiest at arbeidstakarar med barn har mindre sjanse for å brenna seg ut fordi dei er nøydde til å skifta fokus heile tida. Eg lånar eit par barneteikningar som viser litt av dei mange små store gledene ein opplever i eit klasserom. Oppgava var å laga ei bok om vennskap, og jammen dukka eg ikkje opp i ei bok eg og… Andreklassingar er fantastisk flotte menneske.

image

Det har ikkje blitt så mykje overskot til bloggen dessverre, men det kan vel la seg fiksa på sånn etterkvart. Nå sit eg her og har forfattarfredag. Eigentleg jobbar eg med eit biletbokmanus. Medialæraren av ein ektemann har vist meg korleis eg kan setja bileta inn i teksten frå innboksen min. Det er Ingrid som har laga teikningane. Av ein eller annan grunn har programmet eg brukar låst seg, så nå fekk eg ein sjanse til å gjera noko anna medan eg ventar på assistanse…

image

Det er forresten ikkje sant at eg bare har tenkt skule i det siste. Eg fekk meg jo ein tur til Oslo sist helg, og nå på onsdag var eg i lag med ein gjeng kreative damer og leika oss med å setja opp blomar. Astrid hadde vore på kurs og lært om japansk blomsteroppsetjing, så det måtte me prøva oss på. Eg har for vane å lessa på til trengsel når eg set opp blomar, så det var spennande å prøva seg på strenge minimalistiske formlar for oppsatsar. I denne måten å setja opp blomar på hadde vatnet dei stod i ein viktig rolle. Vatnet skulle vera synleg og skulle gje ro til sjela. Det er ein fascinerande tanke. Vatn er fint.

image

image

image

Eg skal prøva meg meir fram med dette. Det å halda på med blomar gjer ei eiga ro. Og så er det så koseleg å vera i lag med andre gjennom å leika oss med kreative uttrykk.

Ingrid var så heldig å få tak i to gratisbillettar til ei prøveforestilling av Hamlet på Rogaland teater. Så i går sette me oss på toget til byen. Me hadde berekna så god tid at me skulle kunna ta oss ein tur ned i sentrum når me først var der. Plutseleg var sommaren nesten tilbake etter ein kjøleg periode med mykje regn.

image
image

Forestillinga begynte klokka halv åtte. Det var eit fascinerande prosjekt. Dei hadde behalde det verbale språket i det eg trur var noko nær opp til originalomsetjinga av Shakespear sitt stykke. Scenespråket var moderne og eksperimentelt. I første akt var scenen nesten heilt full av gassballongar, og Hamlet spelte på eit stort trøorgel. I andre akta var ballongane i bakgrunnen, og scenebiletet var eit hus som gradvis vart rive ned. Me trudde at stykket kanskje varte til halv ti eller ti, men det viste seg at andre akt ikkje var ferdig før kvart over elleve. Det varte med andre ord i nesten fire timar. Me begynte å bli nervøse for ikkje å nå siste toget heim. Det ville passa dårleg å måtta venta til kvart over fem neste morgon… Heilt ureglementert, og veldig diskret sende Ingrid ei tekstemelding til Oddvar om vår bekymring. Det kjendest ikkje ok å gå før forestillinga var slutt, spesielt sidan me sat så midt i salen som det over hodet kan la seg gjera. Oddvar sende ei tekstmelding om at me kunne ta det med ro, han skulle koma og henta oss. Eg har ein veldig snill svigerson. Det var jo synd at me ikkje fekk brukt returbillettane på toget, men desto meir behageleg å bli kjørt til døra…

Eg likte forestillinga godt. Kanskje ho hadde tent på å bli korta inn litt, men for min del er firetimars teaterforestillingar i grunnen heilt ok.

image

I føremiddag var eg og Odd Christian ute og øvekjørde litt. Det regna ganske tungt og var mykje kjølegare enn i går. Det må snart innrømmast at me går mot haust.

image
image

Og eg har alltid likt hausten. Ein må bare forsona seg med at sommaren er over. Ein sommar kjennest alltid litt for kort. Sjølv denne heilt fantastiske varianten me har fått i fanget nå i år.

Eg høyrde eit tankjevekkjande program på radio om diktning som våpen i kampen for miljøet. Det las dei opp dette diktet av Harald Sverdrup. Det gjorde inntrykk på meg:

STEMMESEDDEL

Stem på havet,
stem på vinden som styrer bølgene og former skyene,
stem på havets plankton og hvalenes kjærlighetskonserter,
stem på skrei, sild, sei og lodde.
Stem på grunnfjellet, stem på svaberg
og tankefulle utsikter,
stem på grunnvannet og Mose skal på berget,
stem på dype daler tonende som trompeter
av bygg og hvete,
stem på ballblom, barlind, kålrot og poteter.
Stem på skogen, stem på tjern med abbor og sik,
stem på Nordkapp, Son og Melsomvik.
Stem på byer med trær rundt alle hus
og solsikker i kjørebanene,
stem på langsomme biler med blomsterkasser på taket,
rødkløver og løvetann i hjulene
og solskinn i lyktene.
Stem på veiarbeiderens ansikt av pergament
fordypet av hieroglyfer,
stem på hans armer av treskurd i solsvidd akantus.
Stem på murenes balansegang med stein på stein,
stem på hammeren som slår inn sine argumenter
for en fremtid med hverdager, kjærlighetssøndager,
barn og sirkus.
Stem på bondens seige hav som syder mørkt
av møkk og metemark, i bølgeskavl på skavl bak traktoren.
Stem på samer, kvener, kvinner,
stem på Blomster-Ole, Eng-Marie, Eple-Anton,
Guri Fagerås og Vidar Vannmann.
Stem på dem som lever her om hundre år,
stem på din sønnesønns gråt,
stem på din datterdatters første smil.
Stem på dem som aldri får fred
før verden blir en munnfull fredeligere.
Stem på brannvesenet som prøver, med et sukk,
å slukke helvete.
– Harald Sverdrup

image

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: