Gå til innhald

Verd å streika for?

august 30, 2014

image

Eg er ingen stor streikar. Lettare konfliktsky, og nokså fredeleg som eg er, er det litt paradoksalt at eg nå er i ein arbeidskonflikt, rett nok som ein del av fagorganisasjonen min. Litt lei er eg og av at eg stadig kan lesa, både på og mellom linjene, meir enn ein plass at eg tilhøyrer ei lat og udugeleg yrkesgruppe, beståande av dei som bare vil ha ferie, og som vart lærarar fordi dei ikkje hadde karakterar til å koma inn på noko anna.

image

Kanskje er det ikkje så rart at mange ikkje anar kva det vil seia å vera lærar… Eg innser at eg nok har begrensa forestillingar om korleis det kjennest å vera slaktar, elektrikar, revisor eller CNC-operatør, og det kan godt henda at eg ville fått sjokk dersom eg hadde fått vita korleis det eigentleg er. I det siste har eg stild meg sjølv dette spørsmålet: Kva i skulen er det verd å streika for? Svaret trur eg blir omtrent slik: -At norske barn er sikra ein god stad å vera, der dei kan læra og veksa og få tryggleik, som hjelper dei til å takla resten av liva sine. – At idealistiske og varme unge menneske vågar å utdanna seg til læraryrket og orkar å forbli der. – At læraryrket ikkje skal vera meir krevjande enn at det går an å halda seg friskmeld og arbeidsfør gjennom eit yrkesliv fram til pensjonsalderen. For at dette skal lukkast tenkjer eg at ein viktig nøkkel for å få dette til er må vera Å HA MANGE NOK VAKSNE I KLASSEROMET.

Eg veit at det finst land der situasjonen er uendeleg mykje vanskelegare. Eg har sjølv vore gjest på ein afrikansk skule der det sat førti ungar i klasseromet. Ikkje alle hadde bøker, og det var langt mellom smart-tavler og datamaskinar. Dette veit eg godt. Ikkje desto mindre veit eg at kvardagen i norske klasserom og kan vera noko ein i verste fall kan slita seg heilt ut på. Då seksårsreformen i skulen kom, fekk me først vita at dei nye førsteklassingane skulle ha rett på same bemanninga som seksåringane hadde hatt i barnehagen. To pedagogar og ein assistent på tjue barn gjorde at oppgåva kjendest heilt overkomeleg. Nå er det dessverre slik at ein lærar risikerer å stå heilt aleine i eit klasserom med meir enn tjuefem seksåringar. Dei er vidunderlege små menneske med veldig ulike behov, som alle har krav og rett til å ha det bra på skulen. Dei aller fleste lærarar er villige til å strekkja seg alt dei kan og endå litt lengre for å få dette til. Dei aller fleste lærarar er nemleg både glade i barn og glade i jobben sin. Det blir sagt og skrive mykje om at norske lærarar treng vidareutdanning og meir fagleg tyngde, og at det må satsast på vidareutdanning. Alt dette er vel og bra, men det er ofte ikkje der skoen trykkjer mest. La oss tenkja oss eit heilt imaginært klasserom der eg står aleine med tjuefem førsteklassingar. Det kan god tenkjast det er andre vaksne der på papiret, men at dei i ganske mange timar, kanskje dei fleste, er opptekne med å gje einskildelevar heilt nødvendig støtte i eit anna rom…

To jenter har blitt uvenner i friminuttet, dei grin og vil ikkje inn. Ein av gutane lengtar heim og vil ikkje ta opp bøkene. Ein elev kjenner seg kvalm og kastar opp på midt på golvet. Vaskepersonalet har innstruksar om at det ikkje er deira jobb å tørka opp oppkast eller slikt som havnar på golvet viss nokon får litt for lita tid ute på toalettet. Det står ikkje noko om dette i innstruksen vår. Ein gut er spesielt interessert i matematikk, og vil gjerne ha hjelp til å læra seg gangetabellen, ein annan gut riv teiknearket i fillebitar fordi han ikkje fekk til å teikna eit tre slik han hadde tenkt at det skulle sjå ut. Ei jente ser på deg med eit blikk som gjer at du forstår at ho kanskje ikkje kan nok norsk til å forstå den beskjeden du nettopp gav dei. På tavla står det faglege målet for timen skrive med vakker lærarskrift, og sidan eg faktisk er læraren der inne, så er det mi oppgåve å passa på at dette målet blir nådd. Mitt største problem der og då er ikkje at eg ikkje er i stand til å gje ein fagleg sett godt forsvarleg leksjon om Noas ark eller om bokstaven B. Det er heller ikkje det at eg ikkje kan hjelpa elevar å løysa opp i konflikter, det er eg ganske driven på etter 29 år i skulen. Eg er heller ikkje så verst på å trøysta frustrerte barn, stagga heimlengsel eller gje ein lærevillig gut prinsippa for å skjøna gangetabellen. Det er bare det at det kan vera litt vanskeleg å få alt dette til samtidig som eg tørkar oppkast, og får ringt foreldre som er på jobben sin, for å fortelja at barnet på fanget mitt ikkje kjenner seg bra, og nok kanskje bør hentast.

Sjølvsagt er dette ei litt tilspissa situasjonsbeskriving, men eg veit at både eg og kollegene mine rett som det er står midt oppi øyeblikk som kan likna ganske mykje. Læraryrket er heilt vidunderleg når det verkeleg svingar av positivt liv og livsglede i klasseromet. Det skjer heldigvis dagleg det og. Likevel går me ofte på tå hev, og periodevis med ganske høge skuldre, for å vera i forkant, avverga, løysa på enklast mogleg måte, smitta elevane med godt humør, bruka humor og finna smutthol til å visa omsorg. Det er ikkje sjeldan det er sånn omtrent eit kvarter att av den etterlengta matpausen når du har hjulpe elevar på med sko, overtalt dei til å få på regnbukser, snakka litt om den nye kattungen dei har fått, og klemt litt på glade ungar med lett snørrete nasar, som kjem springande og vil ha ein klem når dei ser deg kryssa uteområdet for å stilla deg i kaffikø.

På min skule har me ganske mykje bunden tid allereie. Eg kjenner meg ikkje att i biletet av ein skule der lærarane ikkje tek seg tid til å samarbeida. Det er lenge sidan livet i klasseromet var eit sololøp. Kvar einaste dag utvekslar me erfaringar, legg planar saman og diskuterer korleis me best kan leggja til rette for einskildelevar. Det går heller ikkje ein dag utan at me ler høgt og lenge, eller utan at me gjer kvarandre oppmuntrande ord. Nesten to og ein halv time etter at me har send elevane heim, er klokka så mykje at det er lov å ta med seg resten av jobben i veska og gå heim. På min arbeisplass er det mange som vel å sitja både ein og to timar lenger enn dette for å få gjort mest mogleg før dei går heim. Eg kjenner absolutt ikkje att biletet av lærarar som ikkje vil vera på arbeidsplassen. Det som har blitt dropen som har fått begeret til å renna over for mange, er at me skal mista den fleksibiliteten me har hatt som eit frynsegode, dersom det er det det er. Dette slingringsmonnet som gjer at lærarar med vonde skuldre, tunge hovud og små ungar heime, ikkje lenger får tilliten til å gå heim klokka tre og heller retta bøker og laga undervisningsopplegg om kvelden etter at dei har lagt eigne barn. Likevel trur eg mange lærarar streikar for mykje meir enn det denne konkrete konflikten går ut på. Dei streikar fordi det kjennest som om dei som styrer ikkje vil høyra på at det er oss, me som tilbringer store deler av livet i eit klasserom som faktisk har skorne på og veit kor dei trykkjer.

image

Om eg vil anbefala andre å utdanna seg til å bli lærar? Ja, sjølvsagt vil eg det. Eg gler meg over å ha ei nyutdanna lærardotter, og ein nesten nyutdanna lærarson. Eg er og glad på yngstedottera sine vegne at ho etter å ha jobba eit halvår som vikar, framleis hadde lyst til å ta fatt på lærarutdanninga, og at ho trivst med å vera i gang. Læraryrket er det mest kreative, sosiale, allsidige og hjartevarmande yrket eg kan tenkja meg. Me omgåst sprell levande ungar og får lov til å vera med og gje dei det viktigste nokon kan gje eit menneske, ein god og trygg barndom og trua på eige verd. Så får me tola, og til og med sjå positivt på ,at dei som styrer står der med ei bunke skjema, ei stoppeklokke og eit målband. Me får tola at nokon alltid vil meina at dei kan hjelpa oss til å skapa ein stadig betre skule. Det er jo det me vil alle saman. Det er sikkert godt meint at dei skriv i avisene om at norsk skule ikkje er god nok og. Me som står der i klasseromet vil bare svært gjerne få lov til å fortelja om korleis det er å vera der, og me vil gjerne bli lytta til.

image

image

Heidi14036244891_ae799d3ee1_b(1)

Heidi

From → barn, Barna mine, Skule

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: