September
I dag har me hatt nydeleg vêr. Bortimot sommartemperaturar, faktisk, men likevel med eit markant drag av haust i lufta. Etter å ha hatt hovudverk i litt varierande grad ei vekes tid, litt vond hals og lettare anspente skuldre, kjennest det heilt fantastisk at alt saman har slept taket… Så fint det er å vera frisk.
Eg skal ikkje skriva så mykje, bare visa eit par glimt frå desse dagane i overgangen mellom sommar og haust.
Det var fint å ha nokre relativt rolege dagar i helga, sjølv om oppussing av kjellarleilegheit tek litt plass både med rot og ting som må ordnast.
Med ingen ungar att i heimen er det koseleg med ein helgegjest.
Kyrkja var fint pynta med raunbær til kveldsgudstenesta på sundag.
Og Bryne Storband spelte så fint at eg nesten fekk lyst til å dansa i midtgangen.
På måndag fekk me vita at streiken var over…
Plutseleg var det masse fluesopp like ved skulen.
Det er ikkje eg som står for bittet, forøvrig…
I dag hadde elevane i andre klasse med seg ferdig oppskorne grønsakar, me gjekk ut og kokte suppe på bålpanne utanfor gapahuken vår. Så lukta det sånn koseleg bål av oss resten av dagen. Med eit stort mangfald i det som vart putta i gryta, så smakte brygget kjempegodt til slutt.
Og så inviterte me Odd Christian, Ingrid, Oddvar, mor og far på middag for å feira Odd Christian sin 28 årsdag i dag. Det gjekk med ein stor stabel pannekaker. Nå har eg vore mor i nøyaktig 28 år. Odd Christian spurte ein dag om det var tomt i huset. Eg sa at det var litt tomt, at me gjekk inn i ein ny livsfase og at eg ikkje følte meg ferdig med å vera mor. Han svarte at det er eg heller ikkje ferdig med, og det er eg jo ikkje. Gratulerer med dagen til min førstefødte.
Eg ser dei melder fint vêr i morgon og. Så flott.
Heidi
From → barn, Barna mine, haust, Mor og far., Oscar Otto, Skule, veret