Skip to content

Blåtoneskalaen -1 Barføtt med skoen på

september 26, 2014

Barføtt med skoen på

image

I dag har eg bestemt meg for å opna døra inn til eit lite rom i huset mitt, eit rom eg ikkje så ofte har blogga i frå. Akkurat det har mange grunnar. Eg har tenkt mange gonger at ein eller annan gong skal eg skriva ei bok medan eg sit på ein pinnestol eller ligg på magen på golvet i akkurat det romet. Nå får det i første omgang bli ein serie på bloggen. Eg har tenkt å merka alle desse innlegga med merkelappen «Blåtoneskalaen», for eg tenkjer at det kanskje er nokon som vil lesa akkurat dei innlegga i samanhang.

Kva står det på dørskiltet på dette romet i livet mitt? Ja, dersom det ikkje har kome godt nok fram, så snakkar eg altså om eit indre rom. På døra inn til det romet står det eit lite skilt og påskrifta har eg lånt av Tande P. På skiltet står det «Født i overvektens tegn». Litt skamfull, men likevel med eit glimt i auget, og med vissa om at eg har interessante ting å visa fram, opnar me døra og går inn.

Større folk enn meg har hatt ting dei godt kunne tenkja seg å leva utan. Paulus hadde ein torn i kjødet, Akilles hadde sin akilleshæl, og Balder, den usårbare og udødelege guden, vart drepen av det einaste som kunne skada han. Den minst skremande av alt som hadde liv, ein liten misteltein, var det einaste som kunne såra han. Eg håpar det aldri har vore nokon tidsalder før oss med så stort fokus på kroppsvekt som akkurat denne. Med lang erfaring, mykje humor, stort pågangsmot og ein sterk rygg, ber eg kroppen min ganske lett, men eg grin inni meg når eg ser alt kroppsfokuset som får unge jenter til å slanka seg nesten i hel, vaksne til å sjå forakteleg på overvektige barn, og overvektige flotte damer til å nesten ikkje våga å visa kroppen sin fram.

Så nå gjer eg det. Eg tek skjerfet frå halsen og blottar strupen for å fortelja litt om korleis det er, og korleis det ikkje er, å gå rundt med det som er noko av det som gir lågast status i vera-vellukka- samfunnet, for mange kilo og ein stor kropp. Eg kunne ha skrive tre døgn i strekk om eg ville, for eg har så utruleg mykje eg gjerne ville ha sagt. Men nå tenkjer eg å gjera det gradvis og forsiktig her på bloggen. Eg vil skriva ned litt og litt, og så får tankane og orda koma som dei vil sånn etterkvart. Det vil seia, eg kan jo bare skriva om korleis det er å vera meg. Det er jo det eg verkeleg veit noko om.

Først vil eg med legitimitet i eige liv avliva tre myter. Alle desse irriterer meg grenselaust når eg høyrer dei bli brukte:

Det er din eigen feil at du er overvektig, det er jo bare å gjera noko med det:

Dersom du vil læra om slanking, så kunne du ha spurt den første overvektige du møter på gata om han eller ho har noko å læra deg. Dei fleste av dei har prøvd det meste. Sjølv var eg på min første alvorlege slankekur då eg var ni år gammal, og i dei 44 åra som har gått sidan det, så har eg stort sett hatt det å bli slankare som ei underoverskrift på alle dagane mine. Eg veit veldig mykje om veldig mange diettar, det kan eg kanskje skriva meir om seinare, men akkurat nå orkar eg ikkje gå meg vill i utleggingar om dei. I tillegg har eg prøvd sjølvhypnose og samtalegrupper, eg har i lange periodar skrive opp alt eg et, vege maten min, teikna vektgrafar på millimeterpapir, hatt lister på kjøleskapet over all styggeskap som kan vederfarast ein om ein er for tung, og skrive ned tankar om mat og følelsar, og om korleis det var å vera eit overvektig barn. Likevel, dette har ikkje teke så frykteleg stor del av energien min, eg har jo halde på nokre år, så det har vore tid nok å ta av.

Nå høyrer eg ein mannsstemme inne i hovudet mitt koma med ein kommentar på klingande jærsk: «Grævligt vellukka prosjekt!» Stemmen tilhøyrer ein av naboane mine, og eg forstår ikkje korfor han fekk lyst til å kommentera teksten min. Men slik er det i hovudet mitt, kommentarar og situasjonar dukkar opp som lange rekkjer av revynummer, og eg får lyst til å le høgt. Eit eller anna inni meg må vel på ein eller annan måte ha boikotta desse lange prosjektrekkjene, kanskje eg ein vakker dag avslører kva det er. Optimist som eg er, så tenkjer eg alltid og kvar einaste dag at nå har eg funne rett metode, så nå er det bare eit spørsmål om tid før vektproblemet ligg bak meg. Og så må eg rett og slett seia som reveenka sa til Korse i eventyret: «La han gå, la han gå, jeg trenger ikke gode råd». For gode råd har eg vassa i heile livet, og eigenrådig som eg er, så prøver eg ut eit og eit etter som det virkar mest truverdig på meg. Og sjølv om eg faktisk ler av heile situasjonssuppa, så er det eit punkt midt der inne der eg er sånn ca to år. Det er ikkje heilt sant at eg begynner å brekka meg kvar gong eg ser ei badevekt, men det er ikkje så veldig langt frå sanninga heller.

Overvektige menneske ligg på sofaen med chipsposen, sjokoladen og fjernkontrollen til TV-en, og let kroppen sin forfalla medan dei skjuler seg i skam under ei stor dyne.

Her er det faktisk lett å forsvara meg. Eg ligg veldig lite på sofaen, eg et aldri chips, og det sikraste eg veit om overvekta mi, er at ho ikkje skuldast sjokolade-eting. Eg ser veldig lite fjernsyn, og eg har ingen problem med å stå på scenen med ein lyskastar på meg og la folk betrakta meg så mykje dei bare vil. Nå høyrest dette ut som skryt, og det er klart at det er det det er. Men likevel er det sant. Eg innrømmar at eg ikkje joggar, at eg ikkje har vurdert å sykla nordsjørittet og at eg ikkje har gått over Hardangervidda… Men eg er glad i å gå, riktignok helst i snakke- eller tenkjetempo. Og eg torer å påstå at kosthaldet mitt i utgangspunktet er veldig sunt.

Overvektige menneske er ei belastning for staten. Dei er stadig sjukemelde og har generelt dårleg helse.

Her kan eg bare takka den fantastiske kroppen min, som kvar dag står opp med meg, om enn noko motvillig, og ber meg støtt gjennom dagane heilt utan problem. Om kvelden er han i sitt ess, og ser ingen grunn til å falla til ro… For å skryta endå meir, så er eg det friskaste mennesket eg veit om. Det er sjølvsagt rein nåde frå ein kropp som ber ganske tungt. I eit langt yrkesliv har eg ikkje vore sjukemeld ein einaste dag, eg har nesten bare brukt eigenmeldingane på sjuke barn, og eg har aldri vore i nærleiken av verken kiropraktor eller fysioterapeut. Dersom eg ikkje visste betre, ville eg tru at det kunne koma av at eg hadde behandla kroppen min særdeles godt, men sjølvsagt veit eg betre. Det er faktisk hovudgrunnen for å ønska seg eit fysisk lettare liv, dette at eg innerst inne veit at det ikkje er bra for helsa å vera tung. Det eg derimot trur at mange tenkjer for lite på i vår tid, er første delen av utsagnet «Ei sunn sjel i eit sunt legeme.» I mitt hovud er det å ta vare på sjela si, på ettertanken, varmen og kreativiteten like viktig som ein perfekt ytre bustad for sjela.

Eg tek meg sjølv i å bli oppriktig lei meg kvar gong nokon presenterer for meg den avsindige ideen at eg kunne jo ha tatt ein slankeoperasjon. For det første så har eg sjukehusskrekk og vil absolutt ikkje la nokon nærma seg meg med kniv i handa om det ikkje kjennest heilt nødvendig. Eg har ein sterk og frisk kropp som virkar, og ser ingen grunn til å utsetja han for slike påkjenningar. Det må då finnast betre løysingar. Og kvar gong dette kjem på banen tenkjer eg: «Neimen er eg så tjukk, det har eg viss ikkje forstått sjølv ein gong…» Det meste av livet mitt er eg nemleg ikkje inne i dette romet i det heile tatt. Eg valsar omkring og er oppteken av absolutt alt anna enn at eg er tjukk. Ein litt meir alternativt orientert person enn meg, som eg forresten er veldig glad i, sa ein gong til meg: «Du er sikkert litt dårleg inkarnert, for sjela di gløymer ofte at ho har kropp…» Med det meinte ho ikkje at sjela gløymer storleiken på kroppen, men det at eg i ein alder av femti år framleis susar fornøgd omkring utan å oppdaga at eg har blusen bak fram, jakken på vranga og mascara over halve ansiktet…

Nå trur eg at det er nok for denne omgangen. Det er vanskeleg å stansa tankestraumen når eg først er i gang. Eg spør meg sjølv korfor eg gjer dette. Svaret er at eg er overbevist om at mange av tankane mine er ting som bør seiast høgt, og då ser eg at eg kanskje er den som bør seia dei. Nå lurer du kanskje på om dette er ei stor sorg for meg? I grunnen er det ikkje det. Eg lever godt med at ting er som dei er, og eg synest faktisk at vekta til eit menneske er ein nokså liten del av det mennesket. Eg tenkjer og at dette er eit lite, men faktisk eit viktig rom i livet mitt, der eg har mange tankar, mykje kreativitet og lang erfaring.

Som eg har sagt til nokon når dette ein sjeldan gong blir diskutert: «Dersom eg kunne gå inn i eit skap og velja meg ein kropp då eg stod opp i dag morges, ville eg kanskje ikkje vald denne… Kanskje eg ville vald ein veldig liten og spe kropp for variasjonen si skuld. Eller ein kropp som såg ut som han hadde budd dei siste tre åra på treningsstudio. Det kunne og ha vore ei spennande erfaring. Men nå var det denne kroppen eg av ein eller annan grunn fekk tilbod om då eg skulle kle på meg i dag. Han er forøvrig ein god venn, sterk og funksjonell, og han har bore meg gjennom det meste…»

Og i motsetnad til mange område i livet. Dette veit eg faktisk litt om. Eg veit lite om korleis det kjennest å gå ein heil dag og lengta etter ein røyk eller ein pris snus. Eg har heller ingen erfaring med å gleda meg til det løftet eg vil få av å unna meg to flasker rødvin i kveld, eller med å å verkeleg sjå fram til å springa to rundar rundt Frøylandsvatnet. Derfor teier eg om dei tinga, og prøver å vera romsleg for at det i grunnen er mange ting i andre sine menneskeliv som eg veit veldig lite om…

15282161261_bb5296c64e_z

Heidi

One Comment
  1. Tusen tankar gav mig den här texten! Det finns inte plats för dem här det är knappast något som skulle intressera någon. Jag är glad att jag fick läsa din text, Heidi. ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: