Blåtoneskalaen- 2 Barnet som var meg.
Det eg nå skal skriva er den eigentlege grunnen til at eg bestemde meg for å skriva «Blåtoneskalaen» og leggja ut på nettet. Det har dei siste åra vore utruleg stort fokus på det med overvektige barn, og eg har kjend på at hjartet mitt ligg hos dei barna som får denne merkelappen, og ikkje først og fremst dei som kjem med fine ord om alt som gjerast burde. Eg har vore eit av desse barna, og fordi dette barnet framleis lever ein plass inne i kroppen min med heilt reelle kjensler og tankar, så har eg lenge kjend at eg burde bruka stemmen til dette barnet til å nyansera biletet litt. Når det er sagt, så er det godt mogleg at dette barnet framleis ordlegg seg som eit barn, ta det eg skriv for det det er, og ikkje tenk at alt har overføringsverdi. Eg står i fare for å bli både sentimental og usakleg, men eg skal prøva å unngå det så godt eg kan. Eg veit at alle prøvde å hjelpa meg og at alt som skjedde var godt meint. Kanskje mykje av det var klokt og, det er eg ikkje i stand til å vurdera.
Det som slår meg når eg sit og ser på gamle bilete er at eg har levd med ei oppfatning av at eg gjennom barndomen var eit overvektig barn. Bileta fortel meg noko anna. Fram til eg var fire-fem ,var eg eit heilt normalvektig barn. Frå den alderen av vart eg meir og meir lubben, eg såg ut omtrent som Tjorven på Saltkråkan med musehalar og overall. Frå eg var sju til eg var ni fortener eg utan tvil merkelappen reelt overvektig. Då me var på ferie i Oslo opplevde me at ein nokså berusa mann leverte det som skulle bli mitt første frieri. «Viss jeg spør deg om ti år, vil du gifte deg med meg, hva ville du svare da?» Mens eg tenkte meg om korleis eg skulle avslå på ein høfleg, men vennleg måte, så hendvende han seg til far: «Du må ikke gi dette barnet så mye mat, hun er jo alt for tykk…» Av barn og fulle folk skal ein høyra sanninga. Så eg vart i samråd med lege slanka tolv kilo i løpet av eit år medan eg vaks, og kom ut som ein slank tiåring med ein sterk og tettbygd kropp. Resten av oppveksten fram til eg var godt over tjue, vil eg nå diagnostisera meg sjølv som innbilt overvektig. Til slutt vart eg reelt overvektig, men det er ein annan historie. Det eg vil med å skriva dette, er ikkje å utlevera meg til langt over grensene til det private. Dette er det punktet i livet mitt som eg eigentleg vil ha så lite merksemd som mogleg på. Eg skriv heller ikkje for å driva eigenterapi, sjølv om det ikkje hadde gjort noko i det heile tatt om det skulle visa seg å ha den funksjonen. Det eg vil er å få andre menneske til å stoppa opp og tenkja, og ikkje minst vil eg gi ein stemme til barn som ikkje er mogne nok til å seia dette sjølv.
Eg hadde ein fantastisk barndom i ein stofamilie som eigentleg var litt uortodoks. Dei første fem-seks åra budde eg først i same huset som besteforeldra mine, så i nabohuset. Eg hadde tre ugifte onklar som og budde heime, så eg og bror min var omgitt av fleire generasjonar vaksne som nærmast forguda oss og ville oss alt vel. I tillegg hadde eg ei ekstrabestemor på Figgen, bestemor si ugifte syster, som dukka opp minst ein gong i veka og nesten var klar til å adoptera meg ho og. Besteforeldra mine hadde all verda med tid til oss. Ingen av dei var heilt friske, men det betydde ikkje noko for oss. Morfar sykla til Bryne og kom heim til oss med rundstykke frå bakaren i sidetaska, ikkje heilt sjeldan kom han med eventyrbrus og. Klokka tolv kom onklane mine syklande heim for å eta middag i matpausen. Då åt eg gjerne saman med dei og besteforeldra mine. Klokka tre kom far heim frå politijobben sin. Då gjekk eg heim og åt middag med dei og, for det å eta middag var noko av det koselegaste eg visste. Eg sat på fanget til bestemor og sydde på sveivesymaskinen, og gjekk turer med morfar med rød rypesekk på ryggen og brødskiver i ein papirpose. Då me kom til Tu sa morfar at nå var me i Amerika, og nå kunne me eta maten vår.
Her er eg og morfar og Jan på fisketur. Morfar var ein bitteliten og veldig tynn mann med bukseselar og sixpence. Bestemor hadde gikt og gjekk aldri lenger enn ut i hagen. Ho var flink å fortelja, og eg laga historier som eg fekk henne til å skriva ned. Eg lærte å lesa omtrent når eg fylde fem, og oppdaga kor fantastisk kjekt det var med bøker. Då eg var fem og eit halvt år, fekk eg ei veslesyster, og nokre månadar seinare flytta me til eit byggefelt på Ålgård. Det var ein ny måte å leva på, men det var kjekt det og. Her fann bror min og eg mange ungar på vår eigen alder. Livet på byggefeltet var slik at det stadig vekk kom nye ungar flyttande, og me leika i store røyr og på kabelsneller med iv-trådar og avkapp frå all husbygginga.
Eg var glad i å leika, helst fantasileiker og rolleleiker. Dokker og dokkehus var og ein stor favoritt, og allereie før eg begynte på skulen var noko av det kjekkaste eg visste å ta med meg ein stabel bøker og liggja på magen og lesa ein stad der eg ikkje vart oppdaga. På den tida var det nemleg slik at friske glade ungar helst skulle vera ute og leika. Ein annan favorittaktivitet var å smuglytta til vaksne samtalar og prøva å byggja opp eit bilete av ein vaksenverden eg ikkje heilt forstod. Men det er ein heilt annan historie.
Det var kjempekjekt å begynna på skulen, sjølv om eg ikkje kjende så mange av dei andre ungane sidan me var tilflyttarar. På denne tida begynte foreldra mine å tenkja på at eg kanskje var i lubnaste laget. Mor var heller ikkje så glad for å overhøyra at eg sa til vennene mine at eg godt kunne sviva eller stå heile tida når me hoppa tau eller «spring». Eg forklarte det med at eg i grunnen ikkje likte så godt å hoppa, men det gjorde dei andre, og då var det jo betre at dei fekk hoppa. Mor meinte utan tvil at eg hadde hatt godt av å hoppa eg og, og det hadde eg sjølvsagt. Koordinering og motorikk har aldri vore mi paradegrein, så eg hadde nok ei oppleving av at eg fekk til andre ting mykje betre enn hoppetau, hoppestrikk, veggball og rockeringar…
Då eg begynte i tredje klasse, hadde mor og far snakka med doktoren om at eg heilt tydeleg var i ferd med å bli veldig overvektig. Han sa at det einaste som skulle til var at foreldra mine begynte å seia nei til mat.
Så vart det bestemt kor mykje eg fekk lov til å eta, og i utgangspunktet trur eg at opplegget var ganske pedagogisk. Mor slutta å baka kaker, og prøvde å laga sunn mat til familien, og spesielt til meg. Eg måtte vegast med jamne mellomrom og vekta vart skriven ned. For kvart kilo eg gjekk ned, fekk eg velgja meg det som var den optimale premien for meg, ei bok i bokhandelen. Eg fekk i alle fall tolv bøker i løpet av dette året, og overvekta forsvann. Dette kunne jo synast som eit svært vellukka prosjekt, men for meg var det ein del «men» som eg ikkje kunne setja ord på der og då, men som gjorde ganske vondt.
Eg lærte at flinke jenter må tåla å vera svoltne, ikkje det at nokon sa det, men det var slik det var. Eg lærte at mat, som eg heile livet hadde vore frykteleg glad i, er noko ein treng mykje mindre av enn det ein gjerne ville eta. Eg lærte at eg måtte seia nei når nokon baud meg snop eller kaker, sjølv om eg veit at eg fekk lov når dei vaksne fortalde at eg fekk lov. Det som likevel var vanskelegast å takla, var det å mista ei slags uskuld til meg sjølv og livet. Etterkvart som eg gjekk ned i vekt kom vaksne folk, til og med relativt ukjende bort og sa: «Så flink du har vore som har blitt så tynn.» «Kjenner du ikkje sjølv kor mykje lettare det er å springa nå?» » Eg kjende nesten ikkje Heidi att, det var voldsomt så tynn og fin ho har blitt.» «Så tynn og fin du er! Er det ikkje gildt?» Alt var velmeint, og alt var sant. Likevel kjende eg som niåring på ein sterk bismak. Tynn og fin? Då måtte eg jo ha vore tjukk og … tidlegare? Tenk så dum eg var som ikkje hadde forstått det. Eg hadde i grunnen alltid trudd at eg var fin. Eg kjende skam over barnet eg hadde vore, og hadde gråten i halsen då dei vaksne såg på bilete og lo av kor tjukk eg hadde vore og roste meg fordi eg hadde blitt så slank.
Alt dette kjenner eg som ein klump i svelget når det snakkast om å slanka overvektige barn, om obligatorisk veging, om telefonar heim til foreldre til barn som er i bekymringsssonen, og om tiltak for å få barn ned i vekt. Barnet i meg tenkjer: La dei få vera i fred. Bruk i alle fall kjærleik og pedagogikk når nokon skal forteljast at dei må forandrast for å vera gode nok. Mine foreldre brukte mykje kjærleik, mor var kjempeflink, eg er sikker på at det var vanskeleg for henne og. Det var bare det at når problemet syntest løyst, så opna det seg eit nytt problem. Det hadde skjedd noko med mitt eige forhold til meg sjølv, og med forholdet til min eigen kropp. Eg følte skam over den eg hadde vore, og frykt for å bli tjukk og stygg igjen. Eg hadde folk heime og som var livredde for at eg skulle leggja på meg att, og eg vart derfor kontinuerleg minna om kor farleg det var å eta for mykje mat.
Eg høyrer med kvalmeblanda interesse om planar som blir lagde for å stansa «fedmebølga blant norske skulebarn». Eg har høyrt det nemnast at overvektige barn skal kunna få ekstra gymtimar. Då svir det i brystet mitt bare med tanken på at eg og dei to-tre andre barna med overvekt på Ålgård skule skulle hentast ut frå norsktimar og historietimar som eg verkeleg elska, for å springa rundt i gymsalen. Eg kjenner formeleg skamrødmen brenna i kinna når ser meg sjølv i fantasien ta gymsokkane og turndrakta opp av ranselen for å gå ut i lag med ein ventande gymlærar med fløyte rundt halsen.
Av og til har eg snakka med andre om idrettsdagane på skulen. Det viser seg då at det var langt fleire enn meg som ikkje var glad i dei. Ungane frå dei andre skulane i kommunen vart bussa til Ålgård skule og så rullerte me i skulegarde for å springa 60-meter, hoppa lengde og høgde og kasta stor og liten ball. Eigentleg hadde eg skulesjølvtillit nok til at eg ikkje brydde meg så forferdeleg mykje om at eg låg i nedre skikt i absolutt alt. På ein måte var det til og med litt kjekt å ha idrettsdag. Det eg hugsar som den største forsmedelsen er sen store oppslagstavla på veggen der alle resultata vart oppslegne etterpå og spente elevar stod i kø for å sjå kva plass dei hadde kome på og kor fort dei sprang sekstimeteren. Eg hugsar eg tenkte tanken at det hadde vore mykje kjekkare om dei skreiv på den oppslagstavla kven som hadde hatt alt rett på diktatane det siste året.
På sykkelturar og gåturar med skulen, meldar eg meg som vaksen lærar alltid til å sykla sist eller gå med baktroppa. Hjartet mitt ligg utan tvil hos desse som har sove dårleg om natta fordi dei er redde dei ikkje klarer å sykla rundt Frøylandsvatnet. Desse som raude og kortpusta insisterer på å leia sykkelen opp alle motbakkar og som er til stor irritasjon for dei andre som synest at det går alt for seint.
På mange måtar kunne historien om meg ha vore ein suksesshistorie. Eg gjekk vellukka ned i vekt. Eg hugsar at då eg fekk ny lærar i fjerde klasse, tenkte eg med ei viss lette og glede på at han ikkje kunne vita kor tjukk eg hadde vore, for han hadde jo aldri sett meg slik. Uskulden i forhold til det å eta, senka seg aldri meir over meg. Eg hadde ein svolten ulv i magen, men visste at eg måtte ikkje eta for då kunne eg bli tjukk og stygg. Eg fora ulven med bittesmå bitar av forboden mat, så små at det ikkje kunne vera til skade. Dette er sjølvsagt bare halve sanninga. Som det barnet eg var med glupande appetitt på både livet og maten, så åt eg alt eg fekk lov til så ofte eg fekk lov. Eg åt heilt sikkert meir enn mange av mine småspiste venninner, og eg var heilt sikkert svoltnare enn dei då eg ikkje fekk lov av meg sjølv eller andre å eta meir. Problemet mitt var at eg sjølv var overbevist om at eg var tjukk og at alle andre tenkte det same.
Her er eg i knestrømper og rosa lårkort i 17.maitoget. Eg ser som vaksen faktisk til mi overrasking at eg er jo ikkje overvektig.
Eg var alltid fem eller ti kilo tyngre enn venninnene mine. Dei trong jo ikkje halda skjult kor tunge dei var, så det visste eg. På ungdomsskulen var det ei forståelsesfull helsesyster som teikna ein graf som viste at eg eigentleg skulle vore SÅ tung etter høgda mi, men at eg i verkelegheita var SÅ tung. Her forlenga ho kurven til over søylediagrammet. Ho sa at eg var tungt bygd, og at eg ikkje var tjukk, men at det var lurt å passa seg litt. Eg svelde tårer resten av dagen, og trur ikkje at eg våga å fortelja det til nokon. Skulelegen stilde oss med jamne mellomrom opp i bare trusa på lange rekkjer, sjølvsagt gutar og jenter kvar for seg… Heldigvie var det ikkje bare meg som fekk halvt spøkefulle halvt alvorlege klyp i sida med spørsmål om me sparde til vinteren og hardere tider.
På Sandnes vidaregåande vart eg hjartevenninne med Anne Mette, som var nokså oppgitt over at eg så ofte snakka om at eg var tjukk. Då eg på 17 årsdagen min først ikkje ville ta i mot ein softis ho gav meg, fordi eg var for tjukk til å eta softis mens andre såg på. Eg fekk høyra at eg måtte slutta med dei idiotiske tankane fordi eg faktisk ikkje var tjukk. Eg var brennsikker på at det var eg som hadde rett og at ho bare ville trøysta, men på bileta ser eg at ho faktisk hadde eit poeng. For ordens skuld får eg kanskje nemna at det nederste biletet var frå russekarnevalet. Ho var amerikansk turist og eg var hulder. Eg hadde ein opprinneleg plan om at Morten i klassen skulle skaffa meg ein ekte kuhale frå slakteriet der han hadde hatt sommarjobb, men det vart det aldri noko av.
Så reiste eg ut og skulle vera student. Det gjekk stort sett greitt å halda vekta med ein og annan halsbrekkande riskur eller banankur sånn innimellom. Framleis var eg overbevist om at eg hadde eit stort vektproblem, og kanskje begynte overvekta å snika seg langsomt på…
Her eg eg treogtjue år, og i ferd med å mala den svarte gangen til Leif, som eg då var blitt kjærast med. Som det kan sjå, så er ikkje motorikken på topp i vaksen alder heller… Noko av det første han sa, var det mest befriande eg hadde høyrt i mitt liv. «I min familie liker me litt runde jenter som er glade i god mat.» Kanskje det var for befriande… Men når eg ser på bileta så ser eg at ikkje ein gong då var eg reelt overvektig. Eg skulle bare koma til å bli det…
Og moralen med alt dette… Kan eg seia det så enkelt som med desse orda: Ver nå kloke og forsiktige de som skal ut i livet og slanka barn… Eg trur ikkje alltid ein ser konsekvensane…
Og som sagt før. Eg er kanskje eit skada barn som bare kjenner meg sjølv og ingen andre. Kanskje det var det beste som kunne skje det som skjedde då eg «vart slanka». Nå kan eg rett og slett kjenna at eg er takknemleg for at foreldra mine klarte å forhindra at eg vaks opp som eit sterkt overvektig barn og ein reelt tjukk tenåring. Det er bare synd at eg ikkje sjølv forstod at det var slik det var. Inni meg var eg den overvektige personen som eg sidan skulle bli… Om dette ikkje hadde skjedd? Det veit ingen. Kanskje eg hadde vore invalidisert av overvekt? Kanskje eg ville «klart meg betre enn det eg har gjort?» Kanskje har opplevingane i barndomen mindre med dei vaksne vektproblema å gjera enn det eg har gått rundt og trudd? Kanskje er det heilt unødvendig av meg å ropa ulv? Kanskje, men eg kjende at eg ikkje klarte å la det vera. Og for å ropa ulv med ærleg stemme, så måtte eg nesten ta med barnet som var meg.
Og visst er eg heldig trass alt, som ikkje synest at overvekta har gått på livskvaliteten laus i vaksen alder. Det er ikkje lett alltid å vera menneske, og det er ikkje lett alltid å vita korleis kloke vaksne bør gripa an vanskelege problemstillingar.
Eg får seia som i gudstenesten. Kyrie Eleison.
Heidi
Nakent og godt skrevet. Får meg til å tenke på egne erfaringer, men også på egne holdninger…
Du er ein glitrande forfattar! No er det slik (denne gongen også 🙂 ) at eg kjenner meg att i mykje av det du skriv – også derfor kan eg seia at dette er enormt godt skrive. Du må snart ha permisjon – for å skriva bok, trur nå eg. 🙂
Takk, fine damer 🙂