Gå til innhald

Morgonkaffi på Dalen hotell

oktober 3, 2014

image

Eit menneske har mange rare draumar, og heilt sidan eg var jentunge og reiste gjennom Dalen i Telemark med mor og far, så har eg hatt lyst til å bu på dette fine gamle trehotellet som i si tid var eigd av Åge Samuelsen. Sidan det å leggja seg inn på dyre hotell ein reiser forbi, sånn bare fordi ein har lyst, ikkje har vore kulturen i nokon av dei familiane eg har høyrt til i, så har det forblitt ein draum heilt til nå. Men verda er rar, nå sit eg her ved peisbålet i det eg trur heiter ein manchestersofa og nippar til ein kopp svart morgonkaffi, akkompagnert av taffelmusikk. Leif har reist i veg for å halda kurs for lærarane på vidaregåande skule her i Dalen. Nå skal eg nyta livet fram til utsjekk om to timar, og kva passar meg vel betre enn å sitja her og skriva. Dette er nesten himmelen for sånne som meg.eg har aldri hatt så staselege omgjevnadar på nokon skrivefredag før. Klokka elleve får eg vel tusla ut i hausten for å sjå om dei har eit bibliotek i Dalen. Så mykje verdensdame er eg ikkje at eg trur eg kjem til å våga å spørja om eg får bruka peisestova etter utsjekkinga frå romet…

image

Det er forresten like fint her på hotellet som eg alltid har trudd at det er. I går kveld unna me oss ein middag då me kom, og det er noko av det nydelegaste eg har fått servert nokon gong. Hotellet feirer 120 års jubileum i år, og på veggene er det bilete av både tyske herskapsfolk, dronning Sonja og Åge Samuelsen. I frokostsalen var det dekka eige bord til husspøkelset, «The English lady», men så langt har eg ikkje sett snurten av henne. Dersom det då ikkje var ho som gjorde at eit av bileta eg tok i går ikkje lot seg lasta opp. Eg prøvde tre gonger, men det vart blankt kvar gong medan dei andre bileta kom som normalt…

Nå kom det ei dame frå resepsjonen og spurde om det var slik at eg ønska nistekorg og ein aktivitet for dagen. Eg måtte svara som sant var at det nok ikkje var meg som hadde bestilt nistekorg, men at eg lurde på om det var eit bibliotek i Dalen. Det var det, det er 20- 25 minutt å gå dit, så då får eg meg ein spasertur sånn etterkvart.

I går reiste me over fjellet direkte frå jobb. Det er så fine haustfargar ute at eg får lyst til å fotografera alt eg ser. Hausten er så vemodsvakker. Ein burde tolka ein haust etter den sommaren me har hatt. Eg er veldig glad i hausten, likevel er det rart å tenkja på at me allereie går mot ein ny vinter.

image

image

image

image

I ettermiddag kjører me vidare, og landar hos Eva Mari og Henrik ein gong i kveld. Eg gleder meg til å sjå både dei og Halvard og Sunniva. Heime blir stovegolvet slipt i dag om alt går etter planen. Heimen har bokstaveleg talt vore ei hinderløype den siste veka. Det er nesten slik at me har måtte klatra over to bokhyller ein lenestol og eit bord for å koma oss opp i senga eller ut på badet. I beste fall kan me begynna å bera på plass att når me kjem heim. Då begynner nok vårt nye, ryddige og pertentlige familieliv, tenkjer eg…

Heidi

From → haust, Reiser

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: