Skip to content

Jentetur

oktober 9, 2014

image

I dette boblebadet har eg tilbrakt sikkert to timar av føremiddagen. Det var heilt fantastisk avslappande og heilt nydeleg. Torhild inviterte meg til ein hyttetur i haustferien og reklamerte med flunkande ny jacuzzi. Kven står i mot slikt? Eit par timar i 39 graders vatn med massasjestråler og bobler og utsikt over Bjerkreim, med godt selskap og duskregn i håret. Då er det ikkje verst å vera menneske.

Dagen starta med fin togtur til Egersund der eg vart plukka opp av ei energisk venninne i oransje jakke og barbeint i sandalar. Sidan me akkurat nå feirar ein ferie, så var det innlagt ein softispause langs vegen. Ingen et softis med større fryd enn Torhild. Kaffi kjøpte me og.

image

Vel framme var det servering av kokvarmt te før eg fekk tildelt gjestebadesko og gjestebadekåpe til å ha over badedrakta. Nå har me snakka og drukke kaffi og lese høgt frå denne diktboka:

image

Eg er så heldig å ha fått vera med på å laga boka "Bibeldikt" saman med 87 andre forfattarar, og ho er blitt så fin. Eg fekk med meg lanseringa då eg var i Oslo tidlegare i veka, det var fint å få det med seg.

Nå lagar vertinna middag til oss. Av alle ting står det morrpølse og kålrabistappe på menyen. Det trur eg ikkje eg har ete på tjuefem år. Morrpølse vart aldri ein favoritt for austlendingen min, og ungane har vel knapt nok smakt det.

Og sjølv ligg eg behageleg på ein blå sofa med beskjed om at eg kan slappa av og blogga og gjera akkurat det eg har lyst til medan maten blir laga. Solveig Slettahjell syng vakkert for oss: " Hjelp mig Herre at vad helst mig hender, taga ur din trogna fadershand, blott en dag et øgonblick i sender, tills jag nått det goda land". (Eg finn ikkje svenske vokalar på i-paden, ha meg tilgjeven...)

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s