Gå til innhald

Utfordringa.

oktober 12, 2014

610471

det-usynlige-barnet

I går fekk eg og nokre andre ei spennande utfordring av Toril Heglum. Kva for nokre tre eller fem bøker har inspirert meg mest til å gjera den endringa i samfunnet som eg nå bidreg med? For det første vart det ein spennande tanke at eg kanskje bidreg til å gjera ei endring i samfunnet. Den nesten tanken var: Korleis i all verda skal eg få til å nemna bare fem bøker? Eg tek hys og prøver å svara så godt eg kan.

Den første boka eg vil nemna, er ei vaksenbok eg las då eg var barn. Foreldra mine abonnerte ein periode på «Det bestes bøker». Dei kom som samlingar med fleire bøker i kvart bind. Eg trur bøkene var litt redigerte og forkorta. Eg kan kanskje ha vore tolv år då eg las boka som eg trur bestemt heiter «Dibs finner seg selv», på norsk. På engelsk heiter ho «Dibs in search of self». Boka er skriven av psykoterapeuten Virginia Axline, og er ein feltstudie i barnepsykoterapi. Hovudpersonen er eit autentisk barn, men han er anonymisert under pseudonymet Dibs. Det å lesa om korleis ho hjalp dette barnet å finna veg ut av ein dysfunksjonell og asosial veremåte, fann eg heilt utruleg interessant. Eg las boka nesten i filler, og hadde ein hemmeleg draum om å bli barnepsykolog, for det var det eg trudde forfattaren, eller Frøken A, som ho vart kalla i boka, var. Denne boka gav meg stor lyst til å jobba med ungar som ikkje kjenner seg forstått, og den lysta har aldri sluppe taket i meg.

Den andre boka eg vil trekkja fram, sidan det er dette sporet eg har vald å lesa, er ei barnebok eg las som vaksen; Tove Jansson si bok «Det usynlige barnet.» Boka handlar om vesle Ninni som er blitt usynleg fordi ingen verkeleg har sett henne. Det er ho som er på biletet over, teikna av Tove Jansson sjølv. Ninni havna i Mummifamilien sin varetekt, og under Mummimamma sine kjærlege og tålmodige venger, blir ho gradvis synleg att. Først ser dei bare hårsløyfa, men til slutt kjem heile ungen fram. Det skal likevel ikkje mykje til før Ninni trekkjer seg tilbake og blir usynleg att. Det er det ho er mest van med å vera, og det som kjennest trygt. Så må Mummimamma gjera ein ny innsats for å gjera det usynlege barnet synleg att. Tove Jansson er etter mitt syn ein nesten genial forfattar. Eg er blitt meir glad i barnebøkene hennar som vaksen enn eg var som barn. Kanksje det er eit kvalitetsstempel?

Den tredje boka eg vil ta med er ei bok eg fann i ein svensk bokhandel. Boka heiter «Flickan som inte fick finnast», og er skriven av Ethel G. Ericsson. Boka handlar om ei jente som aldri var ønska, og om oppveksten hennar saman med ein storebror og ei psykisk sjuk mor som misbrukar alkohol og tablettar. Jenta veks opp med grov omsorgssvikt, og kan ikkje fortelja nokon korleis ho har det. Det er ei sterk, hjarteskjerande og brutal bok, som alle vaksne burde lesa. Med litt sensur, las eg ho for den siste sjuandeklassen min. Det vart ein døropnar for gode og viktige samtalar om at ikkje alle barn har det likt.

flickan-som-inte-fick-finnas

Det slår meg her at gode bøker ikkje nødvendigvis høyrer til segregerte aldersgrupper. Den eine vaksenboka las eg som barn, den andre las eg for barn, og barneboka opppdaga eg som vaksen.

Den fjerde boka eg vil dra fram er ikkje ei enkel bok, men verka til ein forfattar. Då eg var tenåring, eller veldig ung vaksen, brann dette diktet av Wera Sæther seg inn i hjartet mitt:

I mange år

var mitt liv et eneste rop,

hvor skal jeg gå hen med mitt liv?

*

Jeg brant

i det veiløse

*

Da brant du deg inn i mitt liv

og sa vær varsom,

for verden gråter.

*

Tørr dens tårer med stillhet.

Wera Sæther

Eg oppdaga forfattren Wera Sæther. Ho har skrive i mange ulike sjangrar. Det som fascinerte meg mest, er den måten ho er journalist i eige liv på. Ho lever sterke historiar og skriv dei ned. Ho har levd i kollektiv med menneske med utviklingshemning, ho har budd blant fattige i India, og ho hudde i lag med den kreftsjuke mor si i siste fasen av livet hennar. Alt dette, og mykje meir, har ho skrive bøker om. Eg trur det er ho som har inspirert meg til bloggen eg skriv. Eg vil gjerne dela erfaringane mine om levd liv på same rause måten som ho gjer det.

Sidan det var fem bøker som var grensa, så må den siste boka bli «Veven», av Martin Lönnebo. Denne boka er vidareføringa av Wera Sæther sine ord: «Da brant du deg inn i mitt liv, og sa vær varsom for verden gråter. Tørr dens tårer med stillhet.» Martin Lönnebo er pensjonert svensk biskop og eit av dei menneska eg har møtt som har gjort sterkast inntrykk på meg. Møtet fann stad på Korsveifestival i Seljord, og det er ingen overdriving at hans måte å sjå på det å vera menneske på, og brann seg inn i livet mitt. I ei tid med haugevis av sjølvhjelpsbøker om korleis ein skal bera seg sjølv fram som eit vellukka og lukkeleg menneske, er det befriande å få sjå på livet saman med Lönnebo. «Veven» tek utgangspunkt i det å vera menneske grunna på ei djup respekt for livet, Gud og andre menneske. Grunnlaget for det han skriv er både erfaringar frå eit langt liv, og djupe innsikter frå menneske som har levd nær Gud opp gjennom kyrkjehistoria. Boka famnar det meste i eit mennekseliv. Kvart kapittel startar med ei pusteøving der ein pustar inn det gode og ut alt ein ikkje vil bera med seg. Kvart kapittel skal lesast kvar dag i ei veke for at ein skal få tid til å tenkja, og dersom ein gjer det på den måten, kan du ha boka med deg gjennom eit år. Sjølv har eg lese boka tre gonger, med andre ord tre gonger sju gonger. Dersom eg måtte plukka ut bare ei bok som har inspirert meg til å leva slik eg gjerne vil, så måtte det nok blitt denne. Det er fint at alle dei kvinnelege forfattarane får fylgje av ein mann. Lönnebo er verdig ein plass mellom kloke kvinner…

Veven

Eg håpar dette var svar på utfordringa di, Toril, og at svaret kan inspirera nokon til å lesa, eller kanskje til og med til å svara på den same utfordringa.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: