Skip to content

Solsikker, elgkarbonadar, sofa og brudekjole.

oktober 13, 2014

15439029662_3c254e2c33_k

Ein haustferie er forbi, og me er på plass att på jobb. På Eurospar har de nå fått inn julepynt, og på daglegvarebutikkane kan ein kjøpa seg magasin av typen «Alt til jula», samt peparkaker og julemarsipan. Eg må innrømma at eg så langt er uendeleg fjernt frå akkurat det moduset, me har jo nesten ikkje fått avslutta sommaren. Men i dag var det umiskjennelege drag av haust i lufta, og for mørkt til å sykla utan lykt.

Haustferien vart så fin. Det var så fint å få litt tid med barna i Oslo og familien i Bærum. På biletet over har me kjøpt med oss solsikker til ein av middagane hos Eva Mari og Henrik. Eg er veldig glad i solsikker. Dei er fargesterke og robuste og fulle av sol. Eg vel ofte solsikker dei gongene eg finn det når eg skal kjøpa med meg blomar til nokon.

Før me reiste, fekk me sjå ein gjenfunnen skatt som Eva Mari hadde kome over då dei rydda ut huset etter svigerforeldra mine. I ei øskje signert ein sybutikk på Karl Johan, låg brudekjolen til Gerda Roede Holmboe, som vart gift Harboe og mor til min svigerfar. Han må ha lege der i minst 95 år. Kjolen er i kvit silke og tyll med Gatsby-snitt. I same øskja låg sløret, lange kvite hanskar i mjukt, mjukt skinn med skinndekka knappar oppover langs underarmen og eit par kvite silkebrokadesko med snellehæl. Noko som me fann ut måtte ha vore myrtekransen ho hadde i håret, låg der og, i tillegg hadde dei teke vare på champagnekorken som var belagt med sølvmaling. Ein cape i mjukt minkskinn dukka og opp på same tida. Alt saman både eit minne om ei svunnen tid, og om ein økonomisk velstand som vel var dei færraste forunt på den tida. Om barna mine reknar opp sine oldeforeldre og tippoldeforeldre, så har me vel heile tverrsnittet av samfunnsklassar. Akkurat det skulle vel vera eit teikn på at verda har gått vidare. Dei er flotte desse gamle kledeplagga. Det er litt trist at eg aldri fekk møta henne som bar dei ein gong.

image

image

På turen over fjellet heim att, kunne me tydeleg merka forskjell på mindre enn ei veke. Naturen var endå meir haustkledd, og i dei høgaste partia stod trea tome for lauv allereie.

15299819328_7d6b832447_k

Og fint er det ute i naturen i oktober.

15299736458_95250fc094_k

image

image

Me stoppa på Nutheim, på eit hundre år gammalt gjestgiveri og åt lunsj. Dei hadde allereie personalet på ein folkehøgskule på besøk, men me fekk ei heil peisestove for oss sjølv, og åt nydeleg heimelaga mat, for mitt vedkomande vart det elgkarbonadesmørbrød:

image

image

Me kom heim til fint og nyslipt golv.

image

Men me kjende oss som dyremishandlarar. For første gong hadde kattematarane bare gitt Cleopatra mat på trappa fordi me ikkje kunne ha kattepotar i våt lakk. Me vart møtte av diverse framande kattar, men vår var ikkje å sjå. Eg såg for meg at den store rufsete svarte hankatten hadde jaga henne vekk og levd godt på hennar mat. Eg ropte og ropte på katten heile kvelden medan det kokte opp til stiv kuling ute. Det mjaua overalt når eg ropte, men dei kattane som kom og ville inn var ikkje den katten som bur hos oss. Eg hadde kolsvart samvit og såg for meg at ho var i ein elendig forfatning. Ein halvtime etter at me hadde gitt opp ropinga og gått og lagt oss, høyrde me kjend mjauing utanfor soveromsvindauget, og for første gongen fekk ho ligga litt i senga vår og mala etter at ho hadde sett til livs dobbel porsjon middag. Det er elles bare Sunniva som liker å ha henne på puta når ho søv. Dagen etter ville ho mest ikkje ut, men så var mishandlinga gløymt og tilgjeven. Me hadde laga mjuk katteseng i garasjen, men eg har ein mistanke om at det er den svarte hankatten som har vore der.

image

image

Etter ein dag saman med Tove, og ein jentetur med bading i lag med Torhild, var det på tide å prøva å få gjort litt heime. Me fekk både feira mor sin gebursdag og kjøpt nye sofaar. Nå er me på jakt etter nytt spisestovebord med stolar, for alt me hadde av slike møblar i stova var veldig, veldig nedslite. Eg har eit litt splitta sinn til oppussing av heim og innkjøp av møblar, men det får eg skriva meir om ein annan gong…

Sa eg forresten at det er fint ute nå? Ja, det gjorde eg viss…

image

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: