Skip to content

Takk

oktober 19, 2014

image

Ei eg kjenner har lagt inn ein alarm på mobilen kvar dag klokka halv ti om kvelden. Når alarmen går, må ho inn og svara på ein del spørsmål på ein app ho har lagt inn. Eit av spørsmåla er: «Har eg vore takknemleg i dag?» Det er ikkje eit dumt spørsmål å stilla seg med jamne mellomrom, og det er ikkje for ingenting dei i den engelsktalande verda gir kvarandre det gode rådet «Count your blessings». Me har verkeleg uendeleg mange ting å vera takknemlege for me som har trukke vinnarloddet i det store lotteriet og bur i eit land der alle har nok reint vatn å drikka, og ingen treng å bekymra seg for om dei kjem til å få mat og tak over hovudet det komande døgnet. I alle fall er det slik for dei aller fleste av oss.

I dag har me stor innsamlingsaksjon til «Kirkens nødhjelp» sitt arbeid med å skaffa drikkevatn til menneske som ikkje utan vidare bare kan skru på kranen på kjøkkenet. I kyrkja i dag feira me hausttakkefest. Døypefonten som dei tre barna vart døypte i var pynta fint med tomat og brokkoli. Altaret var pynta med grønsakar og ein prosesjon beståande av trøtraktorar kom køyrande inn i lag med dåpsfylgjet bak prosesjonskorset. Me er litt merkelege her i sørvest…

image

image

Ungane vart inviterte inn til eit orkester leia av organisten, der dei skramla med innsamlingsbøsser og andre ting som laga pengelydar for at me ikkje skulle gløyma å ha pengane klare til innsamlarane kom. Etter gudstenesta var det innsamlingstivili med sal av lappar, pølser, traktorvafler, lapskaus og saft. Ein kunne og betala pengar for å prøva å gå med ei bøtte vatn på hovudet, eller hiva våte svampar på presten. Det hender rett som det er at eg er stolt over og takknemleg for den kyrkja eg høyrer til i.

image

Nå prøver eg å sortera papirbunker på arbeidsromet mitt samtidig som eg bakar skulebollar til den vesle dugnadsflokken som forhåpentlegvis dukkar opp om ein halvtime for å hjelpa oss å bera pianoet på plass i stova.

I går fekk eg og vera med på noko kjekt. Eg var invitert til å halda kåseri/ lesa dikt på kvinnefrokost på Sandnes menighetshus. Sidan eg er glad i å reisa kollektivt…, og visste det skulle vera arbeid på toglinja, så var eg veldig tidleg på stasjonen for å kjenna meg sikker på å nå fram i tide. Det var ikkje heilt nevrotisk av meg, skulle det visa seg for toget var minst tjue minutt forsinka… Eg kom likevel til Sandnes i så god tid at eg kunne leika litt turist og fotografera i morgontome gater.

image

image

Den siste gata såg eg gjennom eit utstillingsvindu, med ekstra lys bak såg ho så koseleg ut…

image

Inne i menighetshuset var det pynta så fint i haustfargar med blomar haustblad og levande lys. Til og med på do var det pynta og stearinlyset blafra på vasken. Borda var dekka så koseleg og mottakinga var varm for ei som kom litt ukjend inn frå blåsten med ein ryggsekk full av bøker på ryggen. Det var eit ope arrangement for kvinner i alle sine beste aldrar, og nokon hadde laga kjempegod mat. Det var forskjellige paiar, heimebakt knekkebrød, ostar, frukt, jordbær og wienerbrød, og borda var dekorerte med fargerike salatar.

Etter ein lang og god frokost, og nydeleg musikk var det min tur. Temaet mitt var «Det handlar om å leva». For ei fantastisk forsamling å fortelja, snakka og lesa dikt i. Til mi forundring var dei tjue diktsamlingane eg nokså opptimistisk hadde teke med meg vekke på eit blunk. Eg måtte laga lister over damer som gjerne ville kjøpa bøker slik at eg kunne senda dei til dei, og eg kom heim med bestilling på ca tretti bøker til. Eg var heilt overrumpla og i føremiddag måtte me ta ein leiteaksjon rundt i huset etter gøymde lager. Ei stund såg det ut som om me hadde for få av «Fotnoter i sanden», men så fann me nokre som Leif hadde teke med på jobb, så nå skal alle få. Eg funderer på om eg må bestilla eit nytt opplegg. Det blir litt ekstra-arbeid, men eg må jo innrømma at eg blir utruleg glad over at folk har lyst til å kjøpa av meg.

Sidan eg «jobba» litt som forfattar på laurdagen, tok eg med godt samvit fri nokre timar på torsdagen og Gjekk tur og åt lunsj med Gunn som hadde eit anna ærend på Bryne og dermed plutseleg var i nærleiken. Det var fint.

image

På torsdag var eg på julemesseverkstad med eit knippe syglade damer. Nå nærmar det seg julemesse i kyrkja og på torsdag laga me påskeforkle og juleenglar. Det høyrer med til ei skikkeleg julemesse å ha ein del heimelaga ting, det blir jo ikkje akkurat timepris me kan ta for det me lagar, men me har det veldig koseleg mens me held på. Me avsluttar kvelden med te og litt kjeks og knekkebrød me tek med heimefrå.

image

I går var eg og Ingrid på besøk hos syster og åt god ovnsbakt kyllingrett med påfylgjande avslapning i stova. Hausten er tida for å kosa seg inne. Desse dagane har det vore ganske haustleg med heftige kastevindar og regnbyger, så etter nokre turar ut for å få luft og trim, så er det godt å koma inn i varmen att…

image

image

I rle-timane på skulen har me jobba med urhistoriane i kristendommen. Sist veke fordjupa me oss i historia om Adam og Eva i Paradishagen, og denne veka handla historia om Noah og arken hans. Desse historiene er vakre og grusomme på same tida. Dei set lys på dei store spørsmåla om kva det er å vera menneske og kva som er mennesket sin situasjon og posisjon i verda. Det er fascinerande at dei framleis er historier som får barn til å lytta med gapande munn og vidopne auge, og vaksne til å reflektera og filosofera og kanskje likevel ikkje bli så mykje klokare enn ungane.

image

Eit stort klippe- og lime- gruppearbeid med ein vaksen og tjue sjuåringar opplevest gjerne litt kaotisk medan det pågår, og etterpå er alle stolte av resultatet og leiter seg fram til sine figurar. Det er mykje god læring i at din teikning kanskje ikkje alltid kan få ein fullt så framtredande plass som du hadde tenkt deg, og at det felles resultatet kanskje ikkje blir akkurat slik den eiskilde hadde tenkt seg. Samstundes er det noko flott med å laga noko saman som ingen ville ha fått til aleine. På same måten som eg er djupt fascinert av veldig gamle historier, så er eg ein stor beundrar av barnekunst. Det å laga ekte barneteikningar får me bare til så lenge me er barn. Dei har noko skakt, uforutseieleg og sjarmerande over seg som vaksne teiknarar bare kan drøyma om å få til. Nå må eg bli klar for formidlinga av historien om tårnet i Babel innan tysdag klokka halv eitt.

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: