Gå til innhald

Blåtoneskalaen 4 -Fordomar fordummar

oktober 19, 2014

image

Me har dei nok alle saman i større eller mindre grad. Forestillingane om at me veit korleis noko eller noko er, sjølv om me ikkje eigentleg har erfaringar som tilseier at me kan stilla rettferdige dommar om korleis det eine eller andre, for ikkje å snakka om korleis det eine eller andre er. Ein fordom er noko me bestemmer oss for å tru, meina eller vita før me har noko skikkeleg grunnlag for å gjera akkurat det. Fordommar kan vera ganske samansveisande. Alle ungar på Ålgård «visste» at dei var ganske galne både i Oltedal og på Figgen. Tenk så heldige me var som budde midt i mellom utan å ha teke skade av det. Det er lett å snakka nedsetjande om dei som stemmer på andre parti enn dei me sjølv kunne tenkt oss å gi vår støtte til, dei som tilhøyrer andre religionar enn den me eventuelt sjølv har, eller dei som tilhøyrer einannan kultur enn den ein sjølv er ein del av. Dette siste trengde for nokre tiår sidan ikkje vera meir kulturdramatisk enn at dei som gjekk på dans hadde fordommar mot dei som gjekk på bedehuset og dei som gjekk på bedehuset hadde fordommar mot dei som gjekk på dans.

For nokre år sidan skreiv ein prest ein andakt i ei avis, der han snakka om kor dumt det var å ha fordomar.- For å understrekja poenget, bekjente han at han og hadde fordommar sjølv om han ikkje likte å ha det og visste at det var dumt. Kva han hadde fordomar mot, traff meg som eit knyttneveslag i sjølvbiletet. Han innrømma at han hadde fordomar mot overvektige damer… I løpet av nokre minutt var eg i full alarmberedskap. Eg kjende meg tråkka på tærne og vart rett og slett litt fornærma, noko som i grunnen ikkje er likt meg. Eg fantaserte om å ringa han, eller skriva eit vennleg personleg brev, eventuelt eit ope brev i avisa der eg inviterte han til å drikka kaffi med meg ein plass. Eg skulle personleg påta meg å sjarmera han i senk slik at han ein gong for alle la slike fordomar i ei evig og velfortent grav. Heldigvis innsåg eg nokså fort at det hadde lite for seg, så eg sette aldri planen ut i livet. I staden fortalde eg meg sjølv at hovmod ikkje førde nokonstads hen, og at eg faktisk ein og annan gongen var nøydd til å vera ei slags høgst utilsikta skyteskive for andre sine tåpelege fordomar. I løpet av åra har eg til og med gløymt kven den stakkars presten var, i alle fall nesten, og det er sikkert like bra. Nå kunne eg snublande fort ha gått i same fella gjennom å audmjukt ærleg bekjenna kven eg har fordomar mot, men det skal eg vakta meg vel for å gjera. Eg likar forresten å tru at eg ikkje har så mange…

For ikkje så lenge sidan kjøpte eg eit eksemplar av Magasinet og fekk meg ei litt liknande oppleving. Eg blar meg alltid med ein viss spenning fram til lørdagsportrettet for å sjå kven eg skal bli betre kjend med denne veka. Det viste seg til mi glede å vera Bjarne Brøndbo. Eg må innrømma at eg synest at mannen eg veldig sjarmerande, sjølv om ein del av dei eg kjenner, utan å nemna namn, sjølvsagt har litt fordomar mot DDE. Der vart han spurd kva han mislikte og han sa at han sterkt mislikte avholdsfolk fordi dei var kjedelege, fordømande og fulle av fordomar. Der fekk eg den. Eg må innrømma at eg er så lite politisk korrekt at eg ikkje drikk alkohol, og dei siste åra har eg heilt og fullt fortent merkelappen «avholdsmenneske». Eit minutt og to var eg i full gang med i fantasien å kontakta Dagbladet for å høyra om dei kunne arrangera eit treff mellom meg og Bjarne Brøndbo, gjerne med kaffi, heimelaga ripssaft og vaflene mine, som er ganske gode, med det formål å sjarmera Bjarne Brøndbo heilt til han aldri skulle seia eit stygt ord om eit avholdsmenneske meir i heile sitt liv. Den planen fall og til grusen før han vart gjennomførd.

Me trur kanskje alle at det er me som står med beina på jorda medan andre svever rundt i merkelege villfaringar. Sjølv om dei fleste av oss har vett til å ikkje seia det høgt, så trur me vel på sett og vis at me sjølv er fornuftige og normale menneske, medan ein del andre derimot… Minoritet eg… Ok då, eg er ei middelaldrande overvektig kristen avholdskvinne frå «bibelbeltet», og til alt overmål skriv eg nynorsk. Jo takk, kjenner typen… Verre kan det kanskje ikkje bli… Ho er lærar og, akkurat…

Og mine relativt fattige erfaringar på å kjenna meg misforstått og førehandsdømd er utan tvil ingenting i forhold til dei som verkeleg kjenner på andre sine skeive blikk. Eg er over gjennomsnittet interessert i menneske, eg likar menneske, den som lever sjølv og i tillegg omgir seg med andre menneske har til ei kvar tid noko ein kan le godt og lenge av… Eg hadde ein gong i min litt opprørske ungdom ein diskusjon med far min. Han meinte eg var i overmål naiv når eg hevda at absolutt alle menneske hadde noko med seg som gjorde at ein kunne ha glede av å bli betre kjend med dei. Far meinte at eg ville oppdaga etterkvart at det slett ikkje var alle menneske ein hadde interesse av å bli venner med. Han ville nok mellom anna beskytta meg mot alt som vondt var, for sjølv er han i mine auge eit veldig godt eksempel på eit menneske som viser andre vennleg respekt. Det er ikkje den verste eigenskapen ein kan ha når ein jobbar i politiet.

Ungane mine kjem sikkert til å kunna seia masse rart om den oppdragelsen dei har fått og ikkje fått under mine og faren sine for det meste velmeinande venger. Dei kan sikkert fortelja om mykje gale som er nesten heilt sant. Det eg likevel håpar dei seier er at dei er oppdregne til å møta andre menneske med respekt. Om dei rydda romet sitt, kom heim til middag eller teikna litt på veggene var ikkje alltid like farleg…

Ein gong for lenge sidan høyrde eg ein sikkert litt tåpeleg barnesong som har festa seg mellom øyrene mine. Eg meiner likevel bestemt at det er noko sant i han:

Det finnes gutter,
det finnes jenter,
det finnes damer og menn,
men alle er de mennesker,
som du kan ha til venn…

Du går glipp av mykje spennande om du ikkje vågar å verkeleg lytta til menneske som ikkje liknar på deg. Me har alle ganske overraskande sider om ein bare vågar å ta seg tid til å finna det ut…
Og viss nokon fiksar eit treff mellom meg og Bjarne Brøndbo, så kan det tenkjast at eg stiller opp…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: