Gå til innhald

Den store musikken.

oktober 26, 2014

image

Med ein ekstra time i dette døgnet, må eg kunna klara å få tid til å skriva litt her. Biletet over er frå fredag. Torhild er innom meg på eit kort lunsjbesøk og spelar og syng:

Vegen hem var mørk och lång och ingen har jag møtt,
Nu blir kveldarna kjøliga och sena…

Det har blitt meir musikk denne helga. I går var eg invitert til Gausel kirke der Ernst Th Monsen feira sekstiårsdagen sin med ein storslått konsert med dei tre kora han dirigerer saman med dyktige musikarar. Han hadde arrangert ein tekst eg skreiv ein gong for lenge sidan til fellessong for storkoret, og inviterte meg og Leif til å koma og høyra. Han løfta ein ganske enkel tekst frå mi side opp til dei store høgdane gjennom eit utruleg stilig arrangement. Konserten vart rett og slett eit skikkeleg høgdepunkt. Eg elska kantaten over «Go down Moses», musikken han hadde laga til minne om mor si med foto til på storskjerm og då dei tre kora med mennene først kom marsjerande inn på to rekkjer med raude faner medan dei song «Can you hear the people sing?»

Mest av alt var eg fascinert av all musikken som bare strøymde ut av hendene og kroppen til Ernst Th Monsen medan han spelte og dirigerte samtidig. Tenk å ha så mykje musikk i seg… Den musikken eg har inni meg, finn ikkje lett vegen ut. Det blir helst gjennom ord. Sjølv om eg har ein melodi i hovudet, så er det slett ikkje alltid eg får til å syngja han så pass reint at andre kan kjenna han att ein gong, og visst har eg gjort halviherdige forsøk på å bli venner med både piano, gitar og fløyte. Utan å underdriva mine evner det aller minste, så kan eg melda at resultatet er svært lite sprekt. Eg skulle svært gjerne kunna synga og spela. Til alt overmål så kunne eg samanlikna meg med dama på det øverste biletet, som i ein alder av fem år var i stand til å spela ein melodi ho hadde høyrt på radio på trekkspelet sitt. For meg var det nesten magi. Men dette skulle ikkje handla om meg. Takk til Ernst for i går! Det var og kjekt å få sjå på Inger, Ingrid og Kirsten som song i koret.

Heldigvis så har eg funne meg ein mann som tok musikk og piano med seg inn i heimen, så det er blitt mykje musikk her og.

image

Fasiten med fire vaksne barn er at ein av dei spelar piano med stor glede og lidenskap. Dei andre har lagt fiolinar, althorn og eufonium på ei eller anna hylle for godt. Fiolinen vart parkert etter eit halvt år, korpslivet varte lenger. Men ei av dei syng og skriv og ho som ein gong prøvde seg på fiolin vil heller teikna, mala og skriva. Det er då ein god del musikk i slikt og. Men den verkeleg store musikken oppstår når me alle deler det me har av gåver, evner, varme, godleik, erfaringar og levd liv. Då blir det musikk då…

image

Her er far like gammal som eg er nå, og det rare er at biletet vart teke sånn omtrent i går. Det er noko merkeleg med rytmane i livet.

Me ryddar og ryddar, og eg fann ein del fotografi eg nesten hadde gløymt eksisterte. Det er fint med ei roleg hausthelg med regn, vind og mørke. Då får ein tid til å stoppa opp og halda fast. Fredag vart dagen for barndomsvenninner. Først dukka Torhild opp, og så kjørde eg og Jane til Sirdalen for å besøkja Rita. Det var så fint det og. Karin vart forhindra i siste liten, og kunne ikkje vera med på turen. Eg sender ein varm tanke til henne om ho les dette.

Eit godt råd til dei som er yngre enn meg; Hald fast på vennene. Eg er så glad eg har venner som eg har kjend lenge. Dei «eldste» venninnene mine har eg kjend frå eg var henholdsvis seks og sju år. Tenk så mange referansar me har til kvarandre sin barndom, og alt me bare veit om kvarandre, fordi me var barn saman. Mykje kan forteljast om ein oppvekst, men å ha vore der sjølv er noko anna. Det same gjeld i grunnen dei vennene eg har frå me var femten år, atten år og tjue år. Samlevde erfaringar skal ein ikkje undervurdera. Å få nye venner er vidunderleg det og, bare så det er sagt. La oss samla på kvarandre så lenge det heiter i dag…

Og så kunne dette med familie fått eit eige avsnitt. Syster mi har sånn ca ein million nære venner, men ingen av dei heldt henne på fanget då ho var nyfødd, og ingen av dei hugsar då ho lærte å gå. Ingen av dei veit på same måten som meg korleis det er å ha den same mora og den same faren som oss, og ingen andre enn broren min hugsar korleis det var då me var tre og fire år og leita etter brusflasker som morfar hadde gløymd for oss. Me skulle verkeleg ta vare på kvarandre.

I går samla me saman det me kunne finna av systrer og døtrer og feira syster sin gebursdag med jentelunsj borte hos Ingrid. Her poserer May Brit og Vilde saman med Oscar i Ingrid sin nyoppussa kjellar.

image

Me putlar på så godt me kan her i den barnetome heimen me og. Me ryddar og ryddar og kjører langs vegane for å inspisera møbelbutikkar og finna det me treng til stova. Eg har funne ut at den oransje sofaen er minst sytten år etter å ha studert gamle bilete, så det er vel på tide. Heldigvis har han fått nytt liv på loftet. Det er forvirrande å orientera seg i ei nokså ukjend verd av interiør, for eg kan ikkje seia at det er noko eg har brukt mykje tid til å grubla på. Nå grublar me oss gjennom estetiske, økonomiske og etiske problemstillingar kring innreiinga av ein heim. I tillegg kjem det praktiske: Vil ein lysegrå ullstol få eit verdig liv heime hos oss? Eg vil jo ikkje ha ei stove som ikkje toler barn og dyr, eller for å seia det endå ærlegare, som ikkje toler min måte å bruka ho på… Det er forvirrande, men sjølvsagt er det litt kjekt og. Eg ser for meg ein scene frå den gamle filmen «Norske byggeklosser» med Rolf Wesenlund der venner og bekjente kjem for å sjå på stova hans. Først smiler dei hånleg, då ler dei til dei skrik…

Det eg må passa på å ha tid til i tillegg til alt ein må og vil og bør, er å skriva. Det vil eg så gjerne gjera, men timane flyt så fort forbi… Men nå fekk eg i alle fall fylt timen eg fekk i gave med noko fornuftig… Gave og gave, dei lånte han vel av meg i vår ein gong, men slikt får me sjå stort på. Eg har meir å skriva om, men det får bli eit heilt nytt innlegg. Nå er timen brukt opp. Nå er det kaffi og avis og ingen andre sundagsplanar enn ein gudsteneste i kveld. For ein luksus!

Heidi

One Comment
  1. Hei!
    Så kjekt å finne bloggen din 🙂
    Skal nok finne innom deg igjen.
    Takk for at du vil la meg få bruke teksten din.
    Nettet inneheld så mangt, og ikkje alltid så godt å vite dette med Copyright og slikt.

    God søndag!
    PS: alle søndagar burde ha ein time ekstra 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: