Skip to content

Alle mine mødrer

november 16, 2014

610471

I det det siste har eg lese mange bøker om oppvekst, og bøker der folk skriv om mødrene sine. I løpet av hausten har eg lese Anne B Ragde sine fargerike skildringar av mor si, og Tove Nilsen sine skildringar av far sin og mor si. Det slår meg kor utruleg mykje heilt ulikt innhald omgrepet «mor» kan ha. Alt etter kva ein har vakse opp med så kan normaliteten strekkja seg nær sagt til det uendelege, for alle kjenner me vår eigen barndom frå innsida, og tenkjer vel at det me har vakse opp med er det vanlege og normale. Det er og lett å tenkja på den barndomen ein har gitt eigne barn som ein heilt normal barndom…

Eg har og tenkt litt på ordtaket om at » It takes a village to raise a child.» Sjølv har eg i løpet av livet hatt fire personar eg rettmessig har kalt …mor, og alle har vore med på å forma meg og livet mitt, og til ei viss grad og barna mine. Først er det sjølvsagt rett og slett mor mi. Slapp av mor, om du av ein eller annan grunn skulle lesa dette. Dette er på ingen måte noko forsøk på å skriva biografien din, og slett ikkje etter modell av Anne B Ragde og dei andre. Eg kalte mor for mamma til eg var tre- fire år. Det kan eg godt hugsa at eg gjorde, men sidan ingen » store barn » på Jæren sa mamma og pappa stort lenger enn til dei hadde lært å snakka reint, den gongen på seksti- talet, så vart det fort skifta ut med det litt vaksnare ordet mor. Eg kan hugsa at eg syntest mor var vakker, og at ho lukta godt av noko frå ei sprutflaske som heitte yaxa. Mor brukte leppestift, og nokre av venninnene mine misunte meg å ha ei mor som brukte leppestift, for det hadde ikkje dei. At ho var ung då eg vart fødd, yngre enn mine døtrer er nå, tenkte eg ikkje over før eg vart vaksen.

image

Mi andre mor var mormora mi, som eg alltid har kalt bestemor. Ho hadde ikke fylt femtiåtte år då eg vart fødd, men eg tenkte alltid på henne som ei litt gammal bestemor. Ho gjekk i ermeforkle og hadde grått hår fletta i dult i nakken. At ho hadde ganske store helseproblem var noko eg aldri tenkte på og ikkje reflekterte over før eg var vaksen. Ho sleit med gikt, og gjekk ikkje lenger enn ein tur ut i hagen på fine sommardagar. Dei første fire åra mine budde me i det same huset, og så budde me i nabohuset i halvanna år før me flytta til Ålgård der eg vaks opp. Bestemor hadde ubegrensa med tid til oss barna, og ho kunne bruka heile dagar på å sy dokkeklær til dokkene mine eller fortelja om oppveksten sin på Figgen. Morfar var uføretrygda. Han var den som sykla til Bryne for å handla, laga middag og gjekk turar med oss ungane. Han kunne gjerne ta seg ein ekstra sykkeltur for å kjøpa brus og wienerbrød dersom det var ver for å sitja under parasollen i hagen og drikka brus og kaffi rundt det runde bordet. Bestemor var redd mangt og mykje og var ganske pysete på ein del ting. Dersom det skulle knusast egg på kjøkkenet gjekk ho inn i stova mens morfar gjorde det fordi rå egg var då ufysne. Bestemor sa at eg var heldig fordi eg hadde så veldig mykje fantasi. Eg forstod ikkje heilt kva fantasi var. I stova hadde ho eit gammaldags kabinett der me kunne spela 78-plater, og dersom eg var forsiktig fekk eg gjera det heilt sjølv, og musikken om «Hvite måke», » De nære ting» » Rosen og sommerfuglen»og » Møllerens Iren» fylde stova. Aller best likte ho sjølv å høyra Jim Reeves syngja «Adios amigo, adios my friend». Me forstod sikkert like lite sidan han song engelsk, men det forstyrra meg nok meir enn henne å ikkje forstå. Bestemor var min nære allierte til ho døydde nitti år gammal på sjukeheimen. Alle åra eg budde borte og studerte fekk eg brev frå henne kvar veke, og då eg flytta heim var eg på besøk minst ein gong i veka. Det hender framleis at eg drøymer at ho er i live, og at eg sit på kjøkkenet hennar og pratar med henne.

Mi tredje mor, farmor, var travelt oppteken arbeidskvinne. Ho stod tidleg opp og gjekk i fjoset før ho laga frokost og kokte egg. Så gjekk arbeidsdagane i eitt med matlaging, utearbeid, stell av høns, sal av egg, koking, baking, strikking og brodering. Medan bestemor sende morfar ut på sykkel for å kjøpa brød og bollar, bakte farmor alt brødet sjølv, ho laga kjøtkaker av kjøt og fiskekaker av fisk, ho kokte høner i timesvis på komfyren og hermetiserte pærer og plommer. Ho laga til og med isen sjølv, og dersom ho måtte, så trur eg nesten ho kunne stått for slaktinga sjølv og. Farmor sa ein gong til mor at husarbeid nok ikkje var det som låg mest for meg, og det kunne ho vel ha rett i. Hos farmor vart ein sett i arbeid, sjølv om det i grunnen bare var småting i forhold til alt ho sjølv hadde føre seg. Ho lærte meg å dekka bord og å vaska opp, eg plukka bringebær, gjekk på butikken og henta folk inn til middag. Eg hugsar ein sommar eg var der ei stund aleine at eg til og med klarte å henta inn kyrne frå beite og få dei på bås. Det hadde eg aldri tord nå, og då som nå syntest eg at kyr er ganske store dyr. Likevel var me alltid med farmor og farfar i fjoset når me var hos dei for å snakka og gå i vegen… Det gjorde inntrykk på meg at farmor og farfar kvar einaste dag etter fjosstell og frokost sette seg ned i stova for å høyra nyheiter og morgonandakt og at dei falda hender og bøygde hovuda under Fadervår. Dei to besteforeldreheimane mine var veldig ulike, men det var ikkje forvirrande i det heile tatt. Det var på den eine måten den eine plassen og på den andre måten den andre plassen og til saman gav det eit breitt erfaringsgrunnlag. Eg er djupt takknemleg for at farmor framleis er der, sjølv om ho sjølv seier at mykje ikkje er som før nå når ho snart er hundre år.

Den fjerde mor mi, var ho som vart svigermor mi. Ho forma meg sjølvsagt ikkje på same måten som dei andre, sidan eg av naturlege grunnar var vaksen då eg møtte ho, men ho var likevel det kvinnelege midtpunktet i noko som vart ein til heim for meg. Ho var Oslojente og oppvaksen i byen og hadde ein heilt annan erfaringsverden enn dei andre tre. Ho tok seg ubesværa fram på overfylde bussar så lenge ho var i stand til å gå på beina, og var på mange vis den mest sjølvstendige av dei alle. På trass av at ho på det punktet eg møtte ho var overlegefrue frå Bærum, så var ho eit av dei mest nøysomme og usnobbete menneska eg har møtt. Ho møtte og meg og dei andre svigerdøtrene med ein rausheit og eit storsinn som eg sette umåteleg stor pris på. Gjennom nesten tretti år rakk eg å bli godt kjend med henne, og eg er oppriktig takknemleg for at det vart akkurat ho som vart farmor til ungane mine.

For dei har og vore så heldige å veksa opp med fleire parallelle heimar, dei har kunna betrakta livet både frå vår stove og frå heime hos mormor og morfar og farmor og farfar. Dei har til og med blitt ganske godt kjende med oldemor i Vats, og dei to eldste har minne om oldemor på Bryne og. Det kan vera godt å ha fått med seg mangfaldet.

Då me flytta til Ålgård såg eg og at mødrer kunne vera heilt forskjellige, men dei aller fleste var varme, vennlege og interesserte. Det var flott å bli kjend med mor til Grete Iren, mor til Trude og mor til Torhild. Seinare vart eg kjend med mor til Karin, mor til Jane og mor til Rita. Dei var heilt ulike, men alle saman damer å bli glad i. Mor til Sissel fortener å bli spesielt nemnd. Der i huset følte eg meg nesten som ei reservedotter så godt vart eg motteken. Takka vera alle dei vaksne eg kjende fekk eg kjennskap til ulike kyrkjelege miljø, baptistar, pinsevenner, adventistar, noko eg sugde til meg som ein svamp. Takka vera besteforeldra mine føler eg meg knytta til bondelivet så vel som til arbeiderrørsla. Alle ungar skulle få oppleva å vera barn i forskjellige heimar, ein ser ting frå heilt andre vinklar så lenge ein er eit barn, og eg trur det gjer noko positivt med ein å oppleva mangfaldet.

Og dette er ei oppfordring til vaksne som les dette. Me har ein unik sjanse til å inkludera barn me blir kjende med i det som er kvardagsleg for oss og viktig for oss, ja rett og slett til å bli kjende med dei. Dei fleste ungar omgåst vaksne i meir profesjonelle settingar nå som barnehage, skule og SFO, og det er kanskje ikkje så vanleg som før at dei på ettermiddagstid går ut og inn av forskjellige heimar og lever liva til dei som bur der? La oss møta barna som heile menneske og trygge vaksne same om me er på jobb eller ikkje når me møter dei.

Dette vart ein lang tekst med utgangspunkt i at eg vart så inspirert av Anne B Ragde og alle dei andre. Eg veit at teksten har ei slagside sidan han omhandlar mødrer og ikkje gir så mykje plass til fedrene. Sorry alle fine mannfolk, det var slik det skulle vera akkurat i dag. Eg har lyst til å avslutta med eit av dei finaste mødre-dikta eg veit om, skrive av Marie Takvam:

image

Jord.
Mørker og mors mjuke lekam.
Håret hennar silande som tjære
mellom fingrane mine.
Lukt av hassel frå hårbotnen.
Hendene som strauk
over andletet mitt
raspa med moldherda hud.
Blomen min, vesle blomen min-
høyrde eg kroppen hennar kviskre
or natt og tung svevn.

Marie Takvam.

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: