Gå til innhald

Luke ti -Lær deg å surfa

desember 10, 2014

image

Eg har hatt ein kjempekoseleg kveld med Odd Christian, me tok oss ein øvekjøringstur og havna på Kvadrat. Me bestemte oss for å gå inn og handla nokre småting eg trong, og ta ein kopp kaffi. Eg blir glad av nokre timar i lag med den eldste sonen min. Han er positiv, blid og tålmodig. Me tok oss ein kaffipause og drakk capuccino medan me kikka på folk.

image

Av og til er eg lett å mora. Eg kom heilt i fjollehumør av å finna desse bordkorthaldarane i ein butikk. Ein halshogd brudgom eller konfirmant med spiral til å festa namnekortet i på toppen. Eg måtte kjøpa med meg ein, som eg tok bilete av og sende til Ingrid saman med ei melding om at dei var så billige at eg likegodt hadde kjøpt hundre til bryllaupet i juli. Dessverre klarte eg ikkje heilt å få dei til å tru på det. Her må eg leggja inn eit unnskyld til alle som eventuelt har pynta bordet med nettopp slike…

Denne fine teksten frå eit kort får bli dagens visdomsord:

image

Ute regnar det framleis heftig, og på vegen heim fekk me ei skikkeleg haglbyge med innlagd lyning. Heldige er me som har tak over hovuda.

Heidi

From → advent, Barna mine

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: