Skip to content

Christmas shopping – luke elleve

desember 11, 2014

image

I dag i eit av friminutta såg eg at eg hadde fått ei melding. Eg lurte på kven som sende meg melding midt på føremiddagen… Det viste seg å vera ein sms frå ein klesbutikk der dei inviterte til christmas shopping. For å bruka lokal dialekt som ein kontrast til meldinga så «kom eg på låtten». Er det det det heiter på Jæren nå? Ja, for me driv vel ikkje med noko så bakstreversk som julehandel. I vår ein gong fekk eg den gode ideen å ta med meg førsteklassingar, som nettopp hadde knekt lesekoden, ned på det lokale kjøpesenteret for å jakta på ord me kunne lesa. Det var då eg oppdaga at ein veldig stor del av plakatane var skrivne på engelsk. Det stod store plakatar med «sale» overalt. Det norske ordet for det same var ikkje å sjå. Akkurat nå synest eg det heile er litt komisk, men kanskje det bare er meg som ikkje heng med i språkutviklinga…

Det har vore ein intens dag med jobb, møter og jobb igjen om kvelden. I dag morges vakna eg klokka fire og var vaken til eg stod opp klokka seks, det skjer nesten aldri, så eg må passa på å fortelja det når eg får prøvd meg som morgonfugl. Det var nok litt i meste laget å planleggja til i dag. I morgon har eg bare ein time hos tannlegen og eit julebord om kvelden som eg er ansvarleg for å møta opp til. I min optimisme sette eg ein tredobbel deig med safranskorper før eg gjekk på jobb i kulturskulen. Eg har jo så mykje safran i skapet, og dei vart veldig gode. Eg hadde gløymt kor lang tid det tok å steikja dei, så nå angrar eg litt. Men godt luktar det i huset, og i morgon skal eg ikkje opp klokka seks…

På veg heim i kveld måtte eg innom ein butikk. Der møtte eg ein ukjend mann som kom ut døra med ein kokosbolle i handa. Det intense lyset av glede i ansiktet då han løfta bollen opp for setja tennene i sjokolade og kokos fekk meg i godt humør. Eg siterer mitt eige dikt… » Eg plukkar smil på gata, eg finn dei ansikta til folk og legg dei i lommene mine. Ikkje alle er til meg, men det gjer ingenting…»

Og elles har det skjedd ting i dag som verkeleg er til å smila av, men det kjem eg tilbake til…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: